Ny tilskotsordning for utvikling av marine næringar

Hordaland fylkeskommune skal oppretta ei tilskotsordning med sikte på vidare utvikling av dei marine næringane i fylket, har fylkesutvalet vedteke.

I denne omgang vil samla tilskotspott vera 15 millionar kroner.

Retningsliner

Fylkeskommunen skal utarbeida retningsliner for tilskotsordninga i nært samarbeid med kommunane og næringa. Fylkesutvalet skal deretter vedta kriterium for bruk av midlane.

Fylkesutvalet ber om at ein i dialogen  med kommunane vurderer om ein mindre del av vederlaget bør overførast som direkte tilskot til vertskommunane for nye konsesjonar.

Fylkesutvalet ber også om at ein har særskilt fokus på utdanningstilbodet og rekruttering til marin sektor, samt miljøutfordringane knytt til næringa.

Vederlag

I samband med tildelinga av nye løyve til matfisk av laks og aure i 2009, har regjeringa fastsett at deler av vederlaget for desse løyva skal tilfalla fylkeskommunane som frie midlar. Hordaland fylkeskommune får med dette tilført 15 mill. kr.

Fjordområde

Mange av hovudutfordringane innan havbruksnæringa er knytte til regionar/fjordområde heller enn til
einskilde kommunar, heiter det i saksutgreiinga. Det vert skissert at tilskotsordninga primært skal rettast inn mot på følgjande typar tiltak:

- Samarbeid med kommunane eller grupper av kommunar om forvaltingsplanar for akvakultur.
- Samarbeid med havbruksnæringa for å stimulere til kunnskapsutvikling som sikrar høgare presisjon for lokalisering av nye næringar.
- Tiltak til å styrkja utdanningstilbodet og til rekruttering til marin sektor.
- Uvikla ei best muleg regional forvalting av akvakulturnæringa, og samarbeid med næringa.

Andre vedtak

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 21. jan. 2010 (pdf-fil)

Stanley Hauge 21.01.2010 15:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart