Velkomen som søkjar til ledig stilling i Hordaland fylkeskommune
Ledige stillingar i Hordaland fylkeskommune
Før du går vidare til dei ledige stillingane, ber vi deg vera merksam på følgjande:
Ved å nytta det elektroniske søknadsskjemaet hjelper du oss til å gjennomføra ein meir rasjonell og raskare tilsettingsprosess for dei einskilde stillingane.
Når du klikkar på lenkja over kjem du til alle dei utlyste stillingane i Hordaland fylkeskommune. (Dersom sida ikkje inneheld stillingstitlar er det for tida ikkje utlyste stillingar).
Det er viktig at du les heile utlysingsteksten før du klikkar på knappen med nemninga ”send søknad”.
Om undervisningsstillingar
For lærarar er det viktig å orientera seg i alle dei utlyste undervisningsstillingane ved same skule. Det kan vera at du har ein spesiell fagkombinasjon som går noko på tvers av dei stillingane som er lyste ut. I så fall skal du berre søkja den eine hovudstillinga, men samstundes gjera merksam på den fagkombinasjon du ønskjer på sida kalla «Søknad» i sjølve søknadsskjemaet.
Ver obs på "førerett"
Ver merksam på at nokre få stillingar eller delar av stillingar kan gå til alt tilsette personar med førerett i Hordaland fylkeskommune. I slike høve vil vi straks fjerne utlysingsteksten frå våre heimesider.
Søknadsdata
Når du kjem til ”innloggingsinformasjon” i søknadsskjemaet, har du høve til å registrera deg med brukarnamn og passord dersom du vil søkja fleire stillingar no eller seinare. Opplysningane i søknadsskjemaet er ikkje tilgjengelege for Hordaland fylkeskommune før du sender inn sjølve søknaden.
Som registrert brukar er det mogleg med gjenbruk av tidlegare søknadar, CV-registrering og profilbasert jobbvarsling på e-post.
Stadfestar søknad per e-post
Alle som har sendt inn søknad vil motta stadfesting på oppgitt e-postadresse om at søknaden er motteken.
Personopplysningslova
All informasjon som du gjev frå deg til vårt elektroniske søknadssystem vert behandla i samsvar med personopplysningslova.
Finn.no
Sida er endra 04.01.2010