2010 er sjuande året på rad med overskot eller balanse i fylkeskommunen sin rekneskap. Fylkeskommunen sine driftsinntekter var i 2010 på nær 6,4 mrd. kr, og utgiftene utanom kapitalutgifter var akkurat 6 mrd. kr.
Netto driftsresultat i 2010 vart 5,5% – noko som er ei klar betring samanlikna med dei to siste åra.
Samferdsel
I samferdselssektoren er budsjettoverskridinga på 135 mill. kr. Av dette gjeld 80 mill. kr høgare forbruk enn budsjettert, medan inntektene vart 55 mill. kr lågare enn budsjettert. Heile overskridinga gjeld kollektivtrafikken.
Årsak overskriding
Hovudgrunnane til overskridingane er: Ekstra bussruteproduksjon i samband med den dårlege luftkvaliteten i bergensområdet vinteren 2010. Utsett start for rutepakke Bergen sør frå 1. mai til 16. august og tilpassingar ved oppstart av rutepakka. I tillegg vart det sett inn fleire bussruter som følgje av at rutefrekvensen for Bybanen ikkje kom ned i 6 min. mellom avgangane før frå 1. november.
Budsjettbom
Inntektssida viser svikt på om lag 55 mill. kr samanlikna med budsjettet. Minstetakstområdet vart vesentleg utvida frå 2010. Reduksjonen i billettinntektene denne utvidinga medførte, var ikkje godt nok fanga opp i budsjettet. Inntektssida i fleire rutepakker var også overvurdert i budsjettet.
Rekneskapen for 2010 viser at ein ved budsjetteringa ikkje hadde godt nok grunnlag for inntektsoverslaga.

Hordaland fylkeskommune hadde i 2010 budsjettoverskriding på 135 mill. kr knytt til kollektivtrafikken. Overskridinga er ein kombinasjon av større utgifter og mindre billettinntekter enn budsjettert.
Opplæring
Opplæringssektoren har overskriding på om lag 35 mill. kr. Det er særleg spesialundervisinga som har kosta meir enn budsjettert. Dette gjeld dels tilbod til elevar ved eigne vidaregåande skular og dels betaling for elevar frå Hordaland som får undervising i andre fylke. Dette gjeld t.d. for ungdom som er under tiltak i barnevernet.
Godt styrte skular
Fylkesrådmannen er glad for at det har vore god budsjettstyring ved dei vidaregåande skulane i 2010. Samla har skulane ei budsjettoverskriding på 3 mill. kr eller 0,15 % av budsjettet på over 2000 mill. kr for dei vidaregåande skulane i 2010.
Samlar i fond
Skular som har overskot får setja av midlane på fond til bruk seinare år, medan skular med underskot må dekka dei inn i skulen sitt budsjett to år i ettertid. Ved utgangen av 2010 hadde 28 av 47 skular fondsmidlar på i alt 84 mill. kr, medan 19 skular hadde oppsamla underskot på vel 37 mill. kr.
Inntektspluss
Når det trass overskridingane er mogeleg å gjera opp fylkesrekneskapen i balanse, skuldast det høgare skatteinngang og større konsesjonskraftinntekter enn rekna med. I alt nær 100 mill. kr meir enn budsjettert. I tillegg er det innsparing på ein del postar.
Til investeringar
I 2010 har Hordaland fylkeskommune overført over 300 mill. kr frå driftsrekneskapen til finansiering av investeringar. Med investeringsnivået ein no har i Hordaland fylkeskommune er dette viktig og nødvendig for å kunna oppretthalda det høge nivået det er lagt opp til i økonomiplanen, meiner fylkesrådmannen.
Fylkeskommunen sine investeringar var i 2010 på vel 2,3 mrd. kr.
Driftsutgifter 2010
Hordaland fylkeskommune sine driftsutgifter i 2010:
|
Kultur |
271,9 mill. kr |
|
Opplæring |
2 674,4 mill. kr |
|
Tannhelse |
262,3 mill. kr |
|
Samferdsel |
1 883,8 mill. kr |
|
Regional utvikling |
256,4 mill. kr |
|
Politiske organ og administrasjon |
294,1 mill. kr |
|
Fellesfunksjonar |
154,3 mill. kr |
|
|
|
|
Renter på lån |
119,4 mill. kr |
|
Avdrag på lån |
151,5 mill. kr |