Hordaland fylkesutval vil nok ein gong gjenta overfor Fiskeri- og kystdepartementet at dei umiddelbart må forsera arbeidet med raskt å fjerna kvikksølvet frå havbotnet for alltid.
Fylkesutvalet seier dette i ei fråsegn til fiskeri- og kystministeren.
I fråsegna som vart samrøystes vedteken, understrekar fylkesutvalet at dei er urolege over at fjerninga av kvikksølvlasta ved Fedje på nytt dreg ut i tid.
Kart som viser plassering av ubåtvraket ved Fedje.
Fråsegna:
«Fylkesutvalet i Hordaland registrerer at fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen no ikkje med sikkerheit vil stå ved løftet om å heva vraket av utbåten U-864 utanfor Fedje. Vi ventar at ho følgjer opp forgjengaren, Helga Pedersen, sitt krystallklare løfte om at ubåtvraket skulle hevast.
Dette skaper på nytt ei stor og unødvendig uvisse for folket på Fedje og Vestlandet. Denne handteringa kan også bidra til å svekka tilliten til fiskeri- og sjøfartsnasjonen Noreg.
Fylkesutvalet er urolege over at opprydjinga på nytt dreg ut i tid, og vil nok ein gong gjenta overfor Fiskeri- og kystdepartementet at dei umiddelbart må forsera arbeidet med raskt å fjerna kvikksølvet frå havbotnet for alltid.»
KS1-rapport om håndteringa av U-864 overlevert