Museumssenteret i Salhus vart 1. juli 2004 det første konsoliderte museet i Hordaland. Museumssenteret har i dag fire avdelingar i Salhus og vil få tre nye - andre stader - når Lyngheisenteret, Havråtunet og Osterøy museum i 2007 vert ein del av denne museumseininga. Det vert større utfordringar med å styre aktivitet på fire lokalitetar, seier direktør Erik Småland.

Her skal Bevaringstenestene få 2000 kvadratmeter som skal vere lager og magasin for tilskotsmusea i Hordaland. Byggjestart er planlagd til hausten 2007, med ferdigstilling våren 2008. Prislapp 10 millionar kroner. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Museumssenteret i Salhus er mellom dei konsoliderte musea som får mest auke i driftsmidlane over statsbudsjettet i 2007, 1,2 millionar kroner.
– Dei 1,2 millionar kronene omfattar kompensasjon for løns- og prisvekst og 900.000 kroner i friske midlar. Vi er mellom dei musea som får mest av konsoliderte midlar neste år på landsbasis. Det betyr betre økonomi for alle involverte, men ikkje eit kvantesprang. Det ligg vinning i det organisatoriske, men ingen skal tape på at vi går saman til eitt museum, seier direktør Erik Småland.
Sju einingar
Museumssenteret i Salhus omfattar Lyngheisenteret, Havråtunet, Osterøy museum, Trikotasjemuseet, Bevaringstenestene, Felleskonservatoren i Bergen og Kulturvernetenesta i Nordhordland.
– Vi skal no inn i prosessen med å organisere oss på ein annan måte enn før. Det blir større utfordringar med å styre aktivitet i fire lokalitetar. Alle einingane som skal inn i det konsoliderte museet må vere i balanse og ha samsvar mellom driftsøkonomi og plikter. Så må styret fordele dei friske midlane til felles beste, understrekar Småland.
Frå tre til 10 stillingar
Til Bevaringstenestene har fylkestinget løyvt 500.000 kroner i auka tilskot neste år. I tillegg kjem det spelemidlar frå staten som det enno ikkje er avklart storleiken på. Småland understrekar at dette er eit felles løft for alle musea i Hordaland.
– Bevaringstenestene skal gradvis utbyggast frå tre stillingar i dag til 10 stillingar. Det er opp til tilskotsgjevarane og styret når vi kan byggje vidare ut. Vi skal arbeide for å få pengar. Vi er utolmodige når vi står midt oppi det. Men når vi ser på utviklinga her dei siste 10 åra, har både stat, kommune og fylke vore med på laget. Vi er på veg mot målsettinga. Vi er ikkje heilt i mål, men det er bevegelse. Vi er opptekne av å ha realistiske mål. Utfordringa må bli å sikre det økonomiske fundamentet for dei noverande einingane utan at det går på kostnad av kvarandre. Vi har lagt vekt på å vere ryddige.
Ikkje tradisjonelt museum
Småland peikar på at det ikkje er eit tradisjonelt museum dei driv.
– Vi byrja som eit kulturminne, som Tyssedal. Pleie av kulturminne har større vekt hos oss enn mange andre muse. Vi starta i 1989-90 med eit verneprosjekt og har investert om lag 83 millionar kroner i restaurering og tilrettelegging av den gamle trikotasjefabrikken med 31 bygningar, det meste med statlege midlar, opplyser direktør Erik Småland.

Lokala til kulturhistorisk atelier er på 280 kvadratmeter. Her skal harde gjenstandar som tre, metall, glas og keramikk konserverast slik at dei kan takast vare på for ettertida.

I tekstilatelieret på 280 kvadratmeter blir gjenstandar i skinn, lær og tekstilar som til dømes biletteppe, møbelstoff, åkle og klede konservert.

Den gamle trappa i lokala der trikotasjefabrikken hadde lager og som no er blitt lokale for Bevaringstenestene, er teken vare på og restaurert. Trappa er frå 1913.