Riksantikvaren har på oppdrag frå Miljøverndepartementet lagt fram utkast til ny nasjonal verneplan for fartøy 2010-2014. Hovudmålet er å utvikle strategiar for bevaring av eit representativt utval av norske fartøy.
Fylkeskommunane har med heimel i kulturminneloven ansvaret for viktige delar av kulturminnevernet. Verneplanen for fartøy legg derimot berre opp til ei avgrensa oppgåvefordeling til regional kulturminneforvalting i fylkeskommunane.
Vil ha full delegering
Hordaland fylkeskommune er usamd med planutkastet på dette punktet og bed staten om å gå mykje lenger.
- Eit sameint fylkesutval står bak ønsket om sterk regional styring av fartøyvernet, seier fylkesordførar Torill-Selsvold Nyborg. Hordaland fylkeskommune ber difor om at planutkastet vert revidert og legg fram ein modell som tek sikte på full delegering av lovmynde og ansvar i løpet av planperioden. Det inneber at midlar frå statsbudsjettet i tråd med planen vert stilt til rådvelde for regionale folkevalde organ, seier Selsvold Nyborg.
- Fartøyvernet er ein viktig del av eit samla kulturminnevern, særleg gjeld dette langs kysten. Når ein skal utvikle ein heilskapeleg nasjonal politikk må ein inkludere ulike offentlege styresmakter, organisasjonar og frivillige. Fylkeskommunane er gode til slike koordineringsoppgåver, seier fylkesordføraren.
- Må sjå samanhengar
- Hordaland fylkeskommune ser ein særleg trong for sektorovergripande tiltak og me meiner at fartøyvernet i større grad må sjåast i samband med fylkeskommunane sitt ansvar innan museums- og
kulturfeltet, næringsutvikling og opplæring, seier Torill-Selsvold Nyborg.
- Me er særleg opptekne av det viktige arbeidet som frivillege legg ned i fartøyvernet, og meiner planen må sikre effektive ordningar for økonomisk støtte og formidling av kunnskap og kompetanse. Hordaland fylkeskommune ser store føremoner i betre samarbeid mellom offentleg forvalting, fartøyvernsentra og private, avsluttar fylkesordføraren.