Strandkaien opnar for biltrafikk torsdag 15. desember

Torsdag 15. desember blir Strandkaien igjen opna for trafikk. Alt opprustingsarbeid i området er ikkje ferdig, slik at i denne omgang blir det berre opna for innkjøring frå nord (Torget).

Klokka 13.00 vert gjenopninga markert ved at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen klipper snora. Markeringa finn stad i krysset Strandkaien/Fortunen.

Betre kapasitet

Dette er også ei markering av at Statens vegvesen no er ferdig med arbeidet sitt i Teatergaten og med forlenginga i Håkonsgaten. Trafikksystemet i området er lagt om og har fått betre kapasitet.

Omfattande arbeid

I løpet av perioden Strandkaien har vore stengt er det gjort eit omfattande arbeid i området. Det er støypt ein betongkulvert, som gir plass til bossuganlegget, straumkablar, vass- og avløpsrøyr, pluss kablar for kommunikasjon. Arbeida nede i grunnen er i hovudsak utført av Graveklubben, medan Statens vegvesen har hatt ansvaret for utforminga av gatene.

Utfordringar

– Eit anlegg som det på Strandkaien har mange element i seg. Sidan vi her er i nærkontakt med sjøen har flo og fjære hatt innverknad på arbeidet. I delar av døgnet har området det er jobba i, vore fylt opp med sjøvatn. Ved slike forhold er det mange anleggstekniske problemstillingar som må vurderast, fortel prosjektleiar Marit Eidsnes Rogne i Statens vegvesen.

Moderne

Strandkaien framstår no som eit område med eit moderne byuttrykk. Dei gåande har fått breiare fortau, med universell utforming. Kjørande trafikk har framleis to felt. For å gjera det betre for syklistane er det lagt ned skoren brustein. Denne har ei slett overflate, medan annan brustein har den karakteristiske rue overflata. Gatebelysninga er tilpassa området.

Takk

– Statens vegvesen rettar ei stor takk til dei næringsdrivande i Strandkaien-området, for det store tolmodet deira og det gode samarbeidet vi har hatt i anleggsperioden. No får dei tilbake ei gate som vil gjera kvardagen betre, trur Rogne.

Meir enn Strandkaien

Når det gjeld Håkonsgatens forlenging er fleire gater på Nøstet omfatta av dette prosjektet. I Håkonsgaten er det lagt skifer på fortaua.  Vidare har Teatergaten fått tilbake det opprinnelege brusteinsdekke, med sykkelvenleg overflate langs ytterkantane. Også Rognesmauet har fått ei estetisk opprusting.

Bergensprogrammet

Arbeida med opprusting av Strandkaien har kosta rundt 55 millionar kroner, medan Teatergaten/Håkonsgatens forlenging har kome på rundt 43 millionar kroner. Begge prosjekta er finansierte gjennom Bergensprogrammet.

Kontaktpersonar

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Hordaland fylkeskommune, mob. 924 50 196
Byråd Fillip Rygg, Bergen kommune, tlf. 55 56 58 42, mob. 918 49 610
Avdelingsdirektør Olav Finne, Statens vegvesen,
 vegavdeling Hordaland,  tlf. 55 51 65 88 – mob. 911 39 535

Samarbeidspartar i Bergensprorgammet.

Stanley Hauge 14.12.2011 07:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart