Det spesielle var at treet frå og med i år står planta på plenen utanfor «Hordalandsterrassen». Treet er planta til minne om ofra etter terrorhandlingane 22. juli og ein minneplakett vart avduka av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og Mette Valle frå AUF.

Samla framfor treet som er planta til minne og som framtida «Hordalandsjuldetre» i Cardiff, er frå venstre: Mette Valle (AUF), fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Deputy Lord Mayor Jayne Cowan, fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes, Thorbjørn Holt (sjømannskyrkja i London) og Grethe Knudsen (den norske ambassaden i London).
Lokalt initiativ til «Hordalandsjuletre»
Dei tette banda som Cardiff har til Noreg og Hordaland gjorde sitt til at hendingane i Oslo og på Utøya 22. juli i år gjorde eit sterkt inntrykk på innbyggarane i Cardiff. Det vart arrangert minnegudsteneste i kyrkja, kondolanseprotokoll vart lagt ut og pengar samla inn til attreisinga på Utøya.
Cardiff City og County Council tok tidlegare i haust initiativ til å plante eit tre utanfor den gamle sjømannskyrkja, no Norwegian Church Arts Centre. I tillegg til å vere eit tre til minne, vil dette treet og vere det framtidige «Hordalandsjuletreet». På den måten bidrar det òg til å redusere påverkinga på klimaet ved at ein ikkje lenger vil hogge, og ikkje minst frakte, eit nytt juletre til kyrkja kvart år.

Mette Valle frå AUF Hordaland og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen avduka plakett til minne til minne om dei som mista livet i Oslo og på Utøya 22. juli 2011.
Seremoni sundag 27. november
Under den årlege seremonien for tenning av julelysa på treet i Cardiff, som i år fann stad den 27. november, avduka fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og Mette Valle frå Hordaland AUF ein
minneplakett ved treet der det står: «Planta til minne om dei som mista livet i Oslo og på Utøya 22. juli 2011» – på norsk, engelsk og walisisk.
Mange hadde møtt opp denne sundagskvelden for å vere med på julelystenninga og avdukinga. Mette Valle frå Hordaland AUF heldt ein sterk tale der ho mellom anna minna om at det no var endå viktigare at dei held fram med å kjempe for dei verdiane dei trur på.

Mette Valle heldt ein sterk tale ved markeringa i Cardiff 27. november.
Stor oppslutning
Den årlege lystenningsseremonien i Cardiff har stor lokal oppslutnad både frå politikarar, norsk-walisarar og andre. Dei 17 vidaregåande elevane som utgjer «Hordalandsklassen i Cardiff» stiller og opp, mange av dei med sine lokale vertsfamiliar.
Sidan det i år er første året med det nye fylkestinget var både fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og varaordførar Mona H. Hellesnes til stades ved juletretenninga, saman med fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, Grethe Knudsen frå den norske ambassaden i London, Thorbjørn Holt frå den norske sjømannskyrkja i London og leiar i ANSA London, Sebastian Willyn.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen opna Amundsenutstillingen – den første utstillinga i det nye galleriet ved Norwegian Church Arts Centre i Cardiff.
Opning av Amundsenutstilling i kyrkja
I forkant av tenninga av julelysa opna fylkesordførar Tom-Christer Nilsen ei utstilling i den norske kyrkja. Utstillinga er kalla «Cold Recall - Reflections of a Polar Explorer» og er lånt ut av Frammuseet i Oslo i høve 100-årsjubileet for Roald Amundsen sin ekspedisjon til Sørpolen.
Norwegian Church Arts Center vart gjenopna 17. mai 2011 etter ein lengre ombyggingsprosess. Ei av endringane er at kyrkja no har fått eit større galleri i andre etasje. Amundsenutstillinga er den første som vert vist i dei nye lokala.
Tekst og foto: Charlotte Lillefjære-Tertnæs