Bokbåten på vårtur i Hordaland med Ola Bremnes og Eva Mørkeset
Bokbåten Epos er på vårtur i Hordaland frå 6. april til 26. april. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram kjem båten til kai 54 stader i 21 kommunar i fylket. Kulturprogram om bord frå 6. - 15. april er Ola Bremnes med framsyninga "Trøbbel i trapesen", og frå 16. - 26. april er det Eva Mørkeset med "Rødhette og ulven". Alle store og små er hjarteleg velkomen om bord på Epos! Les meir.
06.04.2010
Filmar om Meland bibliotek og Fjell folkeboksamling
Studentar i medievitskap ved UiB har laga informasjonsfilm om bibliotek og museum i Hordaland. Fjell folkeboksamling og Meland bibliotek fekk laga to veldig ulike filmar - kvar med sin eigen sjarm. Filmane kan brukast til å gjere biblioteka synlege på nettet og i sosiale media. Sjå filmane her: Meland bibliotek & Fjell folkeboksamling
06.04.2010
Ny bibliotekbuss i Lindås
Bussen er fleksibel, moderne og representerer noko heilt nytt på dette området. Biblioteksjef Marit Gro Berge presenterte den nye bussen på bibliotekmøtet på Hamar 17.mars. Sjå bilete frå opninga
her.
06.04.2010
Spørjeundersøking om kompetansebehov
Hordaland fylkesbibliotek gjennomfører no ei anonym spørjeundersøking for å kartlegge den totale kompetansebehaldninga og kompetansebehovet hjå bibliotektilsette i fylket. Svara vil gje grunnlag for ein strategi for kompetanse-utvikling. Dersom nokon i folkebibliotek, skulebibliotek i vgs, universitets- og høgskulebibliotek i Hordaland ikkje har motteke spørjeskjema til si e-postadresse, kan dei likevel delta ved å nytte lenka under. Svarfrist: 9. april
https://web.questback.com/hordalandfylkeskommune/bqt3g3syl6/
25.03.10
Drupal - brukt med suksess i danske bibliotek
Publiseringsverktøyet Drupal, som Hordaland fylkesbibliotek har valgt til å utvikle nettsteder for bibliotek i Hordaland, er brukt med suksess i danske bibliotek Denne uka ble to danske biblioteknettsteder fornya - med Drupal og søketeknologien TING. Biblioteka i København og Århus har nå fått en smidig integrasjon av katalogen, andre databaser og levende og sosiale nettsteder.
24.03.10
Folkebibliotekstatistikk 2009: Prognosar og trendar
Hordalendingane lånte 2,5 millionar bøker og besøkte biblioteket meir enn 2 millionar gonger i 2009. Det er auke i utlån og besøk i Bergen og tendens til nedgang i mindre kommunar. Fylkesbiblioteket har samla inn stikkprøvar frå statistikken til folkebiblioteka i Hordaland i 2009. På grunnlag av dette er det mogleg å sjå nokre trendar og utarbeide prognosar for utlån og besøk.
11.03.10
Bibliotekdagane 2010: Spel i biblioteket og ny bibliotekplan for Hordaland
Hordaland fylkesbibliotek planlegg bibliotekdagar 2. og 3. juni i Bergen. Første dag er ein konferanse med tema spel i biblioteket. Andre dag er reservert aktuelle bibliotekfaglegetema og ny bibliotekplan for Hordaland. Festspela i Bergen er samtidig, og fylkesbiblioteket vil reservere billettar til to forestillingar den 2. juni: Festkonsert for Ole Bull i Grieghallen og "Svartediket", ein Black Metal musikal på Den Nationale Scene/Småscenen. Meld interesse for festspelbillettar og overnatting på Terminus til fylkesbiblioteket@post.hfk.no innan 16.mars! Meir informasjon om program og påmeldingsskjema kjem.
10.03.2010
Spennande diskusjon om e-bøker
På Neptunseminaret blei det diskutert frå ulike synspunkt om e-bøker og lesebrett. På bloggen "Blogg og bibliotek" har Thomas Brevik frå arrangementsgruppa skrive referat av foredrag.
05.03.2010
Tildeling distribuert mediekjøp 2010
Fylkesbiblioteket si ordning med distribuert mediekjøp skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert materiale. I år er det 28 av 33 bibliotek i fylket som er påmeldt. Årets midlar er no fordelt på biblioteka som er med i ordninga. Sjå tildeling for 2010
24.02.10
Bibliotekas store årlege statistikkfest er i gang!
Kvart år leverer norske bibliotek inn ein grundig statistikk over besøk, utlån, arrangementa og mykje anna til ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Sjølv om bibliotekoppgåvene i ABM-utvikling no skal overføras til Nasjonalbiblioteket, skal statistikken samlast inn i år som i fjor. Fylkesbiblioteket har til oppgåve å samle inn statistikken frå folkebiblioteka og skolebiblioteka i Hordaland. Les meir om fristane og prosessen
24.02.10
ABM-kurset ”Ein smak av sosiale media” i gang i Hordaland
Fylkesarkivet og fylkesbiblioteket arranger i desse dagar kurs for museum, bibliotek og arkiv. Hordaland er plukka ut som eitt av fire fylke som får støtte frå ABM-utvikling til kursing i sosiale media, som til dømes bildedeling, blogging, RSS-feed (straum av nyhende), Facebook og YouTube. Les meir.
15.02.10
Rapport frå Sund og Øygarden sin studietur til Skåne
Tilsette frå biblioteka i Øygarden og Sund fekk i 2009 reisestipend frå Biblioteksentralen. Les rapporten frå studieturen til Skåne her.
15.02.10
Britannica Online School Editon (BOLSE)
I desse dagar blir eit års abonnement av Britannica, verdas eldste konversasjonsleksikon, si pedagogiske utgåve, BOLSE, lagt ut i læringsplattforma ITL. Det vil og kome ei lenke frå skolebiblioteksida. I prøveperioden har mange skolar fått presentasjon av dette flotte, pedagogiske verktyet, som tilbyr tre nivå; grunnskole, ungdomsskole og vidaregåande skoletrinn. I tillegg til tekst, inneheld databasen meir enn 23.000 bilete, grafikk og animasjonar til fri bruk.
15.02.10
Fylkestinget har løyvd kr 1 mill til skolebibliotek i vgs 2010
Fire nyoppretta stillingar var lyst ut med søknadsfrist 5.februar og forventa tilsetjing juni-august. Les meir!
15.02.10
Ny plan for bibliotek i vgs i Hordaland – oppstart våren 2010
Gjeldande plan for utvikling av skolebiblioteka går ut dette året. Den 18.nov.2009 vedtok Fylkesutvalet samrøystes å vidareføre arbeidet i ein ny, revidert plan. Han skal ta utgangspunkt i Kunnskapsløftet 2006 med større ”satsing på den digitale skolen og mål om tenesteutvikling og tilstrekkeleg bemanning”. Nyare revisjonar av Kunnskapsløftet skal også bli teke inn. Ein tar sikte på politisk handsaming i siste kvartal i år.
15.02.10
Stipend til deltaking på konferansen "Ny giv, seminar om voksnes læring"
Hordaland fylkesbibliotek ønskjer å støtte ein deltakar frå Hordaland til konferansen på Lillehammer 24.-25.mars 2010, og vil dekkje reiseutgifter (på billigaste måte), deltakaravgift og ei overnatting. Meld interesse til ruth.ornholt@post.hfk.no innan 23.februar kl. 16.00. Tildeling skjer seinast 26. februar. Meir informasjon og påmelding (Frist: 01.03.2010)
04.02.10
Neptunseminar 2010: E-bøker og bibliotek
Norsk fagbibliotekforening, Norsk bibliotekforening, Bibliotekarforbundet og Hordaland fylkesbibliotek arrangerer årets Neptunseminar om e-bøker og bibliotek onsdag 24. februar på Neptun hotell i Bergen. Vi trur at dette kan være ein god muligheit for ulike aktørar til å møtast for å presentere produkta/tenestene sine, og diskutere den siste utviklinga på området. Meir informasjon og påmelding (Frist: 12.02.2010)
19.01.10
Kurs om ny norsk skjønnlitteratur
Fredag 29.januar kjem Kjersti Torbjørnsen og Linn Tønnesen til Bergen for å snakke om eit utval av dei nye bøkene frå 2009, i hovudsak romanar. Foredragshaldarane er litteraturformidlarar i Rogaland. Dei to har tidlegare hatt eit liknande foredrag her, og då fekk dei gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Meir informasjon og påmelding (Frist: 21.01.2010)
18.01.10
Nyheitsarkiv 2009
Besøksadresse: Fylkeshuset 4. etasje, Agnes Mowinckelsgt. 5, Bergen Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Telefon: 55 23 93 76 Telefaks: 55 23 93 79 E-post: fbib@post.hfk.no
Telefon fjernlånet, Bergen Offentlige Bibliotek: 55 56 80 30
|