Ecomuseum Northern Europe
Ecomuseum Northern Europe vil byggje på eit solid utprøvd konsept frå Canada. Eit Economuseum er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverksverksemd der ein i tillegg til produksjon av tradisjonelle og nyskapande handverksprodukt legg til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og den historiske samanheng vert synleggjort. Verksemda får dermed også ein ekstra arena for omsetjing av sine produkt direkte til kjøpar, og såleis meir solid grunnlag for vidareføring av handverkskunnskapen.
Economuseum International er eit unikt tiltak for tradisjonelle handverksverksemder og -produkt som er utvikla over lang tid, med gode resultat og mykje fagleg og praktisk røynsle i den franskspråklege Quebec provinsen i Canada. I tillegg til økonomisk verdiskaping er det andre viktige resultat frå Economusea:
- Handverksverksemdene, handverksfaga og tradisjonsprodukta får auka status og merksemd.
- Folk får ei god oppleving av landsdelen sine historisk interessante produkt og tradisjonshandverk.
- Verksemda får auka sal og vert motorar for kulturbasert verdiskaping i heile lokalsamfunnet.
Aktuelle handverksverksemder får etter søknad og utvalsprosess tilført fagleg assistanse frå arkitektar og designarar i tillegg til historisk kompetanse for tilrettelegging av bygg og innhald. Fagfolka lagar romplanar etter ein 6-trinns modell som er utvikla for formålet, designar ei historisk utstilling, og syter for lån av historisk utstyr slik at vitjingssenteret fungerer etter intensjonane for bedriftseigarane, tilsette og besøkjande. Investeringar for ombygging og tilrettelegging samt driftskostnader vert verksemda sitt eige ansvar.
Styrken og det unike i det kanadiske nettverket skuldast at ein berre vel ut eitt Economuseumsenter for kvart handverksprodukt og handverksprosess. Kvart tredje senter i Canada er ei matkulturverksemd og ein prøver å samlokalisere inntil 3 senter i "cluster" innanfor akseptabel reiseavstand for ein dagstur.
Matkultur og tradisjonsmat er etterkvart blitt viktige satsingsområde for nasjonal og regional identitetsbygging og for nærings-, opplevingsmessig og kulturell utvikling i land over heile verda. Både turistar og lokalbefolkning etterspør meir av kulturelt baserte matprodukt. Dei matkulturbaserte Economusea kan såleis bli eit viktig element i profilering av Hordaland som matkulturfylke og av norsk matkultur generelt.
Oselvarverkstaden - det første economuseet i Hordaland - opna 10. desember 2009 (oppslag 11.12.2009)
Visningssenter for tønneproduksjon opna i Tysse (oppslag 13.10.2010)
Hordalandsprosjekt i vinden internasjonalt (oppslag 9.07.11)
Glasblåsarverkstad på Hop (oppslag 2.12.11)
Kontaktperson: Terje Inderhaug