Det er Hordaland fylkeskommune som har søkt om å få gjennomføra prosjektet. Prosjektet skal gå over tre år, og har 18 partnarar frå Sverige, Tyskland, Nederland, Belgia, Storbritannia og Noreg. Både næringslivsaktørar, FoU-institusjonar, lokale og regionale styresmakter, maritime interesseorganisasjonar og nokre av dei største hamnene i Europa, er partnarar i prosjektet.
Frå Hordaland er Bergen kommune, Bergen og Omland Havnevesen, BKK og Gassnor partnarar i prosjektet, som skal leiast av Hordaland fylkeskommune.
Prosjektet «Clean North Sea Shipping» er knytt til EU sitt Nordsjøprogram. Målsettinga med prosjektet er å fremja tiltak som skal redusera luftforureining og utslepp av drivhusgassar frå skip både ved landliggje og til sjøs. Det skal skje ved å ta i bruk ny teknologi og tilby reinare energiløysingar for skipa.
Gjennom eit sterkt transnasjonalt partnarskap er målet å påverka til positiv utvikling både med omsyn til politikkutforming, implementering av vedtekne, internasjonale direktiv og regelverk, optimal utvikling og standardisering av miljøvennlege hamner rundt heile Nordsjøbassenget. Like eins å ta i bruk nye, tekniske løysingar knytt til auka bruk av miljøvennlege energikjelder som LNG og elektrisitet.
Av totalbudsjettet på ca. 35 mill. kr dekkjer EU halvparten og dei deltakande partnarane den andre halvdelen.