Publikumstenester

Kva kan du få svar på i fylkesarkivet?
Arkivmaterialet i fylkesarkivet har opplysningar som er aktuelle både for publikum og offentleg administrasjon. Arkivet har mykje nyare materiale som dokumenterer ulike rettar for enkeltpersonar. Det gjeld vitnemål, pensjon, arbeidstilhøve, klientopplysningar mm. Arkivmaterialet inneheld også mykje interessant stoff med tanke på lokalhistorisk gransking, organisasjonshistorie, politisk historie mm.

Dokumentasjon av pensjonsrettar
Dersom du har vore i arbeid i institusjonar som er eller har vore fylkeskommunale, eller har vore tilknytt fylkeskommunen, vil det finnast dokumentasjon om innbetalt pensjonsinnskot i arkiva.

Dokumentasjon av skulegang og eksamen
Fylkesarkivet har eksamensprotokollar og annan elevdokumentasjon for ein del av dei vidaregåande skulane. Les meir om fagbrev her 

Dokumentasjon av institusjonsopphald
Fylkesarkivet har klientmapper frå følgjande institusjonar og tiltak:

  • Barneverninstitusjonar
  • Bergen mødrehjem

Arkiv i fylkesarkivet

09.01.2012 08:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart