
Gustav Bahus, leiar for samferdselsutvalet i Hordaland, klipte snora. Her er han saman med Jorunn Skåden, ordførar i Sveio, og Olav Finne, avdelingsdirektør i Statens vegvesen. (foto: Erlend Iversen)
Trafikksikring og auka tryggleik for mjuke trafikkantar har vore hovudmotivet for utbetringa av vegkrysset Fv47 Ekrene. Prosjektet var ein føresetnad for vidare utbygging av det nye bustad-, handels- og industriområdet på grensa mot Rogaland. Krysset framstår no som eit kanalisert kryss, med eige avkøyringsfelt. Det er også laga til fotgjengarundergang og to nye busslommer.
Det ulukkesbelasta krysset ned mot Buavåg er samstundes sikra med eige avkøyringsfelt.
Oppgraderinga av dei to vegkryssa er kostandsrekna til 11,8 millionar kroner og er finansiert 50 - 50 av Sveio kommune og Hordaland fylkeskommune.
Tiltalande anlegg
Buavåg – Langevåg er det siste attverande ferjesambandet mellom kommunane Sveio og Bømlo etter opninga av trekantsambandet. For å kunna ta mot ny og større pendelferje frå komande årsskifte er det gjennomført ei oppgradering som omfattar nye ferjelemmar, ny kjørebru, forlenga ferjekai. Samstundes har venterommet, parkeringsplassen og oppstillingsplassen blitt fornya. Resultert er eit tidsmessig og tiltalande anlegg.
Oppgraderinga av ferjesambandet har ei kostnadsramme på 24 millionar kroner, og er finansiert ved hjelp av ekstraordinære tiltaksmidlar.
For meir informasjon, kontakt Erlend Iversen, Samferdselsavdelinga, Hordaland fylkeskommune, tlf. 40465632