Kvart fylke har eit fylkesbibliotek. Det er eigd og drifta av fylkeskommunen og utgjer det norske biblioteksystemet på regionalt nivå. Fylkesbiblioteka har vore lovpålagde sidan 1972, men byggjer på eit system av sentralbibliotek med røter tilbake til 1930-åra.
Fylkesbiblioteket sine lovpålagde oppgåver er å ivareta fjernlånsverksemda i fylket og organisere det lokale lånesamarbeidet, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse til folke- og skulebiblioteka i fylket, og gje råd til lokale styresmakter og bibliotekeigarar. Fylkesbiblioteket arrangerer kurs og møter om bibliotekspørsmål.
Hordaland fylkesbibliotek driftar bokbåten i samarbeid med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokbåten er eit levande og populært kulturtilbod til små kommunar med spreidd busetting. To gonger i året får 52 stoppestader i Hordaland besøk med kulturprogram, direkte utlån av bøker og fornying av bokdepot. Samarbeid med skulane og Den kulturelle skulesekken er ein integrert del av drifta.
Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland(pdf) er saman med Biblioteklova det viktigaste styringsverktøyet for arbeidet i fylkesbiblioteket. Dei fylkeskommunale midlane er med på å stimulere bibliotekutvikling i kommunane og har utløyst statlege løyvingar til fleire prosjekt.