Julelysa tent på Orknøyane

Helga 2.-4. desember 2011 var ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune, leda av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på Orknøyane. Eit av måla med vitjinga var å tenne lysa på juletreet som fylkeskommunen gir til denne venskapsregionen kvart år.

Vel blåst kan ein si om vitjinga i år til venskapsregionen Orknøyane. Med både vind i orkan styrke, sludd, snø, regn og sol har delegasjonen verte kjent med Kirkwall og lært om Orknøyane sine lange forbindelsar med Noreg over fleire hundre år.

Lys på juletreet utanfor St. Magnus-katedralen

Fleire i delegasjonen i år var på Orknøyane for første gang, blant dei fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og opplæringsdirektør Inger Øvsthus Tønder. Fylkesordføraren kunne helse på kjente vener og var tilbake for å tenne lysa på juletreet som kvart år er ei gåve frå Hordaland fylkeskommune utanfor den imponerande 850 år gamle St Magnus-katedralen. I sin tale under sjølve seremonien fekk fylkesordføraren høve til å takke innbyggjarane på Orknøyane og Orkney Islands Council for deira medføling i samband med tragedien 22. juli i år.

St. Magnus Cathedral i Kirkwall

Nye kontaktar mellom Fedje kommune og Orknøyane

To representantar frå Fedje kommune var og med i delegasjonen. Jan Torry Sande og Grete Herøy hadde møter med representantar frå både kulturavdelinga og helse og omsorgsavdelinga i Orkney Islands Council.

Rikt kulturelt program

Helgen var stappfull av rike opplevingar, med konserter, besøk til historiske stader og mottakingar der ordførar Stephen Hagan, norsk konsul på Orknøyane Bill Spence og Orkney Norway Friendship Association var vertskap. Konserten ”NordLys” sundag kveld var ein flott framvisning av mellom anna unge musikalske talent frå Orknøyane, og to jenter spilte Hardingfele på et imponerande nivå. Vår eiga songgruppe ”Taus” viste seg å vere veldig populære og song ved fleire høve. Dei hadde tidligare i veka haldt en rekkje vellykka konsertar på skolane på ulike øyer.

Tre av medlemmane i Taus med Lucia-jenter frå Orknøyane

Mange flotte musikalske opplevingar med Highland pipes og allsong saman med varm gjestfridom gjør denne helga og våre samarbeidstradisjonar med Orknøyane til noe veldig spesielt og givande.

 

Kate Clarke (tekst & foto) 06.12.2011 09:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart