23 ting om web 2.0

Her finn du kursbloggen for 23 ting i Hordaland:
http://tonullhordaland.blogspot.com/

Merk at oppsummeringskonferansen for deltakarane i opplegget som skulle vore 25. april er utsett. Vi vil i staden invitere alle tilsette i folke- og skulebibliotek til eit seminar om personvern og korleis kommunisere med brukarane på nettet. Seminaret blir hausten 2008.

Er du interessert i å følge dette opplegget hausten 2008? Ta kontakt med fylkesbiblioteket: laila.rene@post.hfk.no Ny oppstart er avhengig av interessa.

_______________________________________________________________________________ 

Eg er ikkje spesielt nerdete av meg. Kan eg lære meg web 2.0 og er det noko vits?”
Blogg, RSS, Flickr, Facebook, Youtube, Mashups… Du har høyrt omgrepa, men kan du svare når dei kjem i biblioteket og spør? Kan du bruke verktya i kvardagen? Web 2.0/ sosial teknologi speler ei sentral rolle i samfunnet vårt no. Difor er det høgst aktuelt for meg og deg også!

Frå februar til april kan du følgje e-læringsprogrammet ”23 ting” i Hordaland.
http://23tingom2null.blogspot.com/
Programmet er omsett til norsk av fire bibliotekarar frå Nasjonalbiblioteket, Buskerud fylkesbibliotek og Drammensbiblioteket, frå den originale Learning 2.0. Deltakarane skal gjennom 23 ulike emne (ting) for å oppleve, leke og lære meir om Internett og web 2.0. Kvart emne har obligatoriske og frivillige oppgåver.

Vi vil følgje eit kursopplegg kring ”23 ting” som er utvikla i eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i Østfold, Vestfold og Buskerud. Opplegget er basert på tre halvdags samlingar, sjølvstudium og ein oppsummeringskonferanse.

Programmet startar i februar 2008 og går over 11 veker. For å følgje opplegget må du sette av litt tid ein dag kvar veke til å prøve deg på dei ulike emna. Web 2.0 handlar om sosial teknologi og difor er det dessutan eit poeng å lære saman med andre. Vi i gruppa frå Hordaland skal bruke vår eigen kursblogg som ei overbygging til den norske utgåva av ”23 ting”. Det betyr at vi blir ei deltakargruppe som kan diskutere, teste saman og hjelpe kvarandre. Kvar deltakar lagar i tillegg kvar sin blogg der oppgåvene leggjast ut. Kurslærarar frå fylkesbiblioteket vil gå gjennom nokon av dei 23 tinga på samlingane, og du kan stille spørsmål til oss eller dei andre deltakarane i tida mellom samlingane.

 

PRAKTISK INFORMASJON

Oppsummeringskonferansen fredag 25. april er utsett!

 

   Bergen Leirvik
1. samling:  Fredag 15. feb.    Måndag 11. feb.
2. samling: Fredag 14. mars    Måndag 10. mars
3. samling: Fredag 4. april      Måndag 31. mars 

Samlingane blir frå kl. 10.00 til 14.00.
Kursavgift for dei tre samlingane er kr. 500,- som inkluderer enkel lunsj, kaffi og te.
 

På same måte vil bibliotektilsette i andre fylke halde på med det same programmet utover vinteren, og det er mogleg å kommunisere med og følgje erfaringane deira også.

Høyres det kjekt ut? Andre som har gjort det før oss, seier at det er både kjekt og mogleg å lære seg desse emna på denne måten i ein travel kvardag!

Her finn du ein presentasjon av opplegget som fylkesbiblioteka i Østfold, Vestfold og Buskerud har utvikla: http://www.slideshare.net/janniro/roadshow2
 

 

24.01.2008 08:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart