Prosjekt

Les også artiklar om prosjekta vi arbeider med på bloggen vår: Emneordsbloggen

Biblioteklandskap i endring
"Biblioteklandskap i endring" har som hovudmål å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek. Prosjektet omfattar tretti kommunar.

I Hordaland er det fem regionale biblioteksamarbeid som opererer i rommet mellom fylkeskommune og kommune. For å sikre utvikling, endring og innovasjon i folkebiblioteka i, skal ein gjennom prosjektet fylle dette rommet med partnarskapsavtaler, kompetanseutvikling, kommunikasjons- og samarbeidsverktøy og leik.

Fylkesbiblioteket er tildelt 500 000 kroner i støtte frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet i 2011 og i 2012.

Kontaktperson:
Ruth Ørnholt

 Prosjektnettstad

E-media i biblioteka i Hordaland
Fylkesbibliotek arbeider for å sikre alle innbyggjarane i fylket tilgang til digitale media som ebøker, lydbøker og film, formidla gjennom dei lokale folkebiblioteka og bibliotek i vgs.

Gjennom prosjektet "E-media i biblioteka i Hordaland" vil vi ta eit grep for å leie biblioteka i fylket gjennom prosessen med å starte opp utlån av elektroniske media, ein prosess som vil gje store utfordringar i krav til kompetanse og arbeidsmetodar i biblioteka.

Kontaktperson:
Elin Golten

 Prosjektnettstad

Poesislam i UKM
Gjennom prosjektet ”Poesislam i Ungdommens kulturmønstring” er målet at unge skal bli inspirert til kreativitet gjennom litteraturformidling, lesing og møte med forfattarar på skrivekurs.

Prosjektet handlar om å kople biblioteket som arena og litteraturformidler med unge som ønskjer å uttrykke seg skriftleg og framføre for andre.

Kontaktperson:

Ágúst Magnússon

 Prosjektnettstad

 

Avslutta prosjekt 

 

Den informasjonskompetente lærer
I samarbeid med Høgskolen i Bergen arbeider fylkesbiblioteket med eit prosjekt som fokuserer på informasjonskompetanse og skolebibliotekutvikling. Det er tre hovudmål i prosjektet:

  •  Å utdanne lærarar med digitale ferdigheiter og informasjonskompetanse, lært gjennom eige studie og praksis på skolar med gode skolebibliotek.
  • Å utvikle gode skolebibliotek på praksiskolar og eit lærarpersonale som er flinke til å nytte biblioteket som læringsressurs og læringsarena i si pedagogiske verksemd.
  • Å utvikle god informasjons-/digital kompetanse blant øvingslærarar knytt til Høgskolen i Bergen.
  • Å utvikle ein pilotundersøking som grunnlag for eit forskingsprosjekt om utvikling av informasjonskompetanse blant lærarstudentar og øvingslærarar.

Det er fem skolar med i prosjektet: Garnes, Tertnes og Varden (Bergen), Ulveset (Fjell) og Søfteland (Os). Prosjektet blei gjennomført i skoleåret 2009-2010.

Kontaktpersonar:
Ruth Ørnholt

Helge Skurtveit

Prosjektplan revidert 04.06.2009 finst her. (PDF)

Kartlegging av kompetanse og kompetansebehov
Fylkesbiblioteket gjennomførte våren 2010 ei kompetansekartlegging blant bibliotektilsette i Hordaland. Kartlegginga skal danne grunnlag for eit langsiktig kompetanseutviklingsprogram for biblioteka i fylket.
Les meir om prosjektet
Les rapport for kartlegginga av alle typar bibliotek(pdf)
Les rapport for kartlegginga av folkebibliotek(pdf)

Prosjektansvarleg:
Ruth Ørnholt
Prosjektleiar:
Elin Golten

Eldreveven - kreativ møteplass for eldre
Eldreveven.no blei lansert 1. juni 2006 og er ein nasjonal nettstad med kreative bidrag av og for eldre, og alle som er interessert i eldre sine ressursar. Eldreveven blei støtta av ABM-utvikling, og har vore Kulturnett Norge si satsing på eldre.
Fylkesarkivet har tatt over drifta av Eldreveven.

 Eldreveven

Prosjektansvarleg:
Ruth Ørnholt
Prosjektleiar:
Lena Glesnes

Utgreeing av vertskommunemodellen i Sunnhordland

I Sunnhordland har folkebiblioteka laget en rapport om utgreiinga av vertskommunemodellen.

Kontaktpersonar:
Ruth Ørnholt
Ágúst Magnússon

Utgreiinga (PDF)

Prosjekt Vidsyn
Prosjekt Vidsyn skal gjere folkebiblioteka i Hordaland til betre bidragsytarar til inkludering, integrering og mangfald. Gjennom konkrete tiltak vil ein utvikle ein standard for å kvalitetssikre biblioteka sitt møte med og tilbod til minoritetsspråklege.

 Nettstaden til prosjektet      

Den digitale bokbåtklubben
Ein vil utvikle ein digital versjon av Bokbåtklubben. Målet er å legge til rette for at brukarane skal kunne nytte digitale tenester for læring, lek og lesestimulering knytt til bokbåten som fysisk stad og Vestlandskysten som geografisk område. Den digitale Bokbåtklubben skal vere ein kanal for kommunikasjon, publisering og samhandling. Nettstaden blir ei vidareføring av opplevingar i det fysiske biblioteket til opplevingar i eit digitalt rom.

