– We love you, Norway!

Tre profilerte bergensmusikarar var førre veke i Shanghai for å spela norsk musikk for kinesiske born. Dei disiplinerte elevane svarte med norsk song og vart så engasjerte at lærarane gav opp resten av dagens undervisning.

Bergensmusikaren Olav Dale i aksjon i Shanghai.
Bergensmusikaren Olav Dale i aksjon i Shanghai.

Rikskonsertane sende tre skulekonsertprogram til Kina for å delta i Shanghai International Arts Festival. Fylkeskonsertane i Hordaland sitt program, Bagabo Poohmer, var eitt av programma som representerer Noreg.

Hordalandstrio
Artistane hordalandsproduksjonen er trioen Olav Dale, Per Jørgensen og Helge Lilletvedt. Saman spelar dei jazz for kinesiske born, som syng med av full hals på songane dei har fått tilsendt på CD – og dei syng på norsk!

Kinesiske barn likte konserten.Disiplinerte
Dei kinesiske borna er meir disiplinerte enn norske born på same alder, og musikarane må vera overtydelege og overbevisa borna om at det er fritt fram for spontan respons.

– Dei er drilla til å klappa og klappar så snart vi tar ein saksofon ut av munnen. Vi prøver å utfordra dei, og utover i konserten så tør dei å la det sprute ut, seier Olav Dale.

At dei klarar å frigjera borna, er det liten tvil om. Det norske konsulatet i Shanghai fekk tilbakemelding få ein skule som hadde trioen på besøk førre måndag. Borna var så overgira etter konserten at skulen like godt avlyste skuleprogrammet resten av dagen – lærarane gav opp.

Elevar introduserer musikarane på kinesisk og engelsk frå scenen. Kvar einaste spelemannspris dei har fått vert lesen opp, til klappsalvar frå publikum. På siste konserten vart dei vifta inn på scenen med orda: – We love you, Norway!

Likt, men ulikt
Kinesiske og norske born reagerer nokså likt på humor og musikk, meiner hordalendingane, men det er nokre markante forskjellar i reaksjonane. I konserten prøver dei å få publikum til å synga med, men opplever at dei kinesiske borna svarar som eit ekko.

– Eg trur det heng saman med det pedagogiske opplegget dei er vant til, seier Per Jørgensen. – Dei skal liksom ikkje snakka i munnen på dei vaksne.

Ved hjelp av overtydeleg teiknspråk klarar dei å setja i gang borna på «rett tidspunkt».

– Vi har heldigvis lang erfaring, påpeikar Jørgensen, som meiner det gjer dei tilpassingsdyktige og kapable til å ta tempen på publikum. Vi må ha følarar ute heile tida.

Shanghai
*Kinas største by og verdas travleste hamneby
*Antas å bo om lag 20.000.000 menneske i byen, inkludert ulovlege immigrantar frå andre delar av Kina.
*80 x så stor som Bergen
*Kjent som «Austens Paris»

Dei tre musikarane frå Bergen vart introduserte av kinesiske barn.
Dei tre musikarane frå Bergen vart introduserte av kinesiske barn.

Tekst og foto: Lars Opstad, Rikskonsertane 17.11.2009 15:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart