Nettstaden www.kom-an.no er ein felles inngangsportal til informasjon for folk som ønskjer å realisera draumen om å etablera eiga verksemd, eller som vil utvikla eit nytt produkt eller teneste. Portalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.
- Kom-an.no skal gjera det einklare for publikum å finna fram til relevant informasjon. Portalen skal synleggjera eksisterande tilbod og ordningar innanfor det offentlege verkemiddelapparatet. Meir enn 100 ulike institusjonar har bidrege med informasjon, sier koordinator Jon Erik Vollan i næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.
Den informasjonen du treng
For førstegongsetablerarar framstår oppgåva ofte som uoversikteleg. Dei veit ikkje korleis dei bør gå fram, eller kor dei kan få råd til å evaluera ideen. Kom-an.no vil visa dei at dei ikkje er aleine. Her vil dei kunna finna den informasjonen dei treng, saman med namnet på ein kontaktperson.
Kom-an.no er organisert slik at det skal vera lett for brukarane, uansett bakgrunn og erfaring, å søkja seg fram til den informasjonen som er relevant i akkurat deira tilfelle.
Erfarne etablerarar som veit eindel om kva institusjonar som kan vera aktuelle å henvenda seg til med spørsmål om ulike problemstillingar, vil kunna nytta portalen til å halda seg oppdatert om nye tilbod, søknadsfreistar og endringar i etablerte ordningar.
Vegvisar
Portalen fungerer som ein vegvisar til nasjonale, fylkeskommunale og kommunale ordningar.
- Sjølv om kom-an.no først og framst er meint for ”blodferske” gründerspirer, tilseier informasjonsinnhaldet at han også kan vera eit aktuelt startpunkt for kommunetilsette som søkjer informasjon om fylkeskommunale tilskotsordninar, til dømes til lokalsamfunn- og tettstadutvikling.
Kommunar og regionale samarbeidsorgan har eigne sider med informasjon om lokale tilhøve og ordningar. Entrepenørmiljø utanfor fylket som vurderer korvidt det kan vera aktuelt å flytta verksemda hit, er ei tredje målgruppe for www.kom-an.no, seier Vollan.
For meir informasjon:
sjå www.kom-an.no,
eller kontakt Jon Erik Vollan, tlf. 55239422,