
– Det er blitt veldig flott, seier Beathe Marie Nordanger, frå Sotra, med ein papegøye frå Brasil. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Tarantella frå Chile
I smådyravdelinga er det papegøyar frå Brasil og Venezuela, kaninar frå Tyskland, marsvin, tropiske akvariefisk, tarantellar frå Chile, undulatar, duer og tamhøns frå regnskogen i Asia.
Tilrettelagt for publikum
– Det er ingen andre som har så flott smådyravdeling. Vi har tatt modell frå Sverige. Dei var tidleg ute med å differensiere naturbruk. No ser vi same tendensen her på Stend. Hund og smådyr er blitt viktige. Vi må lære å stelle dyra. Anlegget vårt er tilrettelagt for publikum. Elevane skal lære å presentere dei for andre, seier rektor Bjørn Lyngedal.

Stor glede for den nye smådyravdelinga ved Stend vidaregåande skule: Rektor Bjørn Lyngedal (f.v.), leiar av opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide, som viser fram ein tarantell frå Chile, og avdelingsleiar ved smådyravdelinga, Lisa Linn Lorentzen.
Heilt fantastisk
Leiar Roald Steinseide i opplærings- og helseutvalet i Hordaland er imponert.
– Det er heilt fantastisk å sjå dette. Eg er med som politikar på 9. året, og det har skjedd svært mykje her oppe desse åra. Stend er leiande på smådyr i landet. Her opnar de slik at barnehagar, skuleklassar og familiar kan kome på besøk. Det er ikkje alle som veit kvar egget kjem frå. Det kan dei sjå her. Dette har blitt mykje betre enn eg hadde tenkt drøymt om. Det skal ikkje bli lenge til neste gong eg kjem og då skal eg ta med heile utvalet. Skulen har full støtte frå oss politikarar. Her er det flinke elevar og fagleg dyktige lærarar og tilsette, seier Roald Steinseide.
Skal oppleve nok spennande
Lisa Linn Lorentzen er avdelingsleiar ved smådyravdelinga.
– Vi er ei avdeling i vekst. Det skjer noko her heile tida. Vi skal rullere med utstillingar. Dei som kjem innom skal oppleve noko svært spennande. Den gamle jordbruksskulen er i endring. Kva gjer tropiske fuglar, akvariefisk og rotter i bur her? Levevilkåra har endra seg og folk brukar meir pengar på kjæledyr. Zoobransjen veks mykje og krev kompetanse. Vi har kompetansen her, seier Lisa Linn Lorentzen.

– Vi vil tilrå andre å gå her, seier elevane Ingrid Rådmannsøy Digernes, Laksevåg (f.v.), Linda Årvik, Varaldsøy og Mariell Casetto Pedersen, Olsvik, med smågnagaren degus i hendene.
Vi har alle fått det fint
Ingrid Rådmannsøy Digernes, Laksevåg, Linda Årvik, Varaldsøy og Mariell Casetto Pedersen, Olsvik, er tre av elevane som går andre året på naturbruk.
– Vi har fått det svært fint her, og dyra har fått det fint. Vi vil tilrå andre å gå her. Dei to første åra er her ved smådyravdelinga, mens vi kan ta det siste året med allmennfagleg påbygging, seier det tre jentene.
God dyrevelferd
Bygningen er reist med tanke på god dyrevelferd og at det skal vera ein god læringsarena for elevar og lærarar.
Utbygginga av smådyravdelinga er ikkje heilt ferdig. I tillegg til dei 350 kvadratmeterane inne, skal dyr og fuglar få eit uteområde til våren på fleire hundre kvadratmeter å boltre seg på. Det blir bygt store utandørs bur som heng saman med bura innadørs, slik at dyr og fuglar fritt kan vere ute eller inne

Johanne Gurvin Skaaland frå Norvik (f.v.), Stine Elise Økland Møster, Kringlebotn og Ida-Elin Horvei, Laksevåg, går 2. året på naturbruk og viser fram dei flotte, tyske kaninane, kjempeschecke (dei to t.v.) og ein dvergvedder (t.h.).
Nytt fagområde
Undervisning om kjæledyr er eit nokså nytt fagområde i dei vidaregåande skulane. I programområdet for naturbruk skal ein ha fokus på bruk av dyr og natur i yrkes- og fritidssamanheng. Stend vidaregåande skule i Fana er den naturbruksskulen i Noreg som har satsa mest på dette området. Skulen har tilbod om opplæring innan kjæledyr, hund og hest.
God, praktisk opplæring
Ved smådyravdelinga skal elevane få god praktisk opplæring innan fôring og stell av kjæledyr, åtferd, anatomi, fysiologi for å få eit fagleg solid grunnlag for å gå ut i dyrerelaterte yrke og til høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie og biologi.

– Her langs veggen skal vi byggje utebur til dyr og fuglar, slik at dei fritt kan gå ut og inn, seier Lisa Linn Lorentzen, avdelingsleiar ved smådyravdelinga.

Ein skeptisk leiar av opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide, held handa fram for at Lisa Linn Lorentzen, avdelingsleiar ved smådyravdelinga, skal gi han ein tarantell frå Chile. Lorentzen trøystar med at om tarantellen bit, så er det sjanse for å overleve. – Det blir om lag som eit vepsestikk, seier Lorentzen.