Næringslivet i Hordaland ventar auka omsetning og styrka lønnsemd, og fleirtalet ventar stabil eller aukande sysselsetting i 2011. Det går fram av bedriftsundersøkinga til Næringsbarometeret som baserer seg på innspel frå 1100 bedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Vekst på tre prosent
Dei fleste sektorane innanfor næringslivet i Hordaland rapporterte om dårlege utsikter for 2009, som blei følgd av ein forsiktig optimisme i 2010. Samla sett signaliserer bedriftene i Hordaland ein vekst i sysselsettinga på 3 prosent i 2011. Det er likevel knytt stor uvisse til korleis utviklinga i internasjonal økonomi vil verke inn på den vidare veksten i norsk økonomi.
Auke i investeringsnivået
Aukande salsprisar og produksjon fører til styrka driftsresultat, og det er klart fleire bedrifter enn før som ventar ei auke i investeringsnivået. Verfts- og maskinindustrien/mekanisk industri slit framleis med minkande ordrereservar og er den delen av næringslivet som er minst optimistiske til utsiktene i 2011. Men også innanfor denne gruppa ventar kvar tredje bedrift aukande omsetning og styrka lønnsemd i 2011.
Størst vekst er venta innanfor forretningsmessig tenesteyting og i bygg- og anleggsnæringa.
Ventar stabil arbeidsløyse
I 2010 hadde Hordaland ei arbeidsløyse på 2,6 prosent i gjennomsnitt. Det er ei auke på 9 prosent frå 2009, året sett under eitt. I følgje dei siste prognosane frå NAV kan arbeidsløysa på landsnivå auke med i gjennomsnitt 7 prosent i 2011. NAV Hordaland ventar uendra arbeidsløyse.
Frå 2009 til 2010 har Hordaland hatt ein reduksjon i stillingstilgangen på 10 prosent. Trass i redusert stillingstilgang er det framleis mange ledige stillingar. I Hordaland er det flest ledige stillingar innan ingeniør- og IKT-fag, butikk- og salsarbeid og helse, pleie og omsorg.
Næringsbarometeret januar 2011
Presentasjon av Næringsbarometeret (pdf)