Tale fylkesordførar fylkesting

Talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting i Ulvik tysdag 8. juni 2010.

Vyrde fylkesting!       

Vel møtt til sommartingsamling her i Ulvik.

Takk til ordførar Mona Haugland Hellesnes for ein interessant og informativ presentasjon av Ulvik og denne storslagne delen av fylket vi er samla i. Det var òg hyggeleg å høyra den offensive innstillinga de har til  utfordringane heradet står overfor.

I dag er det på dagen seks år sidan fylkestinget førre gong var samla i kongressalen her i Ulvik. Den gongen behandla fylkestinget to svært viktige saker for Hardanger – vi vedtok finansieringsplan både for Hardangerbrua og Jondalstunnelen.

Eg trur dei indre delane av fylket vårt har mykje positivt i vente dei komande åra. De – og heile Hordaland – går ei interessant tid i møte.

Stor vegutbygging
I den store halvsirkelen frå Voss, via Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal og til Kvam føregår for tida ei storstilt utbygging av infrastrukturen. Dei fire store vegprosjekta i dette området utgjer til saman investeringar på nærare fem milliardar kroner i perioden 2009-13.

Brutårna på Hardangerbrua, som er det største prosjektet, er i ferd med å skyta i veret på begge sider av fjorden. Utsprenginga av ny tunnel til avløysing av dagens hårnålsvingar i Skjervet er i gang og arbeid pågår også med andre delar av Vossapakko. I Jondalstunnel har tunneldrivarane no sprengt ut over femteparten av den 10,7 km lange tunnelen. For Kvammapakken er det like før kontrakten for den første del av utbygginga skal tildelast.

Om tre år skal det meste av desse utbyggingane vera ferdige, så det ligg til rette for mange snorklippingar i 2013.

Dei nye vegane med bruer og tunnelar vil knyta Voss og Hardanger tettare saman som bu- og arbeidsmarknadsregion, og knyta desse områda tettare samen med resten av fylket. Eg håpar den store satsinga på betre kommunikasjonar og infrastruktur vil utløysa kreativitet og nyskaping som fører til nye arbeidsplassar og folkevekst i indre Hordaland.

Kultur
Fylkestinget skal på dette møtet seia sitt om planane Olav H. Hauge-stiftinga her i Ulvik og Nynorsk kultursentrum i Ørsta har om samanslåing. Samarbeidspartane har som mål at Hauge-senteret som skal etablerast, skal byggjast opp som ein ny sterk kulturinstitusjon – og gjera det til internasjonalt senter for poesi. Ei spennande satsing som eg reknar med fylkestinget vil gje full tilslutnad til.

Det er også med glede eg ser framveksten av nye møteplassar for kultur i fylket vårt. Det nye kulturhuset på Voss, Oseana i Os, Skakkesenteret som kjem i Etne og Fartein Valensenteret i Sveio er fire flotte tilvekstar. Eg er sikker på dei vil utløysa og inspirera til endå større aktivitet i det blømande og mangfaldige kulturlivet som vi særleg i vår- og sommarmånadene ser utfaldar seg med konsertar, festivalar og spelstykke rundt om i fylket.

Klimaplanen
Klimaplan for Hordaland er ei omfattande og viktig sak vi skal behandla på dette fylkestinget. Eg ventar ein spennande debatt.

Tenkje globalt – handle lokalt har lenge vore eit motto for miljø- og klimapolitikken. Vi treng eit globalt klimaregime med internasjonale avtalar for å snu utviklinga. Men vi må handla lokalt, og gjera vårt. Klimaplanen viser kva vi kan gjera i Hordaland.

Den kalde vinteren med dei uvanlege vêrforholda vi hadde, viste tydeleg at vi har store utfordringar. Luftureininga som i lange periodar låg som eit lok over Bergen, var ei kraftig påminning om behovet for miljø- og klimatiltak. Då eg nyleg deltok i ein hordalandsdelegasjon til Expo 2010 i Kina, fekk eg også ved sjølvsyn konstatert at klimautfordringa er global. I storbyområdet Shanghai er smogskya over byen nærast permanent, det er berre få dagar i året dei ser sola.

Hordaland er det fylket i Noreg som har størst utslepp av klimagassar. Statoil Mongstad med årlege utslepp på 1,7 millionar tonn CO2 er det største utsleppspunktet i landet. Når kraftvarmeverket er i full drift, vil det sleppa ut 1,2 mill. tonn CO2. Anlegget for karbonfangst- og lagring, som tidlegast kan stå ferdig i 2016, skal i full skala kunna fanga opp 2,0 mill. tonn CO2.

I dette perspektivet er det svært skuffande at «månelandsprosjektet» til statsminister Stoltenberg vert skubba ut i tid. Mitt klare krav til statsministeren er: Syt for at det vert gjort maksimalt for å få utvikla den «månelandingsteknologien» som krevst. Det må skje snarast. Vi treng det for å redusera utsleppa her til lands og for å eksportera teknologien. I land som Kina der brenning av kol er ei dominerande energikjelde, vil gevinstane ved CO2-reinsing og karbonfangst vera enorme.

Oljeureininga som no skjer i Mexicogulfen, gjev grunn til ettertanke for kva som kan skje i våre eigne farvatn. Vi må tenkja oss vel om før vi set i gang olje- og gassutvinning ved dei særleg sårbare og utsette områda langs kysten vår.

Har vi her i Hordaland noko å visa til når det gjeld innsats for miljø og klima? Det har vi. Her vil eg trekkja fram to døme.
 
Bybanen
Det er berre 14 dagar att til Bybanen i Bergen startar drifta. Det vert ein merkedag i kollektivtransporten i Bergen og i fylkeskommunen si soge. Vi har venta lenge på denne dagen og no gler vi oss til drifta startar. Eg trur det vert ein suksess og vonar at bana vil medverka til å dempa veksten i biltrafikken og få fleire til å reisa kollektivt.

Bana som vert opna om to veker går som de veit berre til Nesttun – og det er ikkje nok. Vi står i startgropa for neste etappe frå Nesttun til Lagunen. Stortinget sin transportkomité la fram innstillinga om utviding av Bergensprogrammet 3. juni. Saka vert endeleg handsama i Stortinget på torsdag. Fleirtalet sluttar seg til regjeringa sitt forslag om bompengeinnkrevjing til å finansiera også dette byggetrinnet. Om ikkje lenge er bybanen dermed bygd til Lagunen, men vi må lenger.

Neste etappe går frå Lagunen til Flesland og den klarar vi ikkje utan statleg hjelp. Staten må difor på bana på ein heilt annan måte enn det som har vore tilfelle så langt. Det er opna for større statleg engasjement, men som så ofte set staten vilkår for å vera med. I dette tilfelle er det belønningsmidlane eg tenkjer på. Her set staten som vilkår at byområde som kombinerer satsing på kollektivtrafikk med verkemiddel som gjev redusert biltrafikk og klimautslepp, skal prioriterast. Fylkesrådmannen har lagt fram sak om denne problemstillinga som skal handsamast i samferdselsutvalet sitt møte i dag. Det vert ein spennande prosess.

Hamnerøyk
«Kan vi ikkje få gjort noko med dei svarte røykskyene som stig opp frå mange skip som er innom Bergen hamn?» er eit spørsmål mange har stilt meg.

Vi har teke initiativ. På vegner av 18 partnarar i seks land rundt Nordsjøen har vi søkt om midlar til prosjektet «Clean North Sea Shipping». Målsettinga med prosjektet er å fremja tiltak som skal redusera luftforureining og utslepp av drivhusgassar frå skip både ved landliggje og til sjøs. Det skal skje ved å ta i bruk ny teknologi og tilby reinare energiløysingar for skipa.

Rett før helga fekk vi melding om at EU har godkjent prosjektet som ein del av Nordsjøprogrammet, og at EU vil dekka halvparten av prosjektkostnaden på ca. 35 mill. kr.

Prosjektet skal gå over tre år, og har partnarar frå Sverige, Tyskland, Nederland, Belgia, Storbritannia og Noreg. Mellom partnarane er næringslivsaktørar, FoU-institusjonar, lokale og regionale styresmakter, maritime interesseorganisasjonar og nokre av dei største hamnene i Europa.

Frå Hordaland er Bergen kommune, Bergen og Omland Havnevesen, BKK og Gassnor partnarar. Hordaland fylkeskommune skal leia prosjektet.

I arbeidet med søknaden har vi hatt eit godt samarbeid med Bergen kommune, og dei andre partnararane. Frå fylkeskommunen har fylkesvaraordføraren hatt ein aktiv rolle i dette arbeidet.

Økonomi
På dette fylkestinget skal vi handsama fleire økonomisaker. Det gjeld godkjenning av rekneskapen for 2009, økonomirapporten for perioden januar-april i år og sak om budsjettendring. Sakene viser at det er nødvendig å bremsa aktiviteten vår for at vi også framover skal kunna tilby gode tenester til innbyggjarane.

Rekneskapen for 2009 var svak – og Hordaland fylkeskommune sitt resultat var mellom dei svakaste av fylkeskommunane og ein god del under det som var gjennomsnittet målt i netto driftsresultat. Dette gjer at fylkesrådmannen i saka om budsjettendringar har foreslått ein budsjettreduksjon i år på 20 mill. kr og varsla ytterlegare reduksjon i budsjettramma på 20 mill. kr i 2011.

Økonomirapporten ved utgangen av april viser at det også i 2010 er meirforbruk og dette understrekar fylkesrådmannen sitt forslag om oppbremsing av drifta. Særleg i kollektivtransporten står vi framfor krevjande – og spennande – utfordringar. Stikkord er oppstart av Bybanen, innføring av nytt billetteringssystem og anbodsutsetjing av resten av bussrutene i fylket. Erfaringa vi har hatt så langt viser at det ikkje kjem til å gå smertefritt, men eg er sikker på at dei gode medarbeidarane og samarbeidspartane våre vil løysa flokane som måtte koma.

For å møta eventuelle utfordringar framover er det viktig å ha orden i økonomien. Det sikrar vi best med å vera tidleg ute med justeringar slik at ein unngår dei drastiske tiltaka som gjerne må til om ein har vore for seint ute. Etter mitt syn har fylkesrådmannen her funne ein god balanse.

Nye skulebygg
I haust vert det mange elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane våre som kan gle seg over nye, flotte lokale. Til skulestart skal vi opna to nye skulebygg og større tilbygg ved tre skular.
På Sørås i Bergen opnar den heilt nye Nordahl Grieg videregående skole med elevar på Vg1-trinnet. Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg flyttar frå leigde lokale til eit splitter ny skule i same bygda. Store tilbygg skal takast i bruk ved Austevoll, Kvinnherad og Stord vidaregåande skular.

For fylkeskommunen er den samla investeringa i desse utbyggingane på over 820 millionar kroner. Og vi har meir på gang.

Vegopningar
Vi står også framfor opning av ei rekkje vegprosjekt i sommar. 21. juni skal første delprosjektet i Bømlopakken opnast på Svortland. 30. juni vert det opning av rassikringsprosjektet på Rv. 13 Bu-Brimnes. 1. juli skal Årsnes ferjekai, som erstattar ferjekaien på Løfallstrand, opnast. Det nye ferjestøet kortar også ned turen over Hardangerfjorden til Gjermundshamn med ca. 2 km. I augst vert det opning av Knappetunnelen på Ringveg vest i Bergen.

Vel møtt til fylkesting! Fylkesrådmannen har ordet.

08.06.2010 13:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart