Bybanekorridorar for framtida
Hordaland fylkesting har vedteke korridorar for den framtidige utbygginga av Bybanen i Bergen.
Fylkestinget har peika ut desse korridorane for bybaneutbygging:
· Rådal – Bergen lufthamn Flesland
· Bergen sentrum – Åsane
· Bergen sentrum – Haukeland sjukehus – Mindemyren – Fyllingsdalen
· Bergen sentrum – Loddefjord – Straume
Vedtaket vart gjort med 32 (Ap, SV, V, Sp, KrF, Raudt) mot 25 røyster (H, Frp).
Høgre røysta primært for å ta ut kulepunktet Bergen sentrum – Loddefjord – Straume. Forslaget fekk berre Høgre sine 11 røyster og fall. Subsidiært røysta Høgre saman med Fremskrittspartiet for å ta ut heile punktet med dei fire korridorane.
For dei fire korridorane skal det setjast i gang planarbeid etter plan- og bygningslova, går fylkestinget inn for. (Vedteke mot 14 (Frp) røyster.)
Fylkestinget legg til grunn at utgreiinga om bybanenett skal inngårsom ein sentral del av det
pågåande arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Regionpakke Bergen. (Samrøystes.)
Fylkestinget gjev tilslutning til at det vert starta arbeid med å sikra framkomsten for bussane til og frå Bergen vest. (Samrøystes.)
Venstre føreslo at det som tillegg til dette punktet, skulle føyast til: «Fylkestinget føreset at bussen må få prioritert til og over Puddefjordsbrua.» Forslaget fekk 9 røyster (V, SV, Raudt) og fall.
Analysen «Framtidig bybanenett i Bergensområdet» er utarbeidd på oppdrag frå Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen. Analysen har eit perspektiv fram mot 2040.
Analysen er utvikla på grunnlag av ein forventa vekst i folketalet på 150.000 i Bergen og omlandskommunane i åra fram mot 2040. Planen vurderer to ulike alternativ for byutvikling og fortetting. Det vert samstundes teke høgde for ulike vurderingar av vekst i kollektivtrafikken.
Får forskottera 100 mill. kr til Tysse-tunnel
Hordaland fylkesting har samrøystes godkjent Samnanger kommune sin søknad om forskottering av 100 mill. kr til delfinansiering av ny veg og tunnel forbi Tysse.
Omlegging av den smale fylkesvegen gjennom Tysse sentrum er eit lenge etterlengta tiltak hos så vel innbyggjarane så vel som for gjennomreisande trafikkantar. Ei omlegging av den 5,8 kilometer lange strekkja Gaupholm-Straumen bru inneber mellom anna driving av 2,3 kilometer tunnel og bygging av gang- og sykkelsti.
Spleiselaget som står bak forskotteringa på 100 mill. kr er Frank Mohn Fusa (30 mill. kr), Fusa Kraftlag (30 mill. kr), BKK (25 mill. kr), Fusa kommune (5 mill. kr), Samnanger kommune (7 mill. kr) og Kvinnhead kommune (3 mill. kr).
Kostnader og framdrift
Prosjektet er prioritert i handlingsprogrammet for fylkesvegnettet i Hordaland for 2010 – 2013 (19) innanfor ei totalramme på 335 millionar 2008-kroner. Det er lagt opp til anleggsstart i 2012.
I handlingsprogrammet for fylkesvegplanen er tunnel bak Tysse ført opp med 150 mill. kr i 2014, 151 mill. kr i 2015 og 100 mill. kr i refusjon av forskotteringa i åra 2015-19. Forskotteringa skal etter dette opplegget betalast attende med 25 mill. kr over fire år.
Byggjer bussanlegg til 180 mill. kr på Haukås
Hordaland fylkesting har godkjent kostnadsramma på 180 mill. kr for bussanlegget som skal byggjast på Haukås i Bergen. Kostnadsramma er auka med 50 mill. kr i samband med anlegget også skal omfatta verkstad.
Godkjenninga vart gjort mot 2 (Raudt) røyster.
I utbyggingsplanen var det opphaveleg ikkje teke med lokale til verkstad, då verkstadtenester skulle kjøpast hjå merkeverskader i bergensområdet. Firmaet Ricco AS, som har stor kompetanse knytt til opparbeiding og drift av bussverkstader, har sterkt rådd til at det vert bygd verkstad for buss som del av anlegget på Haukås. Grunnen er manglande verkstadkapasitet hjå merkeverkstadane i området.
Anlegget på Haukås får ein samla bygningsmasse på 3 600 m2 og er dimensjonert for 163 bussar.
Forslag som fall
Gisle Handeland sette på vegner av A og SP fram slikt forslag om tillegg i vedtaket: «Fylkestinget ber om å få lagt fram nærare opplysningar om korleis prosjektet skal finansierast gjennom anbodsutsetjing og kva konsekvensar kostnadsauken vil gje for kollektivtilbod og prisar.»
Forslaget fekk 27 (Ap, SV, Sp, V, Raudt) røyster og fall.
Om anlegget
Anlegget er fysisk delt i tre delar.
Ein del inneheld kontor for administrasjon og sosiale rom for sjåførar. Arealet er på to etasjar med resepsjon, kontor og oppgjersrom i 1. etasje. I 2. etasje er det garderobar, toalett og kantine/møteromfor sjåførar. Samla areal er ca. 600 m2.
Den andre delen inneheld hallar for innvendig og utvendig reinhald av bussane. Samla areal er ca. 900 m2.
Verkstaden er dimensjonert for 8 leddbussar. I tillegg er det kontor, garderobe, spise- og møterom. Denne delen kan også skiljast ut som ei eiga verksemd. Samla areal er 2.100 m2. Etter signal om gassbussar, er det teke omsyn til tryggleikstiltak knytt til mogleg gasslekkasje frå bussane.
Uteanlegget får 163 bussoppstillingsplassar fordelt på 105 leddbussar og 58 normalvognar. Det vert 98 parkeringsplassar for personbil og 18 sykkelparkeringsplassar under tak. Eit eventuelt gassanlegg vert levert av bussoperatøren som sjølv tar kostnadane med installering på tomten.
7,5 mill. kr mot fråfall i vidaregåande skule
Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring i Hordaland skal reduserast med fem prosent. Kartlegging av risikogrupper og tiltak retta mot minoritetsspråklege elevar er dei to postane som får største løyvingane i framlegget til handlingsplan mot fråfall som fylkestinget vedtok 9. juni.
I 2010 har fylkeskommunen sett av 7,5 millionar kroner til målretta tiltak mot fråfall.
Framlegget til handlingsplan er utarbeidd på grunnlag av ei kartlegging utført i 2009.
Tidleg innsats
Handlingsplanen legg opp til å identifisera og gripa fatt i dei svakaste elevane så tidleg som mogeleg. For å få dette til skal samarbeidet mellom grunnskule og vidaregåande skule betrast. Fleire av tiltaka vil særleg verta retta mot elevar med svake resultat frå ungdomsskulen og første året i vidaregåande.
Generell kompetanseheving av lærarar, og tiltak retta mot skular med særleg stort fråfall er det også funne rom for i planen.
Fagopplæringskontoret
Fylkestinget har merka seg at fagopplæringskontoret må sikrast tilstrekkjelege ressursar til å følgja opp læreverksemder og lærlingar, heiter det i eit eige punkt i vedtaket.
Årstad-tilbygg til 100 mill. kr
Eit tilbygg til 100 mill. kr ved Årstad videregående skole i Bergen er godkjent av Hordaland fylkesting.
Tilbygget som er på 2 747 m2 skal innehalda gymsal, lokale til generelle undervisningsfunksjonar og bibliotek. Prosjektet omfattar også eit nærmiljøhus som Bergen kommune skal eiga. Det skal også opparbeidast ein del gangvegar.
Det nye tilbygget vil binda saman bygningane kalla B og C ved Årstad vgs.
Garderobeanlegget som vert ein del av den nye gymsalen, skal også brukarane av Krohnsminde idrettsplass nytta. Også nærmiljøhuset, som Bergen kommune finansierer, er for brukarane av idrettsplassen.
Hordaland fylkeskommune skal dekka 90 mill. kr av byggjekostnaden og Bergen kommune 10 mill. kr for nærmiljøhuset.
Prosjektet er ute på anbod og det vert rekna med byggjestart i oktober i år og ferdig bygg i 2012.
Nye lokale ved Arna vgs.
Arna vidaregåande skule vil frå hausten 2011 få samla undervisninga i lokale i Vestlivegen på Garnes. Bygg- og anleggsteknikklina som no held til i leigde lokale i Seimsmarka, vil då flytta inn i nye og ombygde lokale i Vestlivegen.
I samband med at restaurant- og matfaglina ved skule vert lagt ned, skal frigjorte lokale byggjast om og supplerast med eit tilbygg. Til bruk for bygg- og anleggsteknikklina skal det førast opp ein bygghall med grupperom, garderobar, kontor og ein verkstadhall. Samla areal 720 m2.
I tilnyting til bygghallen skald et også opparbeidast eit uteareal for utdanningsaktivitetar.
Utbygginga er kostnadsrekna til 20 mill. kr. Tidlegare er det løyvd 1 mill. kr til prosjektering. For 2010 vert det løyvd 5,7 mill. kr og restløyving på 13,3 mill. kr skal koma i 2011.
Målet er å få prosjektet ferdig til skulestart hausten 2011, men reguleringsmessige forhold gjer at framdrifta av prosjektet er litt usikker.
Kultursamarbeid Ulvik-Ørsta
Fylkestinget i Hordaland har samrøystes slutta seg til planane Olav H. Hauge-stiftinga i Ulvik og Nynorsk kultursentrum i Ørsta har om samanslåing.
Samarbeidspartane har som mål at Hauge-senteret som skal etablerast, skal byggjast opp som ein ny sterk kulturinstitusjon – og gjera det til internasjonalt senter for poesi. Planen er at samanslåinga skal vera sett i verk innan 1.1.2011.
Olav H. Hauge-stiftinga vart skipa i 2000 av Ulvik herad og Hordaland fylkeskommune. Til sommaren
gjer Ulvik herad ferdig det gamle heradshuset i Ulvik sentrum. Dette skal mellom anna hyse det
planlagde Hauge-senteret. Stiftinga eig og driv nettstaden haugesenteret.no, og har ein
prosjektmedarbeidar i engasjement ut 2010.
Nynorsk kultursentrum vart skipa i 1993 og har 21 stiftarar, mellom dei Hordaland fylkeskommune.
Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet, Dei nynorske festspela og nettstadene aasentunet.no og
tunkatten.no. Nynorsk kultursentrum har 11 fast tilsette og omsette for 13,7 mill. kr i 2010.
Omprioriterte vegmidlar
Hordaland fylkesting har vedteke å omprioritera 15 mill. kr av investeringsmidlane til fylkesvegar for 2010. Største tilleggsløyvinga er 6 mill. kr til opprusting av ferjeleiet i Gjermundshamn.
Opprustinga ved ferjeleiet i Gjermundshamn er konstnadsrekna til 11 mill. kr. 5 mill. kr er løyvd tidlegare, slik at dette prosjektet vert fullfinansiert med tilleggsløyvinga.
Til Fv 552 Bru i Os sentrum er løyvd 3,0 mill. kr. Utbetringa av brua i Os sentrum er del av eit spleiselag med Os kommune. Det skal gjerast noko vedlikehaldsarbeid på brua og løyvinga no gjeld utviding av brua med gang- og sykkelveg.
Til ombygging av kryss på Fv 542 ved Ekrene i Sveio er løyvd 2,0 mill. kr. 1,5 mill. kr er sett av til kartleggingsarbeid av aktuelle bybanetrasear.
Fylkestinget har tidlegare løyvd midlar til rehabilitering av dei tre fylkesvegbruene Strøno, Herdla og
Tofterøy. Det vert no gjeve ei sluttløyving til dette arbeidet med 2,5 mill. kr.
Innsparingar
Dei 15 mill.kr er henta frå andre prosjekt der ein i år har innsparingar eller mindre forbruk enn budsjettert.
Prosjektet Fv 567 Hauge – Lonevåg kan reduserast med 8 mill. kr i 2010 mot tilsvarande auka løyving i 2011. I tillegg viser gjennomgangen frå vegkontoret at det til prosjekta Fv 48 Helland-Havsgårdsdalen vil gå med 5 mill. kr mindre og at løyvinga til Fv 541 Langevåg ferjekai med 2 mill. kr kan takast ut ettersom det er tilstrekkeleg løyving tidlegare år. Samla reduksjon i 2010 vert dermed 15 mill. kr.
Andre saker:
24/10 ORGANISERING AV OT/PPT I HORDALAND. HANDLINGSPLAN 2010.
Vedtak
Fylkestinget vedtar planen for tiltak når det gjeld organisering av OT/PPT i tråd med
plan frå opplæringsavdelinga og OT/PPT.
25/10 SATSING MOT FRÅFALL I HORDALAND. HANDLINGSPLAN FOR 2010
Vedtak:
1. Fylkestinget vedtek planen for tiltak for satsing mot fråfall i 2010 i tråd med plan frå opplæringsavdelinga.
2. Fylkestinget har merka seg behovet for at fagopplæringskontoret må ha tilstrekkelege ressursar til å følgja opp lærebedrifter og lærlingar.
3. Fylkesutvalet ber om at det i august 2010 vert lagt fram sak til opplærings- og helseutvalet om mål og måloppnåing. Saka skal vise måleparameter, dagens status, forventa effekt og korleis måloppnåing skal målast for dei einskilde tiltaka.
26/10 RULLERING AV PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2009-2012.
TILTAK 2010-2011
Vedtak:
Fylkestinget sluttar seg til forslaget til Plan for kompetanseutvikling 2009-2012.
Tiltak 2010-2011.
27/10 ÅRSTAD VIDEREGÅENDE SKOLE - TILBYGG C BYGGET - FORPROSJEKT
Vedtak:
Fylkestinget godkjenner planane for tilbygg til Årstad vgs, og igangsetting av
bygging, innafor ei kostnadsramme på 90 mill. kr.
28/10 ARNA VIDAREGÅANDE SKULE - FORPROSJEKT - NY BYGGEHALL
OG OMBYGGING AV EKSISTERANDE BYGNING
Vedtak:
1. Forprosjekt for ombygging og samlokalisering av Arna vgs vert godkjend.
2. Det vert gjort føljande budsjettregulering for 2010:
10.637.020.00 Arna vgs
02118 Ombygging /tilbygg
02320 Nybygg/nyanlegg ............................................... + kr 5 700 000,-
10.777.021.00 Tilbygg/større ombyggingar i skulesektoren
03000 Samleløyving
02303 Vedlikehald (Nybygg/nyanlegg) ........................ - kr 5 700 000,-
29/10 KONSOLIDERING MELLOM OLAV H. HAUGE-STIFTINGA
OG NYNORSK KULTURSENTRUM
Vedtak:
Fylkestinget i Hordaland sluttar seg til planane om ei konsolidering mellom
Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum, i samsvar med
intensjonsavtalen mellom stiftingane.
32/10 BUSSANLEGG HAUKÅS - FORPROSJEKT
Vedtak:
Fylkestinget godkjenner at kostnadsramma for Bussanlegg Haukås vert auka frå kr. 130 mill. til kr 180 mill.
Protokollmerknad frå Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet stiller seg sterkt kritisk til den store kostnadsauken og ikkje minst til prosessen knytt til utvikling av bussanlegget på Haukås. Arbeiderpartiet stemte imot saka i første omgang og etterlyste alt i 2008 kostnadsoverslag for opparbeiding til komplett bussanlegg – og finn det svært spesielt at eit så vesentleg element som behovet for verkstadsanlegg først no får si avklaring.
33/10 SAL / UTVIKLING AV FYLKESKOMMUNALE EIGEDOMAR
Vedtak:
Fylkesrådmannen får fullmakt til å gå vidare med sal av tannklinikk og barnehage i Olav Bjordalsvei. Ved sal av barnehagen kan direkte sal til Bergen kommune vurderast.
For begge sala gjeld at bod og bodgjevar skal godkjennast av fylkesutvalet før salet vert sluttført.
Fylkestinget ber om at det vert starta arbeid med å førebu sal av aktuelle fylkeskommunale eigedomar, som det ikkje er trong for i fylkeskommunen, inkl. restarealet på Haukås. Ekstern konsulent vert vurdert.
Fylkesrådmannen vert beden om å prioritere vidare arbeid med, og får fullmakt til, sal/utvikling av eigedomar eller delar av eigedomar. Sal skal godkjennast av fylkesutvalet før dei vert fullførde.
34/10 FINANSFORVALTNINGA 2009
Vedtak:
Fylkestinget tek rapporten om finansforvaltninga i 2009 til orientering.
35/10 ENDRING AV REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA
I HORDALAND FYLKESKOMMUNE.
Vedtak:
Fylkestinget godkjenner nytt reglement for finansforvaltinga
i Hordaland fylkeskommune.
36/10 GODKJENNING AV ÅRSREKNESKAP 2009 FOR HORDALAND
FYLKESKOMMUNE
Vedtak:
Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2009 vert godkjent.
37/10 TERTIALRAPPORT PR. 30. APRIL 2010 - REKNESKAPSPROGNOSE
Vedtak:
Fylkestinget tek rekneskapsprognosen til orientering. Målet om budsjettbalanse for 2010 står ved lag.
38/10 BUDSJETT 2010 - ENDRINGAR
Vedtak:
Fylkestinget vedtek å redusera driftsbudsjettet med 20 mill. kr i 2010.
Reduksjonen i driftsbudsjettet vert gjennomført slik:
Opplæring 10 mill. kr
Tannhelse 2 mill. kr
Regional utvikling 1 mill. kr
Mindre behov for stillingar – forvaltningsreforma 5 mill. kr
Gjennomgang av pensjonsforpliktingar – lønsavsetjing 2 mill. kr
Sum 20 mill. kr
Fylkesrådmannen får fullmakt til å spesifisera reduksjonen i driftsbudsjettet nærare.
Fylkestinget ber fylkesrådmannen også finna inndekking for dei resterande 15. mill. kr (35 mill. kr – 20 mill. kr) som tertialrapporten pr. 30. april syner i budsjettavvik.
Investeringsbudsjettet for 2010 vert endra slik:
Meirutg./ Mindreutg./
Stad Art Prosjekt Tekst mindreinnt. meirinnt.
10 130 501 00 02303 00 07006 Ombygging fylkeshuset 6 000 000
10 130 501 00 09100 00 07006 Bruk av lån 6 000 000
10 130 501 00 02303 00 07007 Maskinhall 3 000 000
10 130 501 00 09100 00 07007 Bruk av lån 3 000 000
10 300 235 00 02100 00 07803 Bybanen vognmateriell 29 000 000
10 300 235 00 09100 00 07803 Bruk av lån 29 000 000
10 300 420 00 02303 00 07602 Fylkesvegar 81 000 000
10 300 420 00 08100 00 07602 Andre statlege overf. 10 000 000
10 300 420 00 08500 00 07602 Overf. frå kommunar 29 100 000
10 300 420 00 08900 00 07602 Overf. frå andre 41 900 000
10 320 075 00 02303 00 07901 Bybanen byggjesteg 2 138 850 000
10 320 075 00 08900 00 07901 Overf. frå andre 138 850 000
10 667 020 00 02303 00 06025 Amalie Skram vgs. 168 000 000
10 667 020 00 09100 00 06025 Bruk av lån 168 000 000
10 790 100 00 05480 00 08106 Interne finansieringstransaksjonar 41 400 000
10 790 100 00 09100 00 08106 Lån for strokne driftsmidlar 2009 41 400 000
467 250 000 467 250 000
39/10 SØKNAD OM FRITAK FRÅ VERV
Saka gjekk ut.
40/10 INNOVASJON NORGE - VAL TIL VALKOMITE OG REGIONALT STYRE
Vedtak:
1. Til regionalt styre i Innovasjon Norge oppnemner Hordaland fylkeskommune
Joril Christensen
Tom-Christer Nilsen
2. Som medlem i valkomiteen forslår fylkeskommunen
Petter Kvinge Tvedt
3. Fylkestinget finn det naturleg at fylkeskommunen har styreleiarvervet.
41/10 KJØP AV BERGEN BOMPENGESELSKAP AS - OVERTAKING AV
GARANTIAR FOR BOMPENGELÅN
Vedtak:
Hordaland fylkeskommune kjøper aksjane i Bergen Bompengeselskap AS for kr 100 000. Summen vert finansiert over fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto og fylkesrådmannen får fullmakt til å endra budsjettet for 2010 i samsvar med dette.
Fylkestinget godkjenner at Hordaland fylkeskommune overtek frå Bergen kommune sjølvskuldargaranti for lån på kr 1 750 000 000 som Bergen Bompengeselskap AS har teke opp.
Fylkestinget viser elles til innstillinga frå Byrådet i Bergen kommune i sak 322/10 Salg av aksjer i Bergen Bompengeselskap AS som ligg ved saka.
Teknisk saksprotokoll frå forrige møte manglar.