Stolt over ny skule i Etne

– Vi er stolte over skulen vår. Vi har gode lærarar og godt miljø. Å samle skulen i nytt hus, blir ein bonus, seier elevane Margit Flatebø og Lars Lundal Eintveit. Nye Etne vidaregåande skule vart offisielt opna 17. januar.

– Den nye skulen blir ein kjempemotivasjon for elevane. Men det viktigaste for oss er at vi har bra miljø og venner her, og gode lærarar, seier Margit Flatebø (i Etnebunad) og Lars Lundal Eintveit (i Hardangerbunad).
– Den nye skulen blir ein kjempemotivasjon for elevane. Men det viktigaste for oss er at vi har bra miljø og venner her, og gode lærarar, seier Margit Flatebø (i Etnebunad) og Lars Lundal Eintveit (i Hardangerbunad). (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Frå sju til ein lokalitet
Tidlegare var skulen fordelt på klasserom i sju lokalitetar rundt om i Etne.
– Det vart mykje gåing frå det eine klasserommet til det andre. Og vi miste ein del undervisingstid grunna dette. Den nye skulen blir ein kjempemotivasjon for elevane. Men det viktigaste for oss er at vi har bra miljø og venner her, og gode lærarar, seier Margit Flatebø og Lars Lundal Eintveit.

Best i landet
Leiar av opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide gratulerte og peika på at Hordaland fylkeskommune har gjennomført ei storsatsing på nye skulehus dei siste åra.
– Vi er dei beste i landet til å byggje nye skular. Vi satsar ikkje berre sentralt, men og i distrikta. Ungdomen skal finne tilbod heime utan å måtte reise langt, sa Steinseide.

Rektor Marion Kallevik og tidlegare rektor Ivar Fredriksen er glad for den nye skulen.
– Vi har kjempa i over 20 år for å få denne skulen. Det har vore ein lang prosess, seier tidlegare rektor Ivar Fredriksen. Han var den første rektoren då skulen vart oppretta i 1987. I 2007 vart han pensjonist, og Marion Kallevik overtok.

Mest nøgde elevane i fylket
Opplæringsdirektør Inger Tønder sa at det er med stor glede at fylkeskommunen kan tilby nytt husrom til skulen.
– Det er viktig at skulen får best mogeleg lokale. Ei elevgransking i dei vidaregåande i fylket viser at elevane i Etne er mellom dei mest nøgde i fylket. Dette er eit teikn på at skulen i Etne er ein god skule. Elevtalet har dobla seg sidan i fjor. Eg er glad for at vi kan tilby eit variert skuletilbod, sa Tønder.

Mykje hjarterom, men lite husrom
Rektor Marion Kallevik sa at skulen har i mange år hatt mykje hjarterom, men slite med husrom.
– Vi var den vesle, rare skulen med dei mange rom. No har vi flytta inn i eit fantastisk hus. Vi er stolte over den vesle skulen vår. Den er ei lita perle. Hordaland fylkeskommune har med eineståande distriktssatsing sikra skulen ei framtid. Dette er ein skule det er verdt å satse på, sa rektor Kallevik.

Leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide og opplæringsdirektør Inger Tønder gratulerer kvarandre med den nye skulen.
– Vi må satse på skulebygging i distrikta, seier leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide og gratulerer opplæringsdirektør Inger Tønder som er glad for at Hordaland fylkeskommune kan tilby eit variert skuletilbod til elevane i Etne.

Skakkesenteret
Den nye skulen har plass i kulturhuset Skakkesenteret saman med kino, bibliotek, kafe og idrettshall på ein 9.700 kvadratmeter stor tomt med idrettsplass og uteområde for skulen. Skulen disponerer 1400 kvadratmeter i huset. Byggjekostnad er 42,5 millionar kroner. Rundt 100 elevar går på skulen. Skuletilboda omfattar design og handverk, media og kommunikasjon, teknisk-/industriell produksjon og påbygging til generell studiekompetanse. Til hausten får skulen idrettslinje.

Elevinspektør Ingelin Håheim (t.v.) på det nye rommet til lærarane med eigen takterrasse utanfor.
Elevinspektør Ingelin Håheim (t.v.) på det nye rommet til lærarane med eigen takterrasse utanfor.

Godt omdømme
Elevane Margit Flatebø og Lars Lundal Eintveit seier at skulen har godt omdømme i kommunen.
– Det er ein del ungdommar som ønskjer å reise vekk. Eg gjekk første året her og vurderte så å  reise på hybel til Bergen, men er glad for at eg i staden valde å gå alle åra her. Til hausten reknar eg med å reise til Sogndal og byrje på lærarutdanning, seier Lars Lundal Eintveit som går på vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

Heilt uverkeleg
– Eg og tenkte å reise til Bergen for å gå første året på design og handverk, men er glad for at eg valde å gå her i staden. Men skulen her har ikkje vidareutdanning i tekstil, så til hausten er planen å reise til Bergen og gå 2. året der, men eg skulle ønskje at skulen her hadde denne utdanninga. Vi har gode lærarar og bra miljø. Den nye skulen er heilt uverkeleg i høve til slik vi hadde det. Det er blitt veldig bra, seier Margit Flatebø som går første året på design og handverk.

Eitt av dei nye klasseromma for handverk og design.
Eitt av dei nye klasseromma for handverk og design.

Nye Etne vidaregåande skule har plass i det nye Skakkesenteret. Skulen har kosta 42,5 millionar kroner og får eit areal på 1400 kvadratmeter. Skulen har rundt 100 elevar.
Nye Etne vidaregåande skule har plass i det nye Skakkesenteret. Skulen har kosta 42,5 millionar kroner og får eit areal på 1400 kvadratmeter. Skulen har rundt 100 elevar.

Nye mac’ar ventar på elevane på media og kommunikasjon.
Nye mac’ar ventar på elevane på media og kommunikasjon.

Ein ny idrettshall med garderobar og styrketreningsrom er teken i bruk.
Ein ny idrettshall med garderobar og styrketreningsrom er teken i bruk.

Bjarte Brask Eriksen 18.01.2012 16:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart