Vyrde fylkesting!
Vel møtt til desemberting i Bergen.
Verdas helsetilstand er sterkare på dagsorden enn nokon gong. Klima og finans er i ulage. Finanskrisa kom brått og med stor kraft i fjor og får framleis stor merksemd. Klimakrisa har kome meir snikande over tid.
Finanskrisa vart verda over resolutt møtt med handling og samarbeid om effektive krisetiltak. Krisa er på ingen måte over, men både internasjonalt og nasjonalt vert det meldt at det går rett veg. Situasjonen her i Hordaland skal eg koma tilbake til om litt.
I desse dagar er verdas auge retta mot København der det internasjonale klimatoppmøtet starta i går, 7. desember, med representantar for 194 land. I løpet av halvanna veke skal dei koma fram til ein forpliktande avtale om reduserte klimautslepp.
Vil verdas leiarar visa seg like bestemte, samarbeidande og samhandlande om klimakrisa som finanskrisa?
Vi treng eit globalt klimaregime for å redusera utsleppa. Det må til for å stoppa den globale oppvarminga som fører til at havet stig, jordbruksland vart lagt øyde, vassressursane minkar, heile økosystem vert øydelagde og at det vert fleire naturkatastrofar.
Internasjonale avtalar må følgjast opp lokalt om dei skal få effekt. Vi må gjera vår del. Høyringsutkastet til «Klimaplan for Hordaland 2010-2020» vert lagt fram for fylkesutvalet 16. desember for deretter å verta sendt ut på ei brei høyring.
Utkast til klimaplan for Hordaland har vorte ein svært omfattande plan. Den går relativt grundig inn på sentrale aspekt ved klimautfordringane, og like eins går den relativt grundig inn på kva handlingsrom vi har i Hordaland til å gjera noko med dei.
Her skal eg kort nemna nokre punkt og moment i planen.
Hordaland er det fylket i landet som har størst utslepp av klimagassar. Utslepp frå Mongstad og Kollsnes står for 44 %, og av resten står transport for 50 %.
Hordaland er også det største vasskraftfylket. I klimaplanen vert det trekt opp at strategiane for Hordaland skal vera:
— å redusera energibruken
— i størst mogleg grad bruka fornybare energikjelder
— vera ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi
— ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning
Planen tek opp samanhengen mellom arealbruk og transport. Utsleppa frå transport har auka særleg kraftig i Hordaland. Strategiar for å redusera utsleppa frå transport er å redusera transportbehovet mellom anna med samordna areal- og transportplanlegging, meir offentleg og meir miljøvenleg transport, avgrensa biltrafikken og redusera utslepp frå køyretøya. Med den høge elkraftproduksjonen vi har, er elektrifisering av køyretøya særleg relevant her i fylket.
Klimaendringane kjem gradvis og det er ei utfordring å skapa forståing for at vi må handla no. Vi må tilpassa oss til klimaendringane, og då må føre-var-prinsippet leggjast til grunn. Kanskje den aller største utfordringa vår er å skapa forståing for at vi må leggja om forbruk og livsstil i ei meir berekraftig retning.
Eg ventar at den offentlege høyringa av klimaplanutkastet vil gje mange og konstruktive bidrag til å føra klimaarbeidet framover i Hordaland. Eg har med glede registrert at mange kommunar håpar at klimaplanen også kan vera nyttig for deira arbeid. Kravet frå Kommunal- og regionaldepartementet er at alle kommunane innan 1. juli 2010 skal ha på plass klima- og energiplanar.
Val av tema i klimaplanen vår er gjort med eit blikk til det nasjonale programmet Framtidens byer, der Bergen kommune er ein av 11 byar som deltek. Samarbeidet med Bergen kommune har vore viktig i planarbeidet, og vil vera det framover. Eg vil også trekkja fram at Bergen kommune har gjort eit godt arbeid med sin eigen «Klima- og energihandlingsplan». For fylkeskommunen er det nyttig og verdifullt at den absolutt største av kommunane i fylket alt er klar med sin klima- og energiplan.
For fylkeskommunen er det eit mål å få fleire til å reisa kollektivt og dermed redusera privatbilismen og klimautsleppa frå den. Samstundes er det viktig å redusera utsleppa frå kollektivtrafikken. Bybanen i Bergen vert eitt bidrag i den samanheng. I går kom den første av bybanevognene frå Tyskland. Etter ein nattleg svipptur til Åsane skal den no vera på plass på Kronstad. Teknisk utprøving og prøvedrift skal gjennomførast slik at alt er «på stell» når vi startar drifta av bybana ved jonsoktider neste år. For fylkeskommunen er kjøpet av 12 vognsett og tilrettelegging ei investering på ca. 270 mill. kr.
Utlysinga av dei to store bussanboda i Bergen sentrum og Bergen nord er utsett for å få ei ny vurdering av kva drivstoff bussparken skal nytta. Fylkesrådmannen kjem tilbake med ei sak om val av drivstoff/miljøteknologi i kollektivtrafikken til fylkestinget i mars.
Finanskrisa
På slutten av fjoråret fekk også vårt fylke merka finanskrisa. Konsekvensane har heldigvis ikkje vorte så store som frykta, men arbeidsløysa aukar.
I november var talet på heilt ledige i Hordaland 5 663, ein auke på 45 % frå same tid i fjor. På landsbasis vart det 49 % fleire ledige. I same periode var det også ein stor auke i talet sysselsette på tiltak, frå 700 i fjor til ca. 1900 i år. Talet på delvis ledige og permitterte har også auka vesentleg.
Vi har likevel kome betre ut enn mange andre delar av landet. Ved utgangen av november i år var det framleis slik at arbeidsløysa er lågast i dei fire vestlandsfylka. Aller lågast var Sogn og Fjordane med 1,7 %, deretter Rogaland med 2,1 % – medan Hordaland og Møre og Romsdal begge hadde 2,2 % heilt ledige. Oljesektoren har gjennomført planlagde investeringar i 2009, og det har vore viktig for at sysselsetjinga i desse fylka har halde seg på eit høgt nivå. Men utsiktene framover er ikkje like lyse og verftsindustrien ser ut til å vera særleg utsett.
Eit viktig trekk ved krisa i verftsindustrien er at den er «i utakt» med store delar av næringslivet elles. Medan analytikarar, finansfolk og andre er i ferd med å friskmelde store delar av næringslivet, er verftsindustrien først no på tur inn i sin lågkonjunktur som følgje av finanskrisa. Faren er at dei virkemidla som vart stilte til disposisjon for næringslivet, vert stramma inn att eller avvikla når det vert aktuelt for verftsindustrien å nytta seg av dei.
Aktiviteten i verftsindustrien på slutten av 2007 og inn i 2008 var særs høg medan bølgjedalen som kjem i 2010 og 2011 kan verta særs djup. Dei fleste nybyggingsverfta ligg på Vestlandet og nokre av dei i Hordaland. Av totalt 26 nybyggingsverft i Noreg er det berre 6 som har kontraktar for levering etter 1. januar 2011 og berre 2 verft har leveringar etter 1. juli 2011.
Vestlandet og Hordaland har også ein viktig og framtidsretta leverandørindustri til maritim sektor og til petroleumssektoren. Leverandørane til skipsindustrien som til dømes Frank Mohn, Wärtsilä, Rolls Royce, TTS og Umoe Schat Harding leverer produkt og løysingar over heile verda. Når ein veit at det globalt vart levert 1499 skip i første halvår i år, medan det berre vart kontrahert 187 nye skip i same periode, er det ikkje vanskeleg å skjøna at problema for leverandørindustrien melder seg. Aker Stord, den viktigaste utbyggjaren for olje- og gassindustrien på norsk sokkel, går også vanskelegare tider i møte.
Samspel og samhandling mellom mange ulike aktørar må til for å sikra at verfts- og leverandørindustrien kjem ut av denne djupe bølgjedalen med tilstrekkeleg styrke og vekstkraft.
Offentleg sektor har sett inn store ressursar på å sikra nye oppdrag til bygg- og anleggsektoren i 2009 og 2010 for å avhjelpa krisa der. Det vil vera behov for tilsvarande tiltak for verftsindustrien i 2010 og 2011.
Konkrete døme kan vera nye beredskapsbåtar, fornying av flåten i Kystverket, stor oppgradering av ferjemateriellet og fornying av nærskipsfarten. Finansierings- og garantiordningar for nærskipsflåten med krav om å satsa på lågutsleppsskip vil kunna verta eit viktig verkemiddel.
Mongstadprosjektet
Fase tre i Mongstadprosjektet som fylkeskommunen og samarbeidspartar står for, starta 15. oktober og skal etter planen vera ferdig til midten av mars 2010.
Fire prosjekt skal gjennomførast:
— Etablering av næringsklynge knytt til testsenteret på Mongstad og arbeidet knytt til utviklinga av ny reinseteknologi for CO2
— Bygging av eit kompetansesenter på Mongstad
— Organisering av det langsiktige Mongstadarbeidet ut frå regionale interesser
— Samordning av kommunane sitt planarbeid for å få til eit felles løft for å møta utviklinga på Mongstad og gjera regionen til ein attraktiv stad å arbeida og bu
Løft for reiselivet
Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bergen kommune løyvd pengar for å få fleire direkteruter mellom Flesland og utlandet. Målet med dette vestlandssamarbeidet, som er kalla flyBGO, er at det skal gje eit løft for reiselivet.
I førre veke oppretta Norwegian seks nye utlandsruter frå Flesland. Midlane som er lagde på bordet, saman med tilskot frå Innovasjon Noreg, skal brukast til marknadsføring av Vestlandet og Norwegian sine ruter. Forventingane er at det skal koma
80 000 turistar med dei nye rutene det første driftsåret og at reiselivsnæringa skal få 400 mill. kr i auka omsetnad.
Store byggjeprosjekt
Sidan fylkestinget var samla i oktober har fylkeskommunen sett i gang to store byggjeprosjekt, Amalie Skram videregående skole i Bergen og Jondalstunnelen, Til saman har dei to prosjekta ei kostnadsramme på ca. 1,5 milliardar kroner fordelt med ca. 700 mill. kr på skulen og vel 850 mill. kr på tunnelen.
På Nygårdstangen måndag 2. november hadde eg, saman med byrådsleiar Monica Mæland, gleda av å setja i gang bygginga av fellesprosjektet som omfattar vår nye Amalie Skram videregående skole og Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup.
Tysdag 3. november hadde fylkesvaraordføraren æra av å fyra av den første salven for Jondalstunnelen, det største fylkesvegprosjektet vårt nokon gong. Gledeleg er det også at Jondal kommune har greidd å få på plass fullfinansiering av alternativ N6 slik at tunnelen kan byggjast lenger og forbi Torsnes.
Budsjett og vegplan
På den fyldige sakslista til dette fylkestinget er årsbudsjett og økonomiplan og handlingsplanen for det nye fylkesvegnettet dei mest omfattande sakene.
Det er ei positiv og optimistisk budsjettinnstilling som er lagt fram og som fylkestinget skal ta stilling til i dag. 2010-budsjettet avspeglar dei store nye oppgåvene vi får innan samferdsel; overtaking av storparten av «andre riksvegar», ferjesamband – og drift og vidare utbygging av Bybanen i Bergen.
Det første handlingsprogrammet for det nye fylkesvegnettet er prega av sterke bindingar til allereie oppstarta og førehandsprioriterte prosjekt på det riksvegnettet vi overtek ansvaret for frå årsskiftet. Med dei økonomiske rammene vi har måtta halda oss til, synest eg vi har fått godt samsvar mellom målsetjingar, utfordringar og prioriteringar i fylket.
Utanlandsvitjingar
Sidan 1993 har vi hatt ein samarbeidsavtale med Nedre Normandie. I haust signerte vi ein handlingsplan som skal gje retning for samarbeidsaktivitetane mellom dei to regionane den komande 3-års perioden.
No i førjulstida har vi delteke ved julearrangement i Edinburgh, Cardiff og på Orknøyane. Desse juletretenningane er viktige symbol på dei gode sambanda vi har med vennene våre i vesterveg, og vi skulle helsa dykk alle!
Vel møtt til fylkesting! Fylkesrådmannen har ordet.
Talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen