Skolebibliotek


  Skolebibliotekplan for vgs. Modellbiblioteket   Bibliotekkatalogen for vgs. Lenker
           

Hordaland fylkesbibliotek har ansvaret for utvikling av skolebiblioteka i den vidaregåande skolen og gir rettleiing til kommunane om samarbeid mellom folkebibliotek og skolebibliotektenesta i grunnskolen. Fylkesbiblioteket samarbeider med andre fylkeskommunale og eksterne instansar om kompetanseutvikling innan feltet, til dømes tiltak under programområda Gi rom for lesing og Den kulturelle skolesekken. Fylkesbiblioteket tilbyr utlån av klassesett til grunnskolane og tilrettelegger tilbod til skolar i tilknytning til bokbåtstopp. Frå Modellbiblioteket på Os vidaregåande skole

AKTUELT

28.08.09
Skolebiblioteket kan gi informasjonskompetente elevar
Ved skolestart har vi bibliotekar på 15 vidaregåande skolar. Strategisk handlingsplan for biblioteka i vidaregåande skolar i Hordaland, 2005-2010 går ut om eitt år.
Les meir

28.08.09
Ny løyving til bibliotekarstillingar i 2009 blei kr 500 000
(Fylkestingsvedtak des. 2008).
Tre nye skolar har fått fagutdanna bibliotekar i deltid frå dette skoleåret: Voss gymnas, Voss jordbruksskule og Øystese gymnas. Ein tredel av dei vidaregåande skolane har no fagutdanna bibliotekar. Av desse har Årstad vgs 1,6 stillingar, Askøy, Laksevåg, Olsvikåsen, Os, Sotra, Stord og Tertnes vgs har alle ei heil stilling, Bergen maritime og Garnes vgs, Tanks og Øystese gymnas har 50% kvar, Voss gymnas og Voss jordbruksskule deler ei stilling, medan Fusa har 30% ressurs.

9.1 stillingsressursar er finansiert gjennom ekstra løyvingar. Dei øvrige blir betalt av skolane.

Nye namn i skolebiblioteka:
 Marion Mühlburger – Olsvikåsen vgs
 Nellie Bakker – Os vgs
 Gunnar Are Aarø – Voss gymnas og Voss jordbruksskule
 Ragna Helene Vestrheim - Øystese gymnas

18.06.2009
Åpningen av de nye lokalene på Bergen Maritime vgs: Artikkel fra Silje Monsen Solsvik 


Informasjon og praktiske hjelpemaler for gjennomføring av utlånsordninga fins i It´s learning/Skulebibliotek (adm.).

Ressursgruppe for MM2. Les meir.

 

Kontaktpersonar på fylkesbiblioteket:
Bibliotek i vidaregåande skole:

Bibliotek i grunnskolen:
Siri Sjursen 55 23 93 74
Laila Rene 55 23 93 87
Helge Skurtveit 55 23 93 72                                                   
 

11.11.2009 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart