|
Distribuert mediekjøp
Folkebiblioteka i Hordaland kan no melde seg på ordning med distribuert mediekjøp i 2012. Påmelding skjer her: www.hordaland.no/mediekjop Frist for påmelding er 11. mai 2012.
Fylkesbiblioteket har i år kr 350.000 til rådvelde til Distribuert mediekjøp. I tilegg er 50.000 avsett til innkjøp av e-bøker dersom ein får til ei felles løysing for dette i Hordaland. Dersom ei slik løysing ikkje kjem på plass i løpet av året, kan det bli aktuelt å utvida ramma for tildeling.
Hordaland fylkesbibliotek administrerer ei ordning for distribuert mediekjøp. Ordninga skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert materiale. Midlane blir tildelt med omsyn til kommunane sitt innbyggjartal. Bibliotek som deltek i eit forpliktande samarbeid, har høve til å søkje i fellesskap for heile eller delar av søknadsummen.
Folkebiblioteka står fritt til å disponere midlane dei får tildelt med omsyn til at ordninga skal ivareta folkebiblioteka sitt behov for meir spesialisert litteratur i samsvar med Retningslinjene for distribuert mediekjøp i Hordaland. Husk alltid å sjekke samsøket for Hordaland: http://hordaland.samsok.no før eventuelle innkjøp.
Det er ein føresetnad at deltakande bibliotek gjer samlinga si tilgjengeleg for fjernlån. Materialet skal som hovudregel vere tilgjengeleg utan restriksjonar. Eventuelle restriksjonar må gjelde utlån generelt, og ikkje fjernlån spesielt.
Ordninga distribuert mediekjøp har følgjande vilkår for deltakande bibliotek: 1. Folkebiblioteka skal følgje Retningslinjene for distribuert mediekjøp i Hordaland. 2. Folkebiblioteka får tildelt ei ramme for innkjøp som dei må halde seg innanfor. 3. Folkebiblioteka betaler for motteke materiale og sender refusjonskrav (i form av faktura) på beløpet til fylkesbiblioteket. Vedlagt kravet må vere dokumentasjon som viser eksakt kva midlane er nytta til. 4. Refusjonskrav må sendast inn seinast 15. november
Vi oppmodar alle bibliotek til å låne av kvarandre, og understrekar at ved å delta i distribuert mediekjøp, pliktar ein å gjere samlinga si tilgjengeleg for biblioteka i Hordaland gjennom fjernlån
Eventuelle spørsmål om ordninga med distribuert mediekjøp kan rettast til Elin Golten: elin.golten@post.hfk.no / tlf 55 23 93 73
Ordninga med distribuert mediekjøp i Hordaland blei evaluert i mars 2011. Les evalueringa av Distribuert mediekjøp
|