Klimaplan for Hordaland 2010-20
Utsleppa av klimagassar i Hordaland skal kuttast med 22 % innan 2020 og med 30 % innan 2030 i høve til 1991, er eit hovudmål i Klimaplanen for Hordaland 2010-20, som Hordaland fylkesting vedtok i Ulvik 8. juni 2010.
Dette punktet i klimaplanen vart vedteke mot 14 røyster (Frp).
Omfattande plan
Klimaplanen for Hordaland er ein svært omfattande plan. Den går grundig inn på sentrale aspekt ved klimautfordringane, og like eins går den grundig inn på kva handlingsrom vi har i Hordaland til å gjera noko med dei.
Vedtekne mål
Fylkestinget vedtok Klimaplan for Hordaland 2010-2020 med følgjande mål:
Klimagassutslepp:
– Utslepp av klimagassar i Hordaland skal reduserast med 22 % innan 2020 i høve til 1991
(30 % i høve til 2007) og 30 % innan 2030 i høve til 1991.
Energi:
– Energibruken skal reduserast og gjerast berekraftig gjennom effektivisering og bruk av y fornybar energi.
Klimatilpassing:
– Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal
baserast på føre-var-prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve.
To meter over havet
Ein konsekvens av klimaendringar kan verta at havnivået kan koma til å stiga. Fylkestinget ber fylkesrådmannen leggja fram ei eiga utgreiing om å innføra regel – såkalla regional planbestemming – om byggjeforbod lågare enn to meter over middelvasstand.
Statleg finansiering
Fylkestinget meiner det er behov for ekstraordinær statleg finansiering for å kunna gjennomføra
dei store klimatiltaka. Særleg på transportsektoren, med auka satsing på kollektivtransport og
utviding av bybanen er det behov for ein eiga finansieringsordning frå staten.
Klimakvotar
Fylkestinget går inn for at det vert etablert ei ordning der staten kjøper klimakvoter frå
kommunesektoren for å finansiere tiltak som gjev effekt i form av utsleppsreduksjon av CO2. Dette
vil kunna verta eit viktig tiltak for å sikra store kollektivsatsingar og vidare utbygging av Bybanen i
Bergensregionen. Ei slik ordning må etablerst snarast, og seinast innan utgangen av 2011.
Klimafond
Fylkestinget ber om at eventuell oppretting av eit fylkeskommunalt klimafond vert utgreidd.
Fylkestinget har vedteke ei lang rekkje punkt om strategiar og tiltak i klimaplanen, her er teke med nokre av dei:
Bustadbygging
Hordaland skal verta den fremste regionen innan energi og miljøriktig bustadbygging innan 2020.
Stimulera til bygging av fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde og tomter vert sette av til dette.
Personreiser
Minst 70 % av alle personreiser i bergensregionen skal i 2030 skje enten gjennom bruk av kollektivtransporten eller vera basert på bruk av fornybar energi.
Parkeringsavgift
Forslaget i klimaplanen om innføring av parkeringsavgift ved kjøpesenter, bydelssenter og i større tettstader med god kollektivdekking, vart avvist av fylkestinget med 50 mot 7 (SV, V) røyster.
Fylkeskommunen vurderer eigarskapen
i arbeidsmarknadsbedrifter
Hordaland fylkesting har vedteke å vurdera eigarskapen i dei sju arbeidsmarknadsbedriftene som fylkeskommunen har eigarskap i.
Utgreiinga, som skal skje i prosess med dei andre eigarane, skal primært ha som siktemål at fylkeskommunen går ut av verksemdene basert på endra oppgåvefordeling mellom fylkeskommunen og kommunane.
Vedtaket i fylkestinget vart gjort med 30 røyster (H, Frp, KrF). Forslaget vart sett fram i samband med at fylkestinget behandla revisjonsrapport om eigarskapskontroll av arbeidsmarknadsbedriftene.
Hordaland fylkeskommune har eigardelar i sju arbeidsmarknadsbedrifter. Dei sju bedriftene er, med fylkeskommunen sin eigardel i parentes: Nordhordland Industriservice AS (17,6 %), Sunnhordland Industri AS (16,6 %), A2G AS (tidligare Åstvedt AS9) (39,7 %), Beredt AS (100 %), Voss Bedriftsservice AS (25,5 %), Norheimsund Industrier AS (13,7 %) og Storholmen VTA AS (40,0 %).
I revisjonsrapporten er det trekt fram sju punkt det bør takast tak i. Fylkestinget ber samrøystes om at fylkesrådmannen syter for at desse tilrådingane vert følgd opp.
– konkretisere nærare strategiar og operasjonelle målsettingar med eigarskapa i arbeidsmarknadsbedriftene
– vurdere innhald i system og rutinar for oppfølging av arbeidsmarknadsbedriftene, til dømes gjennom ei strukturert handsaming av saker som skal opp på generalforsamling
– vurdere om rollar og ansvarsdeling mellom involverte avdelingar er tenlege
– vurdere å etablere fora med andre eigarar (uformelle eigarmøte) som grunnlag for ei meir tenleg eigarstyring
– skaffe seg oversyn over/dokumentera kva som er NAV sitt ansvar i forhold til arbeidsmarknadsbedriftene
Fylkestinget vedtok at det innan 1.10.2010 vert laga ein handlingsplan som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å rette opp situasjonen, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.
Andre saker:
19/10 ÅRSMELDING 2009 HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Vedtak:
Fylkestinget tek ”Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune” til orientering.
20/10 ÅRSMELDING 2009 FOR KONTROLLUTVALET
Vedtak:
Fylkestinget godkjenner årsmelding 2009 for kontrollutvalet.
21/10 EIGARSKAPSKONTROLL - ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE –
REVISJONSRAPPORT
Vedtak:
Fylkestinget ber fylkesrådmannen syta for at:
1. Fylkestinget syner til vedtak i fylkesutvalet frå 2006 om å etablera ein prosess med dei andre eigarane av arbeidsmarknadsbedriftene vedrørande struktur og eigarstrategi. Fylkestinget ber om at dette arbeidet blir iverksett, primært med sikte på at Hordaland fylkeskommune går ut av verksemdene basert på endra oppgåvefordeling mellom fylkeskommunen og kommunane.
2. Tilrådingane i punkt 7 i rapporten vert følgt opp.
3. Det vert laga ein handlingsplan innan 01.10.2010 som viser kva tiltak som skal setjast
i verk for å rette opp situasjonen, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.
22/10 FORVALTNINGSREVISJON - OPPRETTING AV SKYSS - REVISJONSRAPPORT
Vedtak:
Fylkestinget ber fylkesrådmannen syta for at:
1 Det vert utarbeidd ein plan for korleis Skyss kan innfri mål og strategiar for kollektivtransporten i Hordaland fylkeskommune. I dette ligg også organisering og bemanning i Skyss for å takla ein ordinære driftssituasjon. Utgangspunktet for dette arbeidet er vurderingane i punkt 7 i rapport ”Oppretting av Skyss”.
2 Planen vert lagt fram innan 01.12.10.