Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at fylket vert utan meieri. Det er viktig at det også i framtida er eit meieri lokalisert i den neste største marknaden i landet – Hordaland og Bergen, seier fylkesutvalet.

Fråsegna

Etter forslag  frå Sveinung Valle (Arbeidarpartiet)  ved fylkesutvalet samrøystes å senda denne fråsegna til konsernstyret i TINE:
 
«Fylkesutvalet er sterkt uroa for ein del av arbeidsplassane i næringsmiddelindustrien, etter signal frå både eigarar og tilsette. Dette gjeld spesielt arbeidsplassar i TINE som tel over 200 i Hordaland, fordelt på Minde, Voss og Øystese.
 
Fylkesutvalet er kjend med at avgjerd om lokalisering av produksjonar, om etablering av nytt meieri på Flesland, skal takast i nær framtid.
 
Både eigarar og tilsette utrykkjer frustrasjon overfor det politiske miljøet, spesielt fordi ein ikkje har fått god og nok informasjon om prosessen.
 
For ein del år sidan valde samvirket å leggja ned begge slakteria i Hordaland, både i Eidsvåg og Granvin. Ein fryktar no at det same kan skje på meierisida, der næraste meieri i sør ligg i Stavanger, og i nord i Byrkjelo.
 
Fylkesutvalet vil peike på at Hordaland og Bergen har den nest største konsentrerte marknaden i Noreg. Å ha meieri lokalisert nær ein så stor marknad, gjev ein miljøgevinst.
 
Fylkesutvalet ønskjer å støtta opp om kompetansemiljøet og arbeidsplassane i Hordaland.»

Stanley Hauge 27.01.2012 12:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart