Ho reagerer med vantru på at Sjøfartsdirektoratet har trekt tilbake godkjenninga på redningsflåtane og pålagt Fjord1 å avgrensa antal passasjerar på strekninga Halhjem-Sandvikvåg grunna dårleg kapasitet på redningsflåtane. Ho seier seg samd med Øyvind Halleraker (H) i at dette ikkje er problem Fjord! kan lastast for, men er eit problem ansvarleg statsråd må ordna opp i.
- Ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg og Mortavik-Arsvåg er sjølve livsnerva til Vestlandet. Allereie i dag er det for liten kapasitet og køproblemer. No står me føre høgsesongane påske, mai og sommarferie. Tryggleiken må sjølvsagt ivaretakast, men likevel er det umogleg å redusera kapasiteten på gassferjene med 150 passasjerar, med dei køane og problema det vil skape for turisme, næringsliv og alle oss som bur her. Staten ved samferdselsministeren står ansvarleg for desse sambanda, og statsråd Meltveit Kleppa må snarast kome opp med alternative løysingar, krev fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Fryktar løftebrot for veg og tog
- Eg fryktar for konsekvensane dersom det er korrekt at finansminister Sigbjørn Johnsen i utkast til statsbudsjett for 2011 vil føreslå å auka milliardetterslepet på samferdsel, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Allereie i årets budsjett har samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa 2,3 milliarder kroner mindre å bruke på veg og jernbane i år i høve planen for årlege løyvingar. Vert finansministeren sitt forslag vedteke, vert dei 2,3 milliardar kronene ikkje tatt igjen neste år.
- Fylkeskommunen har frå i år fått nye og auka oppgåver og ansvar for vegnettet, ferje- og kollektivtrafikken. Det vert stilt stadig større krav til utforming og tryggleik, og alt dette kostar. Då er dette eit faretrugande signal, og ein politikk vi ikkje kan leve med, meiner Selsvold Nyborg.