|
"Skulebibliotek for kunnskap og trivsel"
Plan for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande skular blir ført vidare gjennom ein ny planperiode, 2011-2015. I løpet av fem år har omlag halvparten av skulane i Hordaland fått bibliotekarressurs. Dei fleste har også fått fine, nye lokale i skulen.
Ny plan gir håp om at alle elevar i vgs i fylket skal få skulebibliotek som kan støtte læringsmiljøet og bidra til betre informasjonskompetanse og lesekunne. Erfaringar frå andre fylke viser også skulebiblioteket som eit atraktivt sosialt rom i skulen, ein aktiv aktør for integrering av minoritetsspråklege, og som endåtil kan spele ei rolle for å stimulere elevane og motvirke fråfall.
Sjå nytt plandokument her.
|