Hordaland satsar sju mill på kulturelt utviklingsprogram
Kultur og ressursutvalet i Hordaland har samrøystes vedteke satsinga på kulturelt utviklingsprogram (KUP). For perioden 2010-2011 skal det satsast på kunstnarleg nyskaping, samarbeid, nyskapande formidling og kompetanse.
For i år er det avsett sju millionar kroner til KUP. Det er ikkje mogleg å søkje støtte til drift eller investeringar. Det blir gjeve støtte til prosjekt som varer inntil tre år.
Pengane skal medverke til at Hordaland er eit sterkt kulturfylke med stort mangfald. Fylkeskommunen skal leggje til rette for vekst for det profesjonelle kulturlivet og institusjonane. Alle innbyggjarane i fylket må få høve til å nytte kunst- og kulturtilbod.
Kulturelt utviklingsprogram for Hordaland er eit verkemiddel for større, klart definerte programsatsingar og skal støtte prosjekt initierte av kulturlivet sjølv.
710.000 kroner til miljøtiltak i Hordaland
Kultur- og ressursutvalet har løyvt 710.000 kroner til miljø- og berekrafttiltak i Hordaland. Pengane fordelar seg med 250.000 kroner i tilskot til Lokal Agenda 21-tiltak, 65.000 kroner til miljøprisen, 200.000 kroner til miljøfyrtårn og 195.000 kroner til miljøtiltak og miljøprosjekt i samband med regionale planer.
Positiv til kommuneplan for Lindåsneset
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland er positiv til kommuneplanen for Lindåsneset med Mongstad. Planen sikrar areal til lokal, regional og nasjonal næringsutvikling som kan få stor verknad for fylket.
Utvalet meiner at både planen og konsekvensutgreiinga er eit pionerarbeid som andre kommunar i fylket kan ha nytte av. Lindås kommune har lagt fram den første kommuneplanen i Hordaland etter den nye plan- og bygningslova.
150.000 kroner til profilering av kulturkortet for ungdom
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har vedteke å bruke 150.000 kroner på profilering av kulturkortet for ungdom.
10.000 kroner vil bli brukt til stipend til deltakarar i Ungdommens kulturmønstring som utmerkar seg med god kommunikasjon til andre unge og som kan vere gode ambassadørar for kulturkortet.
Resten av pengane skal gå til stimulering av kulturkortarrangement og –tiltak. Det vil bli utdelt inntil 15.000 kroner pr. tiltak etter søknad.