Arkivdagen er eit samarbeid mellom arkiv i heile Norden og omfattar alle typar av arkivinstitusjonar. Målet med Arkivdagen er å vekkje interesse for arkiva som samfunnsminne – både for fortid og framtid. Arkivmateriale gjev mange inngangar til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosialhistorie og personalhistorie.
Arkivens Dag starta i Sverige i 1998. Då heldt ca 350 deltakande arkiv ope hus, og fekk besøk av ca 35 000 personar. Dei positive erfaringane førte til at Svenska arkiv i samverkan för synlighet (SASS) vart etablert. I 1999 vart Arkivernes Dag arrangert også i Danmark i regi av Sammenslutningen av Lokalarkiver. I 2001 kom Island og Noreg med, i 2002 Finland og i 2003 også Færøyane.Arkivdagen 2011: 12. november: Tema: Protest.Arrangement Bergen byarkiv: Årets tema er SolheimsvikenArkivdagen 2010: Tema for dagen: Vêr og klima. I Hordaland arrangerte Bergen byarkiv Arkivdagen 2010.Arkivdagen 2009 i Hordaland Arkivdagen 2008: Fullt hus på Bergen byarkivFormidlingsnettet: Om Arkivdagen