Stor interesse for kulturelt utviklingsprogram - KUP

Då søknadsfristen for Hordaland fylkeskommune si nye satsing ”Kulturelt utviklingsprogram”(KUP) gjekk ut 30. juni var det kome inn 63 søknader. Det har kome inn søknader frå alle delar av fylket og kulturlivet, frå søknadar om stønad til eksperimentelle s

Helge Andre Njaastad, leiar av Kultur-og ressursutvalet i Hordaland.Svært nøgd
Leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge André Njåstad, er svært nøgd med responsen på ein av hovudsatsingane til kultur- og ressursutvalet:

”Eg ser dette som ein god start på ein spanande prosess som skal gå føre seg i fleire år framover. Vi vil legge vekt på at prosjekta vi plukkar ut skal vere gode eksempel og dele erfaring med andre kulturaktørar. Vi håper at KUP kan vere med på å motivere til nye samarbeid og bidra til endå større kreativitet i kulturlivet i Hordaland.  Fylkeskommunen er opptatt av å styrkje kulturpolitikken som grunnlag for samfunnsutvikling”, seiar Njåstad.

- Eg ser dette som ein god start på ein spanande prosess, seier leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad.

Mykje kunnskap og høg kompetanse
”Kultur- og kunstlivet på Vestlandet har etablert velfungerande organisasjonar og gode faglege nettverk. Det finst mykje kunnskap og høg kompetanse blant enkeltaktørar i fylket, og at ulike aktørar innan og på tvers av felt møtast meiner vi skapar rom for gjensidig inspirasjon, kreativitet, kompetanseutvikling og kunnskapsoverføring. Vi er også opptatt av å kople frivillige tiltak med profesjonelle fagmiljø, med mål om at det frivillige skal styrkjast fagleg,  men trur at det også vil kunna flyta kunnskap og kompetanse den andre vegen”, seier Helge Andre Njåstad.

Sterk regional utviklingsaktør
Fylkeskommunen ønskjer å vera ei sterk regional utviklingsaktør på det kulturpolitiske området. Fylkestinget vedtok difor i fjor å etablere kulturelt utviklingsprogram. KUP skal styrke denne rolla og skape ein klarare profil og retning på kultursatsingar. Ambisjonen er at KUP over tid får ei ramme som er tilstrekkeleg til at dette blir eit kraftfullt verkemiddel. Det skal finansierast over satsing i fylket sitt kulturbudsjettet, overføring frå regionalt utviklingsprogram og  konsesjonskraftinntekter. Dette første året - 2010 – har KUP ei ramme på 7 millionar kroner.

Nye initiativ
Fungerande fylkeskultursjef, Ronny Skaar.”Vi ønskjer å skape nye initiativ på regionalt nivå og vil bruke kulturelt utviklingsprogram som ein reiskap for dette. Vi er difor svært nøgd med den store responsen allereie no ved første utlysing” seier fungerande fylkeskultursjef Ronny Skaar. ”Hordaland er eit sterkt kulturfylke og vi har fått gode innspel frå aktørar i kultur- og samfunnslivet i Hordaland for å utforme dette programmet. No ser vi fram til at Hordaland kan verte eit endå sterkare kulturfylke ved at fleire av desse gode aktørane spelar saman, seier Ronny Skaar.

- Vi er svært nøgd med den store responsen, seier fungerande fylkeskultursjef, Ronny Skaar.

Sterkt kunstmiljø
”Vi er glade for det sterke kunstmiljøet som finst i Bergen, og ønskjer også å leggje til rette for at fleire får høve til å møte ulike typar kunst i heile fylket. Fylkeskommunen er også opptatt av å stimulere til betre samspel mellom by og land innan alle deler av kulturlivet. Kunst- og kulturfeltet i Hordaland skal vere dynamisk, synleg og kritisk, og det offentlege har eit ansvar for å bidra til at kunstnarane og kulturaktørane har vilkår som gjer det mogleg å oppnå dette. Vi ønskjer gjennom KUP å stimulera til prosjekt som bringer fram nye perspektiv og skaper nye møteplassar mellom kunsten, kulturarven og publikum”, seier Skaar.

Fire prioriterte innsatsområde
Det er for perioden 2010 – 2011 sett opp fire prioriterte innsatsområde – alle knytt til fylkesplanen og den langsiktige kulturpolitikken for Hordaland fylkeskommune: Kunstnarleg nyskaping, samarbeid, nyskapande formidling og kompetanse. Det skal plukkast ut 1-3-årige prosjekt innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling på dette feltet. Det vil også verte gitt midlar til kortare forprosjekt, som kan utvikle seg til å verte gode kandidatar til større løyvingar når prosjektideen har vorte modna. Det vil vidare vere søknadsfristar for dette programmet to gonger årleg.

Kulturelt utviklingsprogram (KUP)

06.07.2010 09:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart