– Vi har ikkje noko å lære dykk, de må kome til Oslo og lære oss!

- Vi kan ikkje kome til Hordaland og lære dykk noko. De må kome til Oslo og lære oss! sa ein oppglødd Elvis Chi Nwosu etter å ha delteke på den femte fleirkulturelle konferansen i Hordaland 12. og 13. juni 2006. Elvis jobbar i Barne- og familieetaten i Oslo kommune og er tillitsvald i Fagforbundet.

Han og andre deltakarar frå hovudstaden fekk seg ein tankevekkar på den femte Vestlandskonferansen for eit fleirkulturelt samfunn. Forelesarar frå Oslo har vore altfor konsentrert om problema i hovudstaden og ikkje oppdaga at det er eit heilt anna samfunn elles i landet. Elvis, som er innvandrar frå Afrika, bad om at Liv Tvilde Laading og dei andre bak Hordalandsmodellen måtte komme til Oslo med kunnskapen sin.
Andre førelesarar frå Oslo gjorde same erfaring: Hilde Wessel Clausen i Aetat, Onur Safik Johansen i LO og Siri Røine i NHO.

Nokre av deltakarane på den femte Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn: Avdelingsdirektør Bjørg Unstad i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (f.v.), psykolog Petter Ramung, høgskulelektor Siv Førde, regiondirektør for IMDI Vest, Ohene Aboagye, prosjektleiar for Hordalandsmodellen, Liv Tvilde Laading og Onur Safuk Johansen frå LO.
Nokre av deltakarane på den femte Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn: Avdelingsdirektør Bjørg Unstad i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (f.v.), psykolog Petter Ramung, høgskulelektor Siv Førde, regiondirektør for IMDI Vest, Ohene Aboagye, prosjektleiar for Hordalandsmodellen, Liv Tvilde Laading og Onur Safuk Johansen frå LO.

Unge musikarar frå Bergen kulturskole underheldt på konferansen.

Unge musikarar frå Bergen kulturskole underheldt på konferansen.

Innlegg på konferansen Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunn 12. og 13. juni 2006:

Velkommen, ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (word)

Åpningsforedrag ved avdelingsdirektør Bjørg Unstad i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (word)

Barna på flyttelasset, ved psykolog Svein Ramung (pdf)

Tapt barndom, ved Siv Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane (pdf)

Barn og unge på flyttelasset, ved Osmund Kaldheim, direktør i Integrerings- og mangfolddirektoratet (pdf)

IMDIs verktøykasse for likeverdige offentlege tjenester, ved rådgiver Jorun Hermansen (pdf)

Framtidas yrkesutøvarar, ved Hilde Wessel Clausen, underdirektør i Aetat (pdf)

Framtidas yrkesutøvarar, ved Siri Røine i NHO (pdf)

Må ut av Oslo-gryta
– Vi er berre konsentrert om det som skjer i Oslo-gryta: Arbeidsinnvandring, pakistanske innvandrarar frå 1970-talet og deira etterkomarar. Det er eit heilt anna perspektiv på integrering elles i landet. No må vi bevege oss utanfor Oslo for der dreier det seg i stor grad om flyktningar frå mange ulike land og heilt andre problemstillingar. Dette er integrering på eit heilt anna plan enn i Oslo, sa Røine.

I fronten
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg slo an tonen om dette då ho ønskte alle velkommen til konferansen.
– Hordaland fylkeskommune vore i fronten med å meistre dei nye utfordringane som ein endra arbeidsdag i eit fleirkulturell samfunn inneber. Vi  har utvikla ”Hordalandsmodellen- kompetanseheving i tverrkulturell kompetanse” for å auke kunnskap og meistringsevne hos offentleg tilsette. Det er Kommune-Noreg, og de som deltek her i dag, som skal gjennomføre dei politiske føringane og medvirke til eit inkluderande samfunn. Men vi kan ikkje vente at kvar einskild kommune skal ha all nødvendig ekspertise, økonomi eller ressursar. Difor har vi som fylkeskommune ein viktig funksjon som kompetansetilbydar og kan bidra som regional utviklingsaktør for å møte dei nye kunnskapskrava, sa fylkesordføraren. 

Er ikkje taparar
Eit av dei sterkaste innslaga på konferansen stod unge innvandrarar som er med i Fargespill (songgruppe), SOHO-gruppa (Se oss, hør oss) og Forza (trommegruppe) for. Dei stod fram og fortalde om sine røynsler med å kome til Noreg og vekse opp her, og viste at dei er blitt ein ressurs for landet og ikkje taparar. Dei fortalde at ingen såg dei den første tida her, men no er dei blitt ettertrakta kunstnarar som mellom anna har opptrådd på Festspela.

Kunnskapsministeren
Er fleirkulturelle eit problem eller ressurs stilte og Petter Borthen og Armin Amookhteh spørsmål om. Dei har intervjua 65 minoritetselevar i den vidaregåande skulen i Hordaland. Konklusjonen er at dei fleste trivst i skulen, men dei ønskjer meir kontakt med norske elevar. Mange var og positive til å ha ein vaksen person som støtte i skulearbeidet.
Elevgranskinga er eit pionerarbeid skal bli brukt til betre integrering av minoritetselevar, og kunnskapsminister Øystein Djupedal har alt lese rapporten og brukt den i føredrag.

Myndiggjering og deltaking i den fleirkulturelle skolen, ved Elvis Chi Nwosu, Fagforbundet og Oslo kommune (pdf)

Om fråfall i vidaregåande skole, ved Armin Amookhteh og Petter Borthen (pdf)

Flere flerspråklige fullfører, rapport om satsing på frafall, ved Petter Borthen (pdf)