Om fylkesarkivet

Ansvarsområde og oppgåver
Hordaland fylkesarkiv tek vare på eldre arkivsaker frå sentraladministrasjon og institusjonar i Hordaland fylkeskommune. Dette arbeidet blir gjort med heimel i arkivlova. Arkivet har også overordna ansvar for arkivdanning og arkivrutinar i fylkeskommunen.

Arkivet tek dessutan vare på materiale etter ikkje-offentlege organisasjonar og bedrifter. Til no har fylkesarkivet teke imot om lag 3500 hyllemeter arkivsaker frå rundt 250 ulike avdelingar, institusjonar og organisasjonar.

I tillegg gjev fylkesarkivet råd om lokalhistorisk arbeid, bevaring av ikkje-offentleg arkivmateriale (privatarkiv), stadnamn og foto.

Opningstider
Arkivet er ope:
Måndag - fredag kl. 9.00 - 15.45
Sommaren (15.05 - 14.09) kl. 9.00 - 15.00

Adresse
Fylkesarkivet held til i 3. etasje i fylkeshuset som ligg nær Bystasjonen i Bergen.

Besøksadresse
Agnes Mowinckels gt. 5, 5020 Bergen   Kart 
Telefon: 55 23 99 50
Telefaks: 55 23 99 59

Postadresse
Postboks 7900
5020 Bergen

Historikk
Hordaland fylkesarkiv vart etablert mellombels i 1991 og som ein permanent institusjon frå 1993 (Fylkestingssak 86/92). Samtidig er fylkesarkivet ein eigen seksjon innan Kultur- og idrettsavdelinga. I 1999 vart ei eiga fotovernteneste etablert som ein del av arkivet (Fylkesutvalssak 113/99: Fylkesdelplan for kultur i Hordaland. Tiltak 3. Etablering av fotovernteneste i Hordaland.)

18.10.2011 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart