Profilbilde

Aktuelt - hovudsida

Aktuelt - hovudsida

  • Utfordrande jobb som opplæringsdirektør

    Utfordrande jobb som opplæringsdirektør – Dette er ein spennande og utfordrande jobb, seier den nye opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune, Svein Heggheim. 1. februar tok han til i stillinga og vart ønskt velkommen av avtroppande opplæringsdirektør Inger Tønder.

    02.02.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Lansering av Næringsbarometeret 2012

    Lansering av Næringsbarometeret 2012 Det første Næringsbarometeret for Hordaland i 2012 vert lansert tysdag 7. februar i Bergen. Mette Nora Sætre er næringssjef i Hordaland fylkeskommune og ønskjer på vegne av partane å invitere alle interesserte til presentasjon og paneldebatt av interessante funn.

    01.02.2012
    Les heile saka
  • Ny flyplass med integrert bybaneterminal

    Ny flyplass med integrert bybaneterminal – Dette er ein viktig dag. Vi kan byggje Bybanen fram til flyplassen. Mange trudde ikkje det ville bli mogeleg, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen då han skreiv under på avtalen om å byggje bybaneterminal på Bergen lufthamn som ein integrert del i utbygginga av flyplassen.

    31.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Fylkesutvalet inviterer til breitt plansamarbeid i Bergensområdet

    Fylkesutvalet vedtok 26.01 korleis arbeidet med planprogram for Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet skal organiserast.

    30.01.2012
    Hans-Christian Engum
    Les heile saka
  • Nytt ungdommens fylkesutval i Hordaland

    Nytt ungdommens fylkesutval i Hordaland På ungdommens fylkesting i Hordaland i helga vart det nye ungdommens fylkesutval konstituert. Maria Vatnøy frå Austevoll vart valt til ny leiar. Andrea Trengereid Gjerde, Samnanger er ny nestleiar.

    30.01.2012
    Les heile saka
  • Fryktar at Hordaland vert utan meieri

    Fylkesutvalet fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at fylket vert utan meieri. Det er viktig at det også i framtida er eit meieri lokalisert i den neste største marknaden i landet – Hordaland og Bergen, seier fylkesutvalet.

    27.01.2012
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Reklamefilm skal auke rekrutteringa til yrkesfag

    – Vi ønskjer å få flest mogeleg søkjarar både til vår skule og til yrkesfag generelt, seier assisterande rektor Sigurd Trageton ved Årstad vidaregående skole. For å auke rekrutteringa har skulen laga ein reklamefilm som går på kino og tre kortfilmar.

    27.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Kvikksølvet må opp frå havbotn

    Kvikksølvet må opp frå havbotn Hordaland fylkesutval vil nok ein gong gjenta overfor Fiskeri- og kystdepartementet at dei umiddelbart må forsera arbeidet med raskt å fjerna kvikksølvet frå havbotnet for alltid.

    27.01.2012
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Opprettheld Sunnhordlandsrutene, vil ha Nordhordlandsbåt på anbod

    Hordaland fylkesutval har vedteke at snøggbåtrutene i fylket i hovudsak skal vidareførast med dagens opplegg. Utlysing av 2. generasjons båtkontraktar skal også omfatta snøggbåt mellom Nordhordland og Bergen.

    26.01.2012
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Den flottaste smådyravdelinga i Noreg

    Den flottaste smådyravdelinga i Noreg – Vi har fått den flottaste smådyravdelinga i Noreg, seier rektor Bjørn Lyngedal. Tysdag 24. januar tok Stend vidaregåande skule i bruk den nye avdelinga på 350 kvadratmeter til 2,5 millionar kroner.

    25.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Tannklinikkar i Hordaland betydeleg betre enn i Rogaland

    Tannklinikkar i Hordaland betydeleg betre enn i Rogaland – Standarden er betydeleg betre på dei offentlege tannklinikkane i Hordaland enn i Rogaland, seier tannlege i Skånevik og Etne, Olaf Larsen. Han går og i vaktturnus på tannlegevakta i Haugesund og kjenner forholda i både Rogaland og Hordaland.

    20.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Stolt over ny skule i Etne

    Stolt over ny skule i Etne – Vi er stolte over skulen vår. Vi har gode lærarar og godt miljø. Å samle skulen i nytt hus, blir ein bonus, seier elevane Margit Flatebø og Lars Lundal Eintveit. Nye Etne vidaregåande skule vart offisielt opna 17. januar.

    18.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Fusa vann igjen

    Fusa vann igjen Fusa har gjort det igjen og har vunne forsida til søkjarhandbøkene for andre året på rad. Berre flaks? Ikkje med elevar som Frode Sandvin, vg3 og Susann Rosvold, vg2 på laget.

    13.01.2012
    Tormod Valaker
    Les heile saka
  • Informasjonsmøte for folkevalde om planlegging

    Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterer til fire regionale informasjonsmøte i februar om planlegging etter plan- og bygningslova.

    12.01.2012
    Les heile saka
  • Slik blir nye Bystasjonen smykka ut

    Slik blir nye Bystasjonen smykka ut To kunstnarar er valde til å smykke ut den nye Bystasjonen i Bergen. Dei er Lars Morell og Stefan Törner. Kunstverka blir installert som ein integrert del under byggeperioden frå mai til august. I oktober blir Bystasjonen med utsmykking opna.

    11.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Ny leiar for Vestlandsrådet

    Ny leiar for Vestlandsrådet Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland tok over leiarfunksjonen i Vestlandsrådet etter nyttår. Han tar over etter fylkesordførar Janne Johnsen i Rogaland.

    09.01.2012
    Matti Torgersen
    Les heile saka
  • KnarvikMila tek sats med fylkeskommunen

    KnarvikMila tek sats med fylkeskommunen ”Målet vårt er at vi skal bli eit utstillingsvindauge – eit arrangement som er så profesjonelt som mogeleg på alle plan, frå marknadsføring til gjennomføring", seier stevnegeneral Helge Brekke. "Det offisielle Nordhordland har sagt at KnarvikMila er den beste marknadsføraren av regionen. Vi ynskjer no å bli endå betre”.

    09.01.2012
    Marta Rongved Dixon
    Les heile saka
  • Forslag om at domstol skal løyse lokale tvistar

    Forslag om at domstol skal løyse lokale tvistar – Vi vil fremje eit lovforslag i Stortinget om å opprette ein lokaldomstol, sa leiar av Høgre, Erna Solberg på nyttårsmøtet til fylkesordføraren. Lokaldomstolen skal ta avgjerd i lokale tvistar der det er usemje mellom dei ulike offentlege forvaltningsnivåa.

    06.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Glede over ny tannklinikk på Stord

    Glede over ny tannklinikk på Stord – Dette har vi gleda oss lenge til. Vi har halde til i dei gamle lokala i snart 40 år. No har vi fått det flott, sa klinikksjef Margareth Råen då ho 4. januar ønskte Stord tannklinikk velkommen i nye lokale i Gågata i Leirvik.

    04.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Hordaland veks med ein liten kommune kvart år

    Hordaland veks med ein liten kommune kvart år – Det går bra i Hordaland. Vi veks med 7000 nye hordalendingar årleg. Det er ein liten kommune kvart år, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på nyttårsmøtet 3. januar i Bergen.

    03.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Midlar til folkehelse og friluftsliv for 2012

    Det er no lyst ut midlar til lokalt arbeid med folkehelse og friluftsliv i Hordaland. Søknadsfrist 15. februar.

    03.01.2012
    Matti Torgersen/ Jon Erik Vollan
    Les heile saka
  • 23,7 millionar til vestnorsk forsking

    23,7 millionar til vestnorsk forsking Forskingsfondet på Vestlandet har i dag delt ut 23,7 millionar i forskingsmidlar. Vêrselskapet StormGeo, Norsk Fruktrådgiving Hardanger og Høgskolen i Bergen er mellom aktørane som har fått støtte.

    21.12.2011
    Øystein Rygg Haanæss
    Les heile saka
  • Hordaland skal redusere energibruken med fleire millionar kilowattimar

    Hordaland skal redusere energibruken med fleire millionar kilowattimar Hordaland fylkeskommune skal redusere energibruken med ein million kilowattimar kvart år, dei neste to åra. Fram til 2020 er målet ein reduksjon på 20 prosent. Fylkeskommunen samarbeider med Bergen kommune og Universitetet i Bergen som har tilsvarande mål.

    21.12.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Ny Strandkai gir betre utsikt for Varg Veum

    Ny Strandkai gir betre utsikt for Varg Veum – Dette er eit flott anlegg og ei viktig opprustning. Vegen gir betre transport, pluss byfornying. Og Varg Veum får betre utsikt, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen då han torsdag 15. desember opna Strandkaien i Bergen for trafikk igjen etter å ha vore stengt sidan mai i fjor.

    15.12.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Strandkaien opnar for biltrafikk torsdag 15. desember

    Torsdag 15. desember blir Strandkaien igjen opna for trafikk. Alt opprustingsarbeid i området er ikkje ferdig, slik at i denne omgang blir det berre opna for innkjøring frå nord (Torget).

    14.12.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Julelysa tent på Orknøyane

    Julelysa tent på Orknøyane Helga 2.-4. desember 2011 var ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune, leda av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på Orknøyane. Eit av måla med vitjinga var å tenne lysa på juletreet som fylkeskommunen gir til denne venskapsregionen kvart år.

    06.12.2011
    Kate Clarke (tekst & foto)
    Les heile saka
  • «Hordalandsjuletre» planta i Cardiff

    Tradisjonen tru vart lysa på juletreet utanfor den norske kyrkja i Cardiff tent sundag 27. november.

    29.11.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Konferanse om samfunnsplanlegging

    Konferanse om samfunnsplanlegging Årets plankonferanse som finn stad 7.- 8. november i Bergen har samfunnsplanlegging og berekraftig verdiskaping som tema. Programmet er rikhaldig og innleiarane sin bakgrunn variert. Påmeldingsfrist 25. oktober.

    10.10.2011
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • 750-årsjubileum for Håkonshallen

    I 2011 er Håkonshallen 750 år. Dette er ei stor nasjonal hending som særleg vert markert med jubileumsveke i september. Tysdag 13. september har fylkesordføraren og ordføraren i Bergen invitert tre representantar frå kvar kommune i fylket til mottaking i hallen.

    05.08.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Over 50 fråsegner til museumsplanen

    Regional plan for museum 2011-2015 har vore på høyring, med høyringsfrist 15.04.11. Det er kome inn godt over 50 fråsegner frå kommunar, institusjonar, interessegrupper og personar.

    09.05.2011
    Anne Aune og Eli Lothe
    Les heile saka
  • Freding av Nygårdsparken

    Nygårdsparken i Bergen vart mellombels freda 29. april av Hordaland fylkeskommune. Fredinga vart vedteken for å stoppe rivinga av eit smijernsgjerde som omkransar parken.

    02.05.2011
    Les heile saka
  • Ros og ris til ny kommuneplan for Lindås

    Kultur- og ressursutvalet i Hordaland gjev både ros og ris til Lindås kommune for den nye kommuneplanen for perioden 2011 – 2023. Kommunen får ros fordi planen er banebrytande innan utbyggingsstrategi, næringsutvikling, landskap og strandsoneforvaltning, men får og ris fordi planen ikkje er tilpassa havbruksnæringa sine behov.

    09.03.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Høyring av planprogram - Regional plan for folkehelsearbeidet

    Planprogram for regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland 2012-2024 er på høyring, med høyringsfrist 10. april 2011.

    03.03.2011
    Sigrun G. Henriksen
    Les heile saka
  • Rekneskap i pluss, stor minus for kollektivtrafikken

    Rekneskap i pluss, stor minus for kollektivtrafikken Rekneskapen for 2010 for Hordaland fylkeskommune kjem ut med solid pluss. Men dei store sektorane, opplæring og særleg samferdsel, hadde store budsjettoverskridingar – i alt 170 mill. kr.

    18.02.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Ny vekst og optimisme i Hordaland

    Ny vekst og optimisme i Hordaland Næringslivet i Hordaland ventar auka omsetning og styrka lønnsemd, og fleirtalet ventar stabil eller aukande sysselsetting i 2011. Det går fram av bedriftsundersøkinga til Næringsbarometeret som baserer seg på innspel frå 1100 bedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane.

    20.01.2011
    Les heile saka
  • Svein-Erik Fjeld til Utdanningsdirektoratet

    Svein-Erik Fjeld til Utdanningsdirektoratet Opplæringsdirektøren er på flyttefot, men berre til rett over gata. – Eg har fått permisjon og skal arbeide seks månader for Utdanningsdirektoratet i første omgang, fortel han.

    06.12.2010
    Tormod Valaker
    Les heile saka
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart