Tale fylkesordførar fylkesting 12. oktober 2010

Talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting i Bergen tysdag 12 oktober 2010.

Vel møtt til oktoberting.

Vestlandsrådet sin nye strategi for E39
Saman med fylkesordførarane i dei tre andre vestlandsfylka møtte eg 4. oktober yrkessjåførar og bilistar på ferjekaien i Mortavika i Rogaland for å markera at heile Vestlandet no vil leggja press på regjeringa for å få til ein ferjefri kyststamveg mellom Stavanger og Trondheim. Markeringa var eit felles innspel til arbeidet med ny Nasjonal Transportplan (NTP) frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Handlingsprogrammet til Vestlandsrådet sin eigen Transportplan for Vestlandet tek sikte på å ha fullført ein ferjefri E39 mellom Stavanger og Trondheim innan 2025. Drahjelp frå staten i finansieringa av dei mange delprosjekta vert avgjerande for å realisera «Vestfast 2025».

Ferjefri E39 er ei av dei viktigaste sakene på programmet til Vestlandsrådet. E39 går gjennom fem av dei største byane i landet, og vedkjem nærare 1,7 millionar nordmenn. Ein ferjefri E39 vil skapa regional integrasjon og grobotn for vekst i ein utvida arbeidsmarknad.

Vestlandet har eit av dei mest krevjande utgangspunkta i verda for å byggja veg og infrastruktur. Nyleg presenterte Statens vegvesen ei løysing for bru over Sognefjorden – den mest utfordrande fjordkryssinga for ein ferjefri E39.

Staten må gjennom rolla som byggherre leggja til rette for store entreprisar slik at vi kan få inn ny anleggskapasitet frå utlandet. Det vil hjelpa oss til å unngå press på norsk økonomi og sikra ein offensiv utbyggingsstrategi.

Riksvegmidlar
Løyvinga til rassikring er i statsbudsjettet for 2011 auka til 1 050 mill. kr, som er 200 mill. kr meir enn i år. Rassikringsmidlane vert fordelte 50/50 mellom riksvegar og fylkesvegar, i tråd med det som er sagt tidlegare.
All honnør til regjeringa for den auka satsinga på rassikring.
Det er også sagt at fordelinga av midlane skal følgja den vedtekne handlingsplanen for rassikring. For 2011 vil det seia løyving til to fylkesvegprosjekt i Hordaland og ein sum til mindre tiltak, i alt ca. 60 mill. kr.

I høve til Nasjonal transportplan er løyvingane til riksvegprosjekt i Hordaland i 2011 lågare enn opplegget. Dette heng mellom anna saman med manglande planavklåring og utsetjing av prosjekt.

Til dei to store riksvegprosjekta som er i gang i Hordaland – Hardangerbrua og Vossapakko – skal det brukast 560 mill. kr neste år. Av dette er heile summen til brua – 380 mill. kr – bompengemidlar. Til Vossapakko skal det brukast 125 mill. kr i bompengemidlar og 55 mill. kr i statsmidlar.

Til E39 over Stord får vi 50 mill. kr i riksvegmidlar og det vert brukt 20 mill. kr frå bompengar. 30 mill. kr er sett av til å starta utbygginga av E39 frå Vågsbotn mot Hylkje, Eikåstunnelen, på haustparten neste år.
Like eins er det sett riksvegmidlar til planlegginga av E39 Svegatjørn-Rådal, med sikte på anleggsstart i 2012. Det er også sett av midlar til mindre prosjekt på Rv. 13 i Odda og E16 vedd Skulestadmo.

Eg har merka meg at staten aukar løyvingane til vedlikehald av riksvegane med 580 mill. kr til 1,55 milliardar kroner i 2011 – ein auke på 60 %. Løyvingane til drift av riksvegane er samstundes auka med 200 mill. kr til 1,9 milliardar kroner.

Den store auken i vedlikehaldsløyvinga er mellom anna grunngjeven med at kostnadsnivået for nye driftskontraktar i 2010 låg svært mykje høgare enn nivået i kontraktane frå 2005 som vart avløyste.

I statsbudsjettet heiter det:

«Det er krevende å sammenligne kontraktene fordi innholdet er endret i forbindelse med den nye utlysningen. Kostnadsøkningen skyldes en rekke forhold, bl.a. skjerping av kvalitetskrav, åpning av nye veger, endret vinterstrategi fra vinterveg til bar veg, samt en betydelig prisøkning som følge av entreprenørenes erfaringar med hva det faktisk koster å drifte vegnettet i løpet av kontraktsperioden. Dette medfører en økning på om lag 250 mill. kr til drift i 2011 for å videreføre driftsstandarden fra 2010. Forbedret oppfølging av driftskontraktene står sentralt i Statens vegesens arbeid.»

Vi ser ein tilsvarande tendens til prisauke på kontraktane som vedkjem fylkesvegane her i fylket – og som Statens vegvesen som sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegar inngår på våre vegner.

Vegdirektøren har uttalt at den auka ramma til vedlikehald vil gjera det mogleg å auka satsinga på alle område – men med særleg vekt på vedlikehald av bruer, tunnelar og vegdekke.

For Hordaland fylkeskommunen sin del fører kostnadsauken i driftskontraktar til at vi alt i 2011 må kutta i løyvinga både til dekkelegging og bruvedlikehald og i tillegg har stort udekka behov for tunnelutbetringar.

Det er flott at staten aukar løyvingane til vedlikehald av riksvegane, både for å fanga opp kostnadsauke og heva kvaliteten i vedlikehaldet. No ventar eg staten også tilsvarande vil setja fylkeskommunane i stand til å ivareta vårt vegnett.

Utbygginga av jernbana Bergen stasjon – Fløen og ny Ulrikstunnel tek det lenger tid enn ønskjeleg å koma i gang med. Planlegginga skal halda fram i 2011 og oppstart kan tidlegast vurderast i samband med 2013-budsjettet, heiter det i statsbudsjettet.

Gledeleg er det at nytt fjernstyringsanlegg på Bergensbanen vert ferdig i 2011 og at oppgraderinga av Voss stasjon vert vidareført og at 1. byggjesteg vert ferdig i 2012.

Press på kultursida
På kulturfeltet opplever vi at staten set fylkeskommunen under press. På statsbudsjettet for 2011 vert det løyvd 2,25 mill. kr i driftstilskot til USF Verftet sitt prosjekt med å byggja ein konsertarena for rytmisk musikk. I budsjettet heiter det at «Tiltakets gjennomføring forutsetter lokal/regional medfinansiering.»

Driftstilskotet frå staten, som eg forstår skal vera eit årleg tilskot, skal brukast til å betala renter og avdrag på eit lån på vel 30 mill. kr. Av den lokale og regionale medfinansieringa skal Bergen gå inn med 24 mill. kr og det vert venta at fylkeskommunen skal stilla med tilsvarande sum.

Dette reknestykket er gjort opp utan avklåring med fylkeskommunen. Vi har på 2010-budsjettet løyvd 2,0 mill. kr til USF Verftet og i budsjettet for 2011 er det framlegg om same sum, og det vert stilt i utsikt 4 mill. kr i 2012 – samla løyving 8 mill. kr.

Ved prioritering av tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer i 2009 prioriterte fylkeskommunen Oseana, Os kunst- og kultursenter, på topp. Denne prioriteringa tok ikkje kulturministeren omsyn. Utan å informera eller drøfta med fylkeskommunen i forkant, valde departementet å løyva 6 mill. kr fordelt på 2011-12 til Fartein Valen senteret i Sveio. Desse statlege midlane er spelemidlar som etter forvaltingsreforma er overført fylkeskommunane frå 2010. Med den statlege bindinga i botn vert det 2013 før vi får dela ut midlar frå denne tilskotsordninga – som vi nok bør samordna med den nye føreslegne tilskotsposten til kulturhus/arenaer.

Vi har ved fleire høve teke opp problema med Kulturdepartementet sin praksis med å setja ein nærare oppgjeven regional medverknad som føresetnad for departementet si tildeling. Det oppstår ein uviss og lite oversikteleg  situasjon i høve for fylkeskommunen når føresetnadene vert endra einsidig og vesentleg utan at vi vert underretta om prosessen på eit tidlegare tidspunkt. Sakene må drøftast med oss og vi må ha anledning til å koma med innspel.
 
Kraftlinesaka
Torsdag 7. oktober deltok fylkeskommunen, representert med fylkesvaraordføraren, i eit møte med dei fire gruppene regjeringa har sett ned for «Ny gjennomgang av sjøkabelalternativet i Hardanger». Også representantar for kommunane som utbygginga vedkjem, deltok. Det var eit møte med god og konstruktiv dialog. Utvala skal vera klare med utgreiinga sine 1. februar 2011 og departementet skal halda høyringsmøte for alle dei involverte lokale og regionale instansar 10. februar neste år. Eg ser med spenning fram til utgreiingane.

Regionale forskingsfond
Ei spennande nyskaping ved forvaltingsreforma er dei nye regionale forskingsfonda. Vi er i region saman med Rogaland og Sogn og Fjordane, og Hordaland har sekretariatet for Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Regionalt forskingsfond Vestlandet skal styrkja utvikling og innovasjon i dei tre vestlandsfylka ved å stø opp under forskingstema det har vist seg å vera særleg behov for i regionen. Dei tre satsingsområda bærekraftig matproduksjon, energi og maritim sektor og offentlege utviklingsoppgåver står øvst på prioriteringslista.

For 2010 fekk vi 29 mill. kr til administrasjon og fordeling.

Første tildelingsrunde er nettopp gjennomført og 21 mill. kr er fordelt til hovudporsjekt og 5,4 mill. kr forprosjekt.

Hovudprosjekta som er tildelt midlar, tilstrebar å finna svar på nokre av dei store spørsmåla som opptek næringslivet på Vestlandet. Får vi svar på desse spørsmåla, vil det løfta fram heile regionen.

Hordaland var det fylket som sendte inn flest søknadar om hovudprosjekt. Sju av søknadane hadde mat som tema, seks av dei var retta mot oppdrettsnæringa. Fire hovudprosjekt frå vårt fylke får midlar i år.

Skuleopningane
Ved skulestart i haust har vi verkeleg fått sett resultatet av det store utbyggingsprogrammet vårt for dei vidaregåande skulane.

Eg har hatt gleda av å opna to nye skulebygg: Den heilt nye Nordahl Grieg videregående skole og nybygg for Osterøy vidaregåande skule. Like eins tre større tilbygg ved Stord, Kvinnherad og Austevoll vidaregåande skular.

Nye, moderne lokale for 900 mill. kr er tekne i bruk med topp arbeidsforhold for både elevar og lærarar. Og vi har endå meir på gang. Dei komande 4-5 åra skal vi investera for 2 milliardar, om fylkestinget i desember følgjer opp det utbyggingsopplegget det vert lagt opp til i økonomiplanen.

Tilslutt vil eg nemna sak 47 om politiske styringsmodellar. Dette er ei viktig prinsipiell sak både demokratisk og organisatorisk. Inn i ei ny tid for fylkeskommunen med langt fleire oppgåver, vert det viktig slik fylkesordføraren ser det å vera politisk ”hands on” på sakene. Eg tenker at parlamentarisme vil vitalisera heile fylkeskommunen og skjerpa politikken. I tillegg har vi eit meir omfattande samarbeid med Bergen, som krev at vi er meir operable politisk enn det formannskapsmodellen kan få til. Eg ser fram til ein spennande debatt om dette temaet!

Vel møtt til fylkesting!

Fylkesrådmannen har ordet.

12.10.2010 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart