Saman med grunneigarane på stølen ved Dravladalsvatnet i Ullensvang herad tok arkeologar frå Hordaland fylkeskommune turen opp til fjells.
|
Ved Dravladalsvatnet ligg den gamle stølsvollen på vel 950 meter over havet. Her vart det stadfesta at grunneigarane sine opplysningar om ristningar på ei stor steinblokk stemde. Ristningane, truleg frå eldre bronsealder, er mellom dei høgast liggande ristningane vi har registrert i landet. Liggande rett i foten av Folgefonna viser dei spor etter ei mest skjult og spennande forhistorie.
Ristningane ved Dravladalsvatnet
Ved Dravladalsvatnet, om lag 950 moh. har garden Reisæter i Ullensvang hatt støl. Det var fem bruk som hadde stølsrett her, og det var minst åtte - ni sel. Dravladalsvatnet vart regulert seint på 60-talet, og kraftanlegget vart tatt i bruk på byrjinga av 70-talet. Stølshusa vart då neddemde, og området er no umogeleg å nå store deler av året grunna snø eller høg vasstand.
I august i år tok to arkeologar og grunneigar turen til den gamle stølsvollen. Det som før var ein grøn stølsvoll med fleire sel, er i dag gjort om til eit månelandskap av stein, grus og sand. Grunnmurane til tuftene er framleis synlege når vatnet er nedtappa.
Steinen med ristningar på ligg ikkje langt frå tuftene etter husa. Steinblokka er om lag to meter i tverrmål og avrunda og flat på toppen. Arkeologane kunne konstatera at her var i alt femten store og tydelege skålgroper og tre par fint uthogne fotsolar på steinen. |
Grunneigar Johan Reisæter attmed ristningane Her er to av tre par fotsolar synlege. Dei til venstre er dei største. På toppen av blokka ser me fleire groper. Foto: Kjersti Vevatne, Hordaland fylkeskommune |
Vi kjenner til ein del slike ristningar i Sogn og Valdres, der det er funne fleire felt i høgder mellom 900 og 1000 meter over havet. Motivet som går igjen er skålgropa, eit motiv vi finn mange stader i Hordaland og særleg i Ullensvang. Det er likevel ikkje heilt vanleg å finne dei så høgt til fjells.
Vi kjenner til ein del slike ristningar i Sogn og Valdres, der det er funne fleire felt i høgder mellom 900 og 1000 meter over havet. Motivet som går igjen er skålgropa, eit motiv vi finn mange stader i Hordaland og særleg i Ullensvang. Det er likevel ikkje heilt vanleg å finne dei så høgt til fjells. |

Detalj av solane, der særleg partia ved hæl og tå er godt synleg. Målestokken viser 20 cm, slik at her er det snakk om mindre føter. Foto: Kjersti Vevatne, Hordaland fylkeskommune |
Kor gamle ristningane er, kvifor dei er laga og kva dei tyder finst det ikkje sikre svar på. Skålgropa er eit svært enkelt motiv, og har truleg vore laga over eit langt tidspenn, heilt frå steinalder og fram til mellomalder. Fleire forskarar meiner likevel at groper av den typen som er funne ved Dravladalsvatnet, kan vere av dei eldste typane vi har.
Slike felt med skålgroper, her i kombinasjon med fotsolar, ligg ofte plassert i høgareliggande område. Vi trur dei kan ha samanheng med bruken av liene og fjella til beite for husdyr, og at dette kan trekkast så langt tilbake som til 4500 år sidan, då i slutten av steinalder. |

Fleire av gropene er framleis godt synlege, men likt med solane er dei i ferd med å vitre bort på grunn av isskuring og vatn. Foto: Kjersti Vevatne, Hordaland fylkekommune |
Fotsolane som og er å finna på steinen, er av ein type som vi ofte finn saman med skålgroper. Som heilt uthogne solar er dei rekna for å vere av den eldste typen. På steinblokka ved Dravladalsvatnet er det tre par med fotsolar av ulik storleik; frå små til store, eller barn og vaksen fot.
Det er og interessant at den gamle ferdslevegen mellom Reisæter (Ullensvang) og Krossdalen (Jondal) går rett forbi stølen og ristningssteinen. Det er ikkje uvanleg å finne ristningar langs med gamle vegar og stiar som vart nytta i førhistorisk tid.
Ei av utfordringane for arkeologane i Hordaland fylkeskommune er at ristningane store deler av året ligg under vatn. Vinterstid er det både is og snø, haust og vår er vasstanden høg. Dette gjer at ikkje berre er ristningane vanskeleg tilgjengelige, men dei er og utsett for mykje slitasje.
Fagmiljøet må derfor ta fleire turar til Dravladalsvatnet for å gjere ei nærmare undersøking og dokumentasjon. Dette vil bli gjort i samarbeid med Bergen Museum og Riksantikvaren.

Les meir om arkeologi her
Tekst og foto: Kjersti Vevatne 01.10.2009 07:30