
Tannlege Olaf Larsen er svært nøgd med standarden på tannklinikken i Etne, her med opplæringsdirektør Inger Tønder i stolen og leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide, som nøgd tilskodar. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Betre kvalitet
– Eg er den einaste offentlege tannlegen i Etne og har alle typar pasientar. Hordaland satsar meir på tannklinikkane enn Rogaland. Det merkar eg på standard og kvalitet på utstyret, seier tannlege Olaf Larsen. Han har kontortid tre dagar i Skånevik og to dagar i Etne, i tillegg til at han arbeider på tannlegevakta i Haugesund.
Vi er best
Leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide smiler breitt når han høyrer kva tannlegen fortel.
– Det gler meg å høyre dette. Vi er best på tannklinikkar. I lang tid har vi satsa på utbygging og fornying av tannklinikkane. Tannklinikken her i Etne fungerer godt og har fine og store rom, seier Steinseide.
Politikarar og byråkratar innom klinikken
I samband med opninga av nye Etne vidaregåande skule og møte i opplærings- og helseutvalet der, tok heile utvalet og turen innom den offentlege tannklinikken som ligg i helsetunet i Etne. Opplæringsdirektør Inger Tønder deltok og på synfaringa. Overtannlegen i Sunnhordland, Torunn Gaarden var der og.
Tener ein million ekstra til fylkeskassa
Utvalsleiar Roald Steinseide tok initiativet til besøket.
– Vi har i mange år reist rundt og besøkt skulane, men tannklinikkane våre har vi ikkje vore like flinke å besøke. No har vi som mål og også besøke tannklinikkane når vi er ute og reiser. Det er kjekt å kome til ein klinikk som fungerer så bra. Vi er svært nøgd med tannlegen her. I tillegg til alle pasientane som vi er lovpålagde å handsame, tener tannlegen inn ein million kroner årleg på ikkje prioriterte pasientar. Det er vi svært nøgde med, og det viser at det er behov for tannlege her, seier Steinseide.
Oppgradert og fornya
Tannlegen held til i helsetunet som er frå 1988, men utstyr og inventar er betydeleg oppgradert og fornya dei siste fem-ti åra. Steinseide fortel at Etne kommune har planar om nybygg.
– Det er kommunen som lanserer planane og vil ha tannklinikken med. Det er ei sak vi får kome tilbake til, seier utvalsleiar Roald Steinseide.

Den offentlege tannklinikken i Etne har hus i helsetunet, men kommunen har planar om nybygg.