
Om kunsten
For Helleren ønskjer komiteen markant kunst som er medviten rolla si som meiningsprodusent. Grunnlaget for kunstplanen er fenomenet rørsle med vekt på stikkord som flyt, liv, fart, friksjon og tvil. På kunstbudsjettet er det avsett ca kr. 3,5 millionar kroner til kunstoppdrag skuledelen og ca 900.000 kroner til kunstoppdrag tilknytta symjeanlegget. Utvalet ønskjer både større, integrerte verk og mindre prosjekt i form av temporær og flyttbar kunst.
Plassering
Bygget vil få ein svært attraktiv plassering like ved Store Lungegårdsvann i sentrum av Bergen. Hovudområda for kunst er tenkt til mellom anna inngangsparti, symjehall og auditorium. Grunnarbeida er i gang, og bygget skal stå ferdig i mars 2012. Teikningar og nærmare opplysningar om staden og idegrunnlaget for kunsten kan lastast ned frå denne sida. Prosjektet vert i tillegg annonsert på www.doffin.no.
Presentasjon
Til prekvalifiseringa ønskjer ikkje komiteen konkrete idear eller skisser av moglege kunstneriske løysingar til bygget. I denne omgangen ønskjer komiteen berre ein presentasjon frå interesserte kunstnarar. Denne presentasjonen skal vere på maksimalt åtte A4-sider.
Søknaden skal innehalde
- CV
- Kort grunngjeving for deltakinga og eventuelt ønska område/format for kunstprosjekt
- Dokumentasjon av tidlegare relevante arbeid
- Skatteattestar for skatt og merverdiavgift (skatteattestane skal ikkje vere eldre enn 6 mnd.)
Levering
Presentasjonen skal sendast i ein digital versjon i pdf (maksimal storleik 8 MB) og ei signert utgåve i lukka konvolutt. Ønskjer du materialet i retur, må porto og adressert returkonvolutt leggast ved. Anna materiale vil ikkje bli returnert.
Kontaktperson: Mona Engum, Eigedomsseksjonen, mona.engum@post.hfk.no
Søknadsfrist: Måndag 8. mars 2010, kl 15:00
Merking av tilbod: Leverast i lukka konvolutt/pakke og merkast utanpå med ”HFK-10-012 – Kunst til Helleren”
Leveringsadresse:
Hordaland fylkeskommune, Eigedomsseksjonen, Fylkeshuset, Agnes Mowinckels gate 5, 10. et.
Postadresse:
Hordaland fylkeskommune, Eigedomsseksjonen, PB 7900, 5020 Bergen
Søknad som ikkje er levert eller kome fram til adresse som oppgjeve innan innleveringsfristen, blir avvist. Søkjar tek sjølv risiko for at postlagde søknader kjem fram til adressaten innan søknadsfristen.
Dokument