ABM-kurset ”Ein smak av sosiale media” i gang i Hordaland

Fylkesarkivet og fylkesbiblioteket arranger i desse dagar kurs for museum, bibliotek og arkiv. Hordaland er plukka ut som eitt av fire fylke som får støtte frå ABM-utvikling til kursing i sosiale media, som til dømes bildedeling, blogging, RSS-feed (strau

 Kurs i sosiale media i kursrom "Sunnhordland" 2. februar 2010. Foto: Hanne Årskog
Kurs i sosiale media i kursrom "Sunnhordland" i fylkeshuset 2. februar 2010.

Kurshaldar er Dr. Ana Sanchez-Laws frå Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB.

Det er god oppslutning om kurset, og 23 deltakarar skal følgje eit e-læringskurs med tre samlingar dei neste 7 vekene. Her skal dei lære meir om korleis ABM-institusjonar kan nå sine målgrupper på ein annan, kanskje betre – men i alle fall nyttig - måte. Kanskje kan institusjonane presentere sine skattar i nye samanhengar og legge til rette for nye bruksmåtar gjennom bruk av sosiale media ?

E-læringskurset frå ABM-utvikling kan ein følgje på eiga hand, for dei som kan tenkje seg å lære meir om sosiale media, gå inn på http://betasuppe.abmblogg.no/


Blogging og twitring stod på programmet. Foto: Hanne Årskog
Blogging og twitring stod på programmet. 

Bergen Offentlige Bibliotek satsar på bruk av sosiale media - og har lagt ut delar av bildesamlinga på flickr.com

Tekst og foto: Hanne Årskog 03.02.2010 11:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart