Freding av Odda smelteverk

Hordaland fylkeskommune legg ut forslag til freding jf. kulturminnelova §§ 15 og 22 av Odda smelteverk. Ei freding vil ta vare på Odda smelteverk som eit teknologihistorisk, arkitekturhistorisk og kulturhistorisk eksempel på dei kraftkrevjande industrianl

Hausten 2009 vart Odda-Tyssedal ført opp saman med Rjukan på Noreg si tentative liste for verdsarv. Det er gjort politiske vedtak på lokalt og regionalt nivå som stør opp om arbeidet for å få ført opp industrikulturen i Tyssedal og Odda på verdsarvlista.  

Kalkovn 1 Odda smelteverk, Foto Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune

 

 

 

 

  

Bilete av kalkovn 1, 
Odda smelteverk.
Foto: Ann Steindal Hordaland fylkeskommune


Hordaland fylkeskommune har sendt ut framlegg om freding av delar av Odda smelteverk. Fredinga skal verke til å sikre vesentlege kulturminneverdiar og skal styrkje det unike med Odda. Fredinga vil legga til rette for å vidareføra Odda - tettstaden sitt særpreg og fremje ei langsiktig og god utvikling. Framlegget vart lagt ut på første gongs høyring med svarfrist 24. september.
Høyringsfristen er no gått ut og innkomne høyringsfråsegner er lagt til saka. Sjå lenkje under.

Riksantikvaren kan gjera endeleg vedtak i løpet av året. 

Dokument i saka kan lastast ned frå lenkjene under:

Oversendingsbrev freding Odda smelteverk.pdf

Odda Smelteverk forslag til fredingsvedtak.pdf

Odda smelteverk kart over freda bygg og anlegg juni 2010.pdf

Odda smelteverk med bygningsnr.pdf

Odda smelteverk fotokatalog.pdf

Odda Smelteverk historikk og industrihistorisk samanheng.pdf

Odda Smelteverk skildring av anlegg og enkeltbygg.pdf

Odda Smelteverk freding. Høyringsfråsegner.pdf 


Odda Smelteverk. Fredingssak til handsaming i Odda kommunestyre (oppslag 09.10.10)


For spørsmål til saka ta kontakt med Hordaland fylkeskommune ved fylkeskultursjef eller fylkeskonservator.
Telefon 55 23 91 85 (eksp.)
epost: kultur@post.hfk.no 

Publisert 05.07.10 av Jostein Aksdal, sist oppdatert 05.07.2010 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart