Erfaringer fra Mangfaldsåret
Fredag 13. februar arrangerte fylkesbiblioteket ein erfaringskonferanse om fleirkulturelle bibliotektenester. Konferansen markerte avslutninga på Prosjekt Vidsyn, eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og Fjell og Lindås folkeboksamling.
Betre standard
ABM-utvikling gav i 2008 tilskot til prosjektet.
Prosjekt Vidsyn skal betre standarden på folkebiblioteka innan kvalitet på tenestene og profesjonalitet mellom dei tilsette ovanfor minoritets-språklege. Som informasjonstilbydar, læringsarena og møteplass har biblioteka potensiale for å vere gode bidragsytarar til inkludering, integrering og mangfald.
Pilotkommune
Fjell har vore pilotkommune i prosjektet og har hatt prosjektleiing ved Anne Mette Lie. Gjennom prosjektet har ein utvikla gode døme til etterfølging, samt verktøy som skal gjere det enkelt for folkebiblioteka å satse på fleirkulturelle bibliotektenester, trass i ein svært travel kvardag i mange av biblioteka.
Samarbeid
Eitt av måla er å få alle folkebiblioteka til å danne eit samarbeid med mottaksapparatet for flyktningar og innvandrarar i kommunane, slik at ein introduksjon til kommunen også vil gje ein introduksjon til folkebiblioteket og dei tilbod ein finn der.

I samband med erfarings-konferansen 13. februar, vart det sett opp ei utstilling over bøker, filmar og musikk, både dei som kan fungere som ein introduksjon til Noreg og den norske kulturen, og dei som kan gje ei innføring til andre land og kulturar. Utstillinga var eit døme på korleis biblioteka kan bruke samlingane sine til å auke sosial og kulturell forståing mellom menneske.
Alle foto: Kristin Myren