 Nettstaden til bokbåtklubben 

 

Digitalt og lokalt, 2004 - 2006
Hordaland fylkesbibliotek og Hordaland fylkesarkiv samarbeider med folkebiblioteka i fleire kommunar i Sunnhordland om å byggje opp ein regional modell for digital formidling og lokal forvaltning av historiske fotografi. Bildebehandligsmodulen i biblioteksystemet BIBLIOFIL blir nytta til å registrere bildene.

 Nettstaden til prosjektet 

 

Bokbåtprosjektet
Prosjektet var eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i bokbåtfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Målet var å teste bruken av profesjonell design og symbolbruk for å marknadsføre bibliotektilbodet til barn, ved bruk av bokbåten. Design og materiell som blei utvikla i prosjektet lever vidare i Bokbåtklubben, der elevar frå 1. til 7 klasse som besøker bokbåten i dei tre fylka er medlemer. I 2005 var det 1500 medlemer.

Sluttrapport, 2003

Breiband til alle i Hordaland
Gjennom prosjektet blei det delt ut støtte til kommunane i Hordaland for å kople folkebiblioteka til breibandsnettverk. Gjennom dei ulike delprosjekta blei det også prøvd ut nye tenester i bibliotek med breiband.  

Ta kontakt med oss om du ønskjer å få tilsendt brosjyren om Breiband til alle i Hordaland.

Rapport / brosjyre om Breiband til alle i Hordaland, 2004 

Sluttrapport for delprosjektet ”Grenselaust bibliotek” Interkommunalt samarbeid mellom folkebiblioteka i Granvin og Ulvik, 2003

Sluttrapport for delprosjektet "Biblioteksamarbeid på øya Stord", 2002

Sluttrapport for delprosjektet "Bibliotek med nye oppgåver", 2002

E-bok i folkebibliotek
Undersøking av e-bøker og e-boklesarar med bibliotekbrukarar og bibliotektilsette som "prøvekaninar".

Sluttrapport frå prosjektet, 2001 

Fugl Fønix
Utgreiing for Hordaland fylkeskommune om fylkesbiblioteket si rolle av Ragnar Audunson frå 2002.

Fugl Fønix – et nyskapt fylkesbibliotek for ei ny tid

Kunnskapsnettverk i Indre Hordaland
Programmet med seks delprosjekt hadde som mål å gjere det enklare for vaksne utdanningssøkjande. Deltakarkommunane var Kvinnherad, Voss, Ulvik, Granvin, Eidfjord, Kvam, Etne, Odda, Ullensvang og Jondal.

 Nettstaden til prosjektet

 Sluttevaluering frå prosjektet

 kursoversikt.no
Database med vaksenopplærings- tilbod frå offentlege kurstilbydarar og Vaksenopplæringsforbundet i Hordaland.

Modellbibliotek, Os vidaregåande skule, 2003 - 2006
Som ein lekk i arbeidet med handlingsplanen "Utvikling av skolebiblioteka i vgs. i Hordaland", arbeider fylkesbiblioteket med dette prosjektet saman med arbeidslaget Kompetansefylket Hordaland. Os vgs. er vald som vertsskole for modellbiblioteket.

 Sluttrapport, 2006

Meir informasjon om utvikling av skolebibliotek

Nettverk for livslang læring (NELL)
Hovudmålet for prosjektet var å lage modellar for samarbeid og koordinering av opplæring og utdanning for vaksne. Prosjektet hadde tre målgrupper, vaksne einskildpersonar, kommunalt tilsette og tilsette i næringslivet.

 Nettstad for prosjektet

Sluttrapport, 2001 

Nærinett - næringslivsinformasjon i nettverk
Europakontoret og fylkesbiblioteket inviterte ni kommunar med på prosjektet. Målsettinga var å skape konkurransedyktige næringsmiljø. Kommunane oppretta ei førstelineteneste med proaktiv formidling av EU/EØS-informasjon til lokalt næringsliv og kommunal administrasjon.

 Nettstad for prosjektet 

 Nyhetsbrev frå Europakontoret

 Vestnett, bedriftsdatabase for Vestlandet

PIVS - pedagogikk i verkstader for sjølvstudium
Gjennom å utvikle kompetansen til bibliotektilsette i rettleiing av vaksne var målet at biblioteka skulle bli betre læringsarenaer. Deltakarane gjennomførte eit 10-vekttalskurs i pedagogikk ved Høgskolen i Bergen og oppretta lokale læringsverkstader i folkebiblioteka.  

Sluttrapport, 2002

Skjønnlitteraturen - kunnskaps- og inspirasjonskjelde
I prosjektet var skjønnlitteraturen brukt som utgangspunkt og
inspirasjonskjelde for å diskutere verdispørsmål. Samarbeidspartar var kommunar i Hordaland, fylkeskommunen, Norsk forfattersentrum, avd. Vestlandet, Universitetet i Bergen og andre fagmiljø

Informasjon om prosjektet, 2000

tXt - eigen nettstad for ungdom og leselyst
I 1998 tok Statens bibliotektilsyn initiativ til å etablere ein nettstad for ungdom, i samband med ein landsomfattende lese- og skriveaksjon. Hordaland fylkesbibliotek fekk oppdraget. Aksjonen og nettstaden med same namn, tXt, er fortsatt aktiv og har som mål å stimulere til leselyst blant ungdom i alderen 14-16 år. Foreningen !les driver nettstaden.

Sluttrapport, 2001

 Nettstaden tXt

Vegen til ABM-kjeldene
Prosjektet vart sett i gang av Kulturnett Hordaland og fylkesbiblioteket hausten 2002 med prosjektstøtte frå Norges forskningsråd. Nettstaden er ei innføring i korleis ein kan bruke ressursane som ligg i arkiva, biblioteka og musea på ein konstruktiv måte.

 Nettstaden Vegen til ABM-kjeldene

 

18.04.2012 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart