
Tre politiske forvaltningsnivå samla på eitt brett: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen med stortingsrepresentant og partileiar for Høgre: Erna Solberg, ordførar Trude Drevland og byrådsleiar Monica Mæland. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Størst vekst i Hordaland
Nyttårsmøtet på Hotel Noreg er eit samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning om viktige utfordringar og felles saker. Fylkesordføraren peika på at veksten er større i Hordaland, både i befolkning og tal arbeidsplassar enn i resten av landet.
– Men det er mørke skyer i horisonten. Vi veit korleis vi skal møte dei. Det offentlege og private må jobbe saman for å førebu morgondagen og for å møte utfordringane. Vi er eit robust fylke, men likevel meir utsette for dei internasjonale svingingane fordi vi er meir eksportorientert enn resten av landet.

Fylkesmann Lars Sponheim og tidlegare stortingsrepresentant Magnus Stangeland deltok på møtet.
Kollektivsuksess
Fylkesordføraren meiner god infrastruktur er avgjerande for at fylket skal lukkast.
– Eit godt og velfungerande kollektivsystem er heilt avgjerande for Bergensområdet. Med Bybanen og nye driftskontrakter for ruteopplegget i Bergensområdet, har vi fornya bybiletet med både skinnegåande kollektivtransport og flunkande nye bussar. Dei nye bussane oppfyller alle krav til universell utforming og har vesentleg lågare utslepp enn dei gamle. Bybanen er ein suksess. Passasjerveksten er ganske stor. Vi transporterer fleire menneske med Bybanen kvar dag enn det bur i Askøy kommune, sa fylkesordføraren og viste til at gjennomsnittleg tal reisande på kvardagar med Bybanen no oppe i 27.800.
Må utviklast vidare
I 2012 blir det fullt trykk for å legge til rettes for vidare utbygging av Bybanen.
– Vi arbeider hardt for å få på plass internettløysing for billettering og sanntidsinformasjon på haldeplassar, terminalar og mobiltelefon, slik at det skal bli lettare å velje buss og bane. For å stimulere til framleis passasjerauke har vi ingen prisauke i 2012 for kortbrukarar på buss og bybane. Kollektivtransporten må utviklast vidare. Eg har difor tatt initiativ til at det blir starta eit arbeid med ein langsiktig kollektivstrategi for Bergensområdet. Dette handlar også om avklaring av framtidig finansieringsbehov, sa fylkesordføraren.

Politisk redaktør i Bergens Tidende, Sjur Holsen, kom med nyttårsønskje, mellom anna om ferjefri E39, stortingsrepresentant Arne Sortevik sa at Stortinget er på lag med Hordaland også i 2012 og Gina Knutson Barstad vikarierer på Stortinget mens Audun Lysbakken er i regjering.
Ferjefri E39
Fylkesordføraren har merka seg at dei statlege transportetatane om ikkje lenge skal leggje frem forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for 2014-2023.
– Her skal vi på bana for å få fram Hordaland sine behov. Det er mange prosjekt vi ønskjer å slåst for. Mine forventningar er særleg knytta til statleg medfinansiering av kollektivtransport i byområda, ferjefri kystamvei E39 og tiltak for å få ned ulukkene på E16 mellom Bergen og Voss. Staten har over lengre tid bygd ut skinnegåande transport i Oslo. Vi er heilt avhengige av at staten gjer det same for andre storbyar. Det skulle berre mangle.
Staten må ta medansvar
– Det er difor på høg tid at staten tar medansvar for dei andre storbyane. Dette er ein godt høve til å slåst for dette og staten må vise at dei meiner noko med målsetjinga for kollektivtrafikk og miljø i storbyane. Det er spesielt viktig i denne storbyen. E39 har avgjerande betydning for regional utvikling langs heile kysten på Vestlandet. Mine forventningar er at det går raskt med avklaring av trasevalg og tung innsats for vidare planlegging av ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanger. Ferjefri løysing har no brei tilslutnad. Da er vi sikra framdrift og at teknologiske avklaringer er på plass og får den realisert så fort som mogeleg. I tillegg til dette vil fylkeskommunen i NTP-arbeidet ha særskilt merksemd mot fullføring av dobbeltsporet gjennom Ulriken, E134 over Haukeli, rassikring og utbetring av Rv13 langs Sørfjorden, fiskerihamnutbygginga i Austevoll og Askøypakka, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Teatersjef Agnethe Haaland (t.v.) hadde nyttårssønskje om meir plass på Den Nationale Scene, men ville også ha kulturskule for alle som ønskjer det. Stortingsrepresentant Hilde Magnusson hadde mottoet: Går det bra for Noreg, går det bra for Hordaland.
Kompetanse i verdsklasse
Fylkesordføraren vil ta grep slik at Hordaland framleis blir ein leiande olje og gassregion.
– Eg starta med å peike på kor viktig petroleumsverksemda er for næringsliv og verdiskaping i Hordaland. Aktørar frå alle delar av fylket har sidan starten av norsk olje- og gassverksemd gitt verdifulle bidrag og satt sitt positive preg på utviklinga gjennom 40 år. I tett samarbeid med utdanningsinstitusjonane og forskings- og utviklingsmiljøa, har desse aktørane utvikla kompetanse i verdsklasse.
Leiande gass- og oljeregion
– Denne kompetansen vil vere grunnleggande for den vidare utviklinga i Hordaland og andre regionar langs kysten dei neste 40 åra, slik også regjeringa legg opp til i Stortingsmelding nr. 28 om framtida til norsk petroleumsnæring. Meldinga vart nyleg vedtatt i Stortinget. Hovudbodskapen er at det er lyse utsikter for norsk petroleumsindustri i dei neste 40 åra. Det må vi som ein av dei viktigaste petroleumsregionane i Noreg dra nytte av. Og saman med aktørane ta strategiske grep slik at vi sikrar at Hordaland framleis er ein viktig og leiande gass- og oljeregion.

Språkprofessor Sylfest Lomheim (t.v.) peika på at politikarane seier 2012 på ulike måtar, mens Tom Knudsen i NHO vil ha ferjefritt Hordaland.
Planlegging for framtida
Arbeidet med ny regional planstartegi startar no.
– Denne vil vere eit overordna strategidokument basert på analyser av dominerande utviklingstrekk og trender i Hordaland. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med mellom anna kommunene. I løpet av vinteren startar vi eit svært viktig arbeid med samordna areal- og transportplan for Bergensområdet. Dette arbeidet blir sentralt for å avklare strategiar, prioriteringar og konkrete løysingar for framtidig arealdisponering og transportløysingar i denne regionen.
Lettare og betre samarbeid
– Arbeidet vil gå over fleire år og vil vonaleg bidra til å gjere samarbeidet mellom dei ulike kommunane, etatane, byen og fylket lettare og betre. Ny næringsplan skal også utarbeidast i løpet av 2012. Denne skal setje retning og avklare innsatsområde og verkemiddel for vår felles innsats for næringsutvikling, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på nyttårsmøtet.

– Olja er kjelden til vår suksess, sa professor Victor D. Norman som kommenterte finanskrisa.

Torill Selsvold Nyborg sa det var viktig å stå saman for å få belønningsmidlar frå staten til vidare utbygging av Bybanen, mens nestleiar Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet Hordaland ønskjer meir satsing på miljøet.

På nyttårsmøtet vart den nye visuelle profilen til Hordaland fylkeskommune vist fram.
Lenkje
Sjå foredraga på nyttårsmøtet