Hordaland fylkesbibliotek og Hordaland fylkesarkiv samarbeider med folkebiblioteka i fleire kommunar i Sunnhordland om eit prosjekt der vi ønskjer å byggje opp ein regional modell for digital formidling og lokal forvaltning av historiske fotografi.
Kommunane som er med i prosjektet er Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Kvinnherad, Stord og Sveio. Bildebehandligsmodulen i biblioteksystemet BIBLIOFIL blir nytta til å registrere bildene.
Kontaktpersonar for prosjektet er Anne Aune på fylkesarkivet og Elin Golten på fylkesbiblioteket.
AKTIVITET I PROSJEKTET
Fusa kommune blir med i prosjektet
Fusa kommune har sagt ja til å vera med i prosjektet "Digitalt og lokalt". Fusa folkebibliotek vil få kostnaden med innkjøp av Bildebehandligsmodul i BIBLIOFIL dekka av fylkesbiblioteket
(16.05.01)
Samling på Husnes 15. februar
Det blir prosjektsamling på Husnes 15. februar. Planen er at dei som er komen i gang med arbeidet fortel korleis dei ordnar dette praktisk, og kvar eventuelle problem ligg. Me håpar dette kan hjelpe andre til å kome i gang, og gjere at dei som er i gang kjem vidare.
(27.01.01)
Sveio kommune blir med i prosjektet
Sveio kommune har sagt ja til å vera med i prosjektet "Digitalt og lokalt". Sveio folkebibliotek vil få kostnaden med innkjøp av Bildebehandligsmodul i BIBLIOFIL dekka av fylkesbiblioteket.
(27.01.01)
Oppstartseminar for prosjektet
Oppstartseminar på Stord 8. mars 2005. På seminaret møtte representantar frå kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes, samt lokale sogelag, bedrifter og DIS. Sunnhordland museum møtte også. Det er stor interesser for å setje i gang med prosjektet.
Les møtereferat her (pdf)
(12.05.05)
Oppstartseminaret blir på Norlandia Grand Hotell på Stord 8. mars 2005. Mål for seminaret er å få grunnlag for utarbeiding av endeleg prosjektplan med fordeling av ansvar og oppgåver.
Les invitasjonen her (pdf)
(01.03.05)
Søknader
Søknad om tilskot frå HØYKOM vart sendt innan fristen 05.04.05. Offentleggjering kring tildeling kan ventes i veke 26.
Les søknaden her (pdf)(12.05.05)
Forskningsrådet informerte i dag om at søknaden om tilskot frå HØYKOM er avslått. Dette betyr at prosjektet held fram som tidlegare planlagd.
(24.06.05)