Vellukka møte med statsråd Giske om verftssituasjonen på Vestlandet

Statsråd Trond Giske møtte Vestlandsrådet, ved dei fire fylkesordførane og representantar frå næringslivet, om tiltak for å møte situasjonen i verftsnæringa i Noreg og på Vestlandet.

Statsråden var positiv til møtet og var glad for at Vestlandsrådet var såpass konkrete med omsyn til tiltak og måtar å møte situasjonen på. Giske lova at det ville bli lagt fram ein tiltakspakke ut på vårparten og peikte m.a. behovet for å sikre at kompetansen, som den maritime næringa har opparbeidd seg på Vestlandet, må sikrast. Frå Vestlandsrådet vart det peika på verdien av at ein står sterkt samla politisk og næringsmessig på heile Vestlandet.

Vestlandsrådet 08.02.2010 14:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart