Biblioteklandskap i endring

Partnarskap for folkebibliotekutvikling 2011-2013

Mål for prosjektet
Fylkesbiblioteket vil i samarbeid med staten og kommunane utvikle robuste og omstillings-dyktige bibliotek i Hordaland, som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester
 
Utvikling, endring og innovasjon skal skapast gjennom fire strategiar: 
1. Etablere berekraftige og forpliktande biblioteksamarbeid i fem regionar i Hordaland i partnarskap med fylkeskommunen.
2. Utarbeide ein strategi for kompetanseutvikling for biblioteka i Hordaland, og utarbeide og gjennomføre ein handlingsplan for kompetanseutvikling for folkebiblioteka i fylket. Les meir om strategi 2
3. Leggje til rette for digital samhandling og kunnskap- og kompetansedeling gjennom å prøve ut digitale kommunikasjons- og samarbeidsverktøy mellom biblioteka
4. Stimulere til leik som eit verktøy og ein teknikk for å oppnå kreative innovasjonsprosessar i biblioteka. Les meir om strategi 4
 
 
 
 
  

Kontaktperson: ruth.ornholt@hfk.no

     

Fakta om prosjektet:

I Hordaland er det fem regionale biblioteksamarbeid, som opererer i rommet mellom fylkeskommune og kommune.
 
For å sikre utvikling, endring og innovasjon i folkebiblioteka i Hordaland, skal ein gjennom prosjektet fylle dette rommet med partnarskapsavtaler, kompetanse-utvikling, kommunikasjons- og samarbeidsverktøy og leik.
 
Prosjektet omfattar 30 av 33 kommunar i Hordaland, og er støtta av Nasjonalbiblioteket


 

Delprosjekt: 

Me vil òg vera med!

Samarbeidsprosjekt mellom Fusa, Samnanger og Vaksdal. Målet er mellom anna å setja fokus på folkebiblioteka sitt formidlings- og samfunnsansvar i høve til psykisk utviklingshemma i kommunane.
Det er også ei målsetting å styrke folkebiblioteka som sosial arena for alle.
Om delprosjektet Me vil òg vera med!
Lena J. Glesnes 04.02.2013 11:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart