Svein-Erik Fjeld til Utdanningsdirektoratet

Opplæringsdirektøren er på flyttefot, men berre til rett over gata. – Eg har fått permisjon og skal arbeide seks månader for Utdanningsdirektoratet i første omgang, fortel han.

Opplæringsdirektøren klar for nye oppgåver. 1.januar går han over i eit engasjement for Utdanningsdirektoratet.
Opplæringsdirektøren klar for nye oppgåver. 1.januar går han over i eit engasjement for Utdanningsdirektoratet.

Frå måndag 6. desember avviklar han ferie og avspasering. 1. januar er han i gang med nye oppgåver, men med same telefon og same e-posten.

- Kva skal du no ta deg til etter åtte år som opplæringsdirektør?

Engasjement

- Det er eit engasjement for direktoratet. Eg skal arbeide med rettleiing overfor kommunar som treng særleg hjelp til skuleutvikling. Det er slik at staten tilbyr hjelp til kommunar via eit rettleiarkorps. Eg er vald ut og gler meg.  Eg skal koordinere arbeidet i to rettleiargrupper, som er samansette av røynde skole- og organisasjonsfolk som både har skuleleiarerfaring og røynsle frå arbeid tett opp mot politisk system.

Skulane han skal vere med og rettleie, høyrer heime i Nord-Trøndelag og Nordland.
– Arbeidet vårt skal ikkje vere å utvikle ulike prosjekt, men skal bidra med skulekompetanse og prosesshjelp i eigenskap av m.a. å vere idegjevarar og pådrivarar.

Fra Storting til klasserom

På 1990-talet skreiv Svein-Erik Fjeld Fra Storting til klasserom, ei bok som vart omsett både til engelsk og latvisk.
- Tittelen peikar direkte inn i også dette engasjementet for Utdanningsdirektoratet, seier han.

Fjeld er frikjøpt av fylket i permisjonsperioden og gler seg til å kaste seg over nye oppgåver. Det er noko fagleg glupskt over han, og det er ikkje lett å trekkje grensa mellom privatmennesket og opplæringsmannen Svein-Erik Fjeld. Dei går helst opp i ei høgare eining.

- Opplæringsfeltet har vore kvardagen min nesten heile livet, og eg har gått alle gradane. For meg betyr dette engasjementet å få vere med og bidra vidare til at opplæringssystemet blir stadig meir profesjonelt. Det overordna målet eg har prøvd å leve etter som opplæringsdirektør, er at så mange som mogeleg får sjansen til vidareutvikling både som arbeidstakarar og medborgarar etter endt grunnutdanning, seier han. Det var det BT ein gong skreiv om sjefen: ”Få skoleledere her i landet har engasjert seg så mye i pedagogisk fornyelse av skolen som Svein-Erik Fjeld.”

- Kjem du til å sakne oss?

- Ja, i høgste grad. Eg hadde aldri kunna gjennomført tida som opplæringsdirektør så langt utan eit vell av gode medarbeidarar. Det heiter seg gjerne slik i festtalar, men eg meiner det, seier han. Og då er det godt.

Tormod Valaker 06.12.2010 13:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart