Reklamefilm skal auke rekrutteringa til yrkesfag

– Vi ønskjer å få flest mogeleg søkjarar både til vår skule og til yrkesfag generelt, seier assisterande rektor Sigurd Trageton ved Årstad vidaregående skole. For å auke rekrutteringa har skulen laga ein reklamefilm som går på kino og tre kortfilmar.

Reklamefilmen på Bergen kino, 30 sekund lang:



Betre omdømme
– Filmane gir en ganske fin presentasjon av yrkesfaga. Vi prøver å vise kva yrkesfag er, alt det positive om yrkesfag. Vi ønskjer at elevane skal søkje hos oss, men vi vil og auke interessa for yrkesfag. Vi håpar filmane kan heve statusen til yrkesfag. Dette er ein del av ein langsiktig strategi vi har for å betre omdømme både for yrkesfag og skulen vår, seier Trageton.

Autentisk
Filmane er tatt opp ved skulen og viser autentiske undervisingssituasjonar.
– Vi har fått den profesjonelle produsenten Frode Fimland til å lage filmane. Vi hadde anbod og valde han av tre tilbod vi fekk. Reklamefilmen er på 30 sekund og skal visast på Bergen kino i ein månad.  Men denne reklamefilmen er kort, så vi har i tillegg laga tre litt lengre kortfilmar på to-tre minutt kvar. Vi håpar at dei som ser reklamefilmen og får lyst å sjå dei tre kortfilmane, seier Trageton.

På YouTube
Både reklamefilmen og dei tre kortfilmane er lagt ut på YouTube, men kan og sjåast på denne sida og på heimesida til Årstad vidaregående skole.
– Filmane fortel ulike historier og viser yrkesfaga. Her ved skulen kan vi tilby heile åtte av ni yrkesfag.

Positive tilbakemeldingar
Trageton fortel at dei har fått mange positive tilbakemeldingar om filmane. Til no har dei hatt over 3500 visningar på YouTube.

Filmene kan du laste ned på YouTube
http://youtube.com/aarstadvgs

eller frå heimesida til Årstad vidergående skole

eller du kan sjå dei her:

Kortfilmen: Lidenskap for faget (2,25 minutt lang)

Kortfilmen Jo flere kokker…. (2,34 minutt lang)
 
Kortfilmen: Kort vei til arbeidslivet (1,55 minutt lang)
 

Bjarte Brask Eriksen 27.01.2012 11:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